Bladlus trugar salatavlingar – ei varsellampe for norsk beredskap
Salatdyrkarar og andre matprodusentar fryktar for avlinga når skadegjerarane spreier seg og dei ikkje lenger har tilgang til plantevernmiddel dei tidlegare kunne nytte. Foto: Erling Fløistad
Skadegjerarar truer norske avlingar, samtidig som viktige plantevernmiddel har forsvunne frå marknaden. Bønder manglar effektive alternativ. Det kan gi store avlingstap og svekke norsk matberedskap. Ein ny rapport frå NIBIO åtvarar om at løysingane kjem for seint.
– Vi får tilbakemeldingar frå salatdyrkarar og andre som fryktar for avlinga når skadegjerarane spreier seg utover sommaren, og dei ikkje lenger har tilgang til plantevernmiddelet dei tidlegare kunne nytte, seier forskingssjef Ingeborg Klingen ved NIBIO.
Ho er ein av forfattarane bak rapporten som peikar på eit meir overordna problem: mangelen på gode alternativ til kjemiske plantevernmiddel i norsk landbruk.
– Vi har eit mål om å redusere bruken av kjemiske middel, men vi manglar framleis gode nok løysingar innan integrert plantevern (IPV) som kan erstatte dei. Det blir veldig tydeleg i situasjonar som denne, seier Klingen.
Kan gi store avlingstap
Ifølgje rapporten er plantehelse heilt avgjerande for norsk matproduksjon. Uten effektive tiltak mot planteskadegjerarar kan avlingstap vere mellom 50 og 80 prosent i enkelte kulturar.
– Dette viser kor sårbart systemet er. Når vi manglar tiltak mot konkrete skadegjerarar, får det direkte konsekvensar for avling, økonomi og matberedskap, seier Klingen.
Sidan 2015 har Noreg følgt EU sitt direktiv for berekraftig bruk av plantevernmiddel, med mål om meir integrert plantevern og redusert kjemikaliebruk. Men over ti år etter er mange av løysingane framleis ikkje på plass.
– Det er framleis for få praktisk brukbare IPV-verktøy for dyrkarane. Samtidig ser vi at bruken av enkelte kjemiske middel aukar, ikkje går ned, seier ho.
Treng nye løysingar raskt
Rapporten peikar på fleire behov: meir forsking og utvikling av alternative metodar, betre regelverk tilpassa nye løysingar og auka kunnskap om korleis klimaendringar påverkar skadegjerarar.
– Vi må utvikle nye metodar som kan erstatte kjemiske middel. Det handlar både om plantevernprodukt med lav risiko, teknologi og betre forståing av samspelet mellom plantar, skadegjerar og miljø. Når det gjeld tilgang til plantevernmiddel med lav risiko har norske bønder færre å velje mellom enn kollegaer elles i Europa, seier Klingen.
Ho understrekar at utfordringa ikkje berre gjeld salat, men ei rekkje kulturar i norsk planteproduksjon.– Dette handlar om systemet som heilskap. Mangelen på verktøy er ikkje avgrensa til eitt skadeinsekt eller éin kultur.
Ikkje bekmørkt
Sjølv om situasjonen er krevjande, peikar rapporten også på at norsk forsking og næring har vore gode på enkelte område. Særleg innan presisjonsjordbruk og teknologi for ugraskontroll er det utvikla løysingar som reduserer bruken av plantevernmiddel betydeleg.
– Norske aktørar har vore dyktige på å utvikle teknologi som både blir brukt nasjonalt og eksportert. Dette viser at det er mogleg å få til innovasjon på området, seier Klingen.
Balansen blir vanskelegare
Samtidig som fleire kjemiske plantevernmiddel blir fasa ut av omsyn til miljø og helse, aukar behovet for alternative løysingar.
– Vi står i ein krevjande balanse: Vi skal redusere kjemikaliebruken, men samstundes sikre matproduksjonen. Då er vi heilt avhengige av å utvikle fungerande alternativ, seier Klingen.
For salatdyrkarane er behovet akutt. For landbruket som heilskap er det ein varsellampe.
– Dette viser kor viktig det er å styrkje forsking, utvikling og samarbeid mellom forskarar, rådgivarar og næring. Elles risikerer vi fleire slike «hol» i plantevernet framover, avsluttar ho.
KONTAKTPERSON
Ny rapport om plantehelse
Rapport: Kunnskapsstatus og -behov innan plantehelse i norsk jord- og hagebruk (2019–2026) https://doi.org/10.21350/dh3r-db04
Oppdragsgiver: Landbruksdirektoratet
Utført av: NIBIO i samarbeid med Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI), Mattilsynet, Norsk Landbruksrådgiving (NLR) og dyrkere (Fokusgrupper).
Bakgrunn: Bestilt etter semje i jordbruksoppgjeret 2025 om behov for oppdatert kunnskap
Innhald: Kunnskapsstatus for god plantehelse, effektivt plantevern og alternativ til kjemiske plantevernmidlar
Avgrensing: Omfattar skadegjerarar og planteverntiltak i jord- og hagebruk i Noreg
Formål: Å styrkje kunnskapsgrunnlaget for tiltak, forvaltning og vidare utvikling av berekraftig plantevern
KONTAKTPERSON
Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.
Publikasjoner
Forfattere
Wiktoria Kaczmarek-Derda Trygve S. Aamlid Ingerd Skow Hofgaard Tatsiana Espevig Khaled Murad Agha Anette Sundbye Zahra Bitarafan Kirsten Tørresen Heidi Udnes Aamot Andrea Ficke Gunda Thöming Annette Folkedal Schjøll Håvard Eikemo Anne Muola Therese With Berge Belachew Asalf Tadesse Jorunn Børve Arne Stensvand Nina Trandem Gunnhild Jaastad Bjørn Arild Hatteland Katherine Ann Gredvig Nielsen Nina Johansen Charles Kwadha Inger Sundheim Fløistad Martin Pettersson Zhibo Hamborg Carl Jonas Jorge Spetz Dag-Ragnar Blystad Özgün Candan Onarman Umu Marit Skuterud Vennatrø Jan Philip Øyen Solveig Haukeland Tor-Einar Skog Roger Holten Anne Straumfors Valborg Kvakkestad Line Ulberg Tveiten Ingrid FlatlandSammendrag
I Jordbruksoppgjøret 2025 (Prp. 149 S (2024 – 2025)) ble det enighet om at kunnskapsstatus og -behov innen plantehelseområdet fra 2019 måtte oppdateres. Det er gjort i form av denne rapporten. Den bestilte utredningen er avgrenset til skadegjørere og planteverntiltak som er relevante for jord- og hagebruk. Utredingen tar for seg kunnskap, prosjekter og kunnskapshull siden 2019 og fram til i dag (2026). Kapittel 1 omtaler metodebruk og plantevern i et beredskapsperspektiv. Kapittel 2.1-2.8 omhandler status for utfordringer med skadegjørere og tilgang til planteverntiltak for alle aktuelle plantekulturer for ugras, skadedyr og sopp. Kapittel 2.9 gir en oversikt over godkjente og utgåtte plantevernmidler siden 2019. Kapittel 2.10 omhandler skadegjørere hvor kjemiske plantevernmidler er i begrenset bruk. Det vil si virus, bakterier og nematoder. Kapittel 3 tar for seg ny teknologi og innovative metoder for integrert plantevern og faktorer som påvirker bruken av disse. Kapittel 4 omhandler miljø- og helseeffekter knyttet til bruk av kjemiske plantevernmidler, hvilke plantekulturer som utgjør størst risiko for negative miljøeffekter og faktorer som reduserer helserisikoen. Kapittel 5 tar for seg næringens behov og utviklingstrekk knyttet til kunnskap, rådgivning og tiltak. Dette kapittelet ser også på årsaker til eventuelle endringer i bruk av og behov for plantevernmidler som følge av for eksempel miljøkrav.