Samson Øpstad

Forsker

(+47) 406 21 871
samson.opstad@nibio.no

Sted
Fureneset

Besøksadresse
Fure, 6967 Hellevik i fjaler

Sammendrag

The abundance of Juncus effusus (soft rush) and Juncus conglomeratus (compact rush) has increased in coastal grasslands in Norway over recent decades, and their spread has coincided with increased precipitation in the region. Especially in water‐saturated, peaty soils, it appears from field observations that productive grasses cannot compete effectively with such rapidly growing rush plants. In autumn–winters of 2012–2013 and 2013–2014, a four‐factor, randomised block greenhouse experiment was performed to investigate the effect of different soil moisture regimes and organic matter contents on competition between these rush species and smooth meadow‐grass (Poa pratensis). The rush species were grown in monoculture and in competition with the meadow‐grass, using the equivalent of full and half the recommended seed rate for the latter. After about three months, above‐ and below‐ground dry matter was measured. J. effusus had more vigorous growth, producing on average 23–40% greater biomass in both fractions than J. conglomeratus. The competitive ability of both rush species declined with decreasing soil moisture; at the lowest levels of soil moisture, growth reductions were up to 93% in J. conglomeratus and 74% in J. effusus. Increasing water level in peat–sand mixture decreased competivitiveness of meadow‐grass, while pure peat, when moist, completely impeded its below‐ground development. These results show that control of rush plants through management may only be achieved if basic soil limitations have been resolved.

Sammendrag

En økning i karbonlagring i landbruksjord er angitt som et viktig klimatiltak både internasjonalt og i Norge. Tiltaket er godt begrunnet: Jorden inneholder to til tre ganger så mye karbon som atmosfæren, noe som innebærer at relative små endringer i innhold av karbon i jord kan ha betydelige effekter på CO2-innholdet i atmosfæren og det globale klimaet. Det er godt dokumentert at intensive jordbruksmetoder har ført til en reduksjon i jordkarbon og derfor ønskes det en reversering av denne trenden (dvs. økt karbonbinding i jord), som tiltak både for klima og matproduksjon. I denne rapporten er det gjort vurderinger av hvordan dette kan gjøres i Norge og hvilken klimaeffekt som kan oppnås...

Til dokument

Sammendrag

Gammalnorsk sau er eit vanleg husdyrslag i kystlyngheia. Mange har gammalnorsk sau i utegangardrift der tilhøva ligg til rette for dette, særleg langs kysten på Vestlandet og nordover. Kunnskap om kva sauen beiter gjennom året, og om kvaliteten på dei enkelte beita er viktig når ein skal tilpasse dyretalet til beitegrunnlaget.

Til dokument

Sammendrag

Lyngsviing er ei viktig skjøtselsform for å legge til rette for gode beiteforhold i kystlyngheia. Kunnskap om kva slags artar som veks fram etter sviing og kor fort desse artane kjem tilbake, er viktig for å få god bruk av beita og eit godt husdyrhald over tid. Undersøkingar frå norske kystlyngheier syner at vegetasjonen kjem raskare tilbake etter lyngsviing i sør enn i nord. Det bør derfor sviast hyppigare i sør enn i nord.

Til dokument

Sammendrag

Kystlynghei er eit kulturlandskap som i dag er på raudlista over norske naturtypar. Ein av dei største trugslane er opphøyr av tradisjonell beitebruk og lyngsviing, og ein har i dag fleire lyngheier i dårleg hevd. Interessa for kystlynghei er aukande, men er det mogeleg å gjere gamle kystlyngheier om til gode beiteområder igjen?

Sammendrag

Lyssiv (Jûncus effûsus L.) og knappsiv (Jûncus conglomerâtus L.) har vorte eit svært synleg ugras dei siste tiåra. Auken har vore mest synleg i kystområda og litt innover i landet. Siv er lett synleg i ekstensivt driven eng og beite, og det er i aukande grad også eit problem i yngre eng i tilsynelatande god drift. Dette fagheftet er ei samling artiklar om siv som er publisert i Bondevennen frå oktober 2016 til juni 2017. Artiklane byggjer på resultat frå forskingsprosjektet “Siv – eit aukande ugrasproblem i eng og beite”. Landbruksdirektoratet har løyvt midlar til denne formidlingsdelen, som i tillegg til serien med fagartiklar omfatta markdagar og fagmøte. Prosjektet “Siv – eit aukande ugrasproblem i eng og beite” (2009-2015) hadde som mål å greia ut veksemåten til lyssiv og knappsiv for å finna målretta tiltak for å kontrollera den stadig aukande utbreiinga av siv på Vestlandet. Prosjektet skulle skaffa fram ny kunnskap om veksemåten til lyssiv og knappsiv som grunnlag for råd om mekaniske og kjemiske tiltak. I tillegg skulle ein sjå på korleis jordtilhøve og dreneringstilstand, agronomi og klimaendringar påverkar overleving og konkurransetilhøve. Prosjektet var finansiert av Norges Forskningsråd (Fondsmidlar forskingsavgift i landbruket), og FMLA i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Prosjektet var eit samarbeid mellom NIBIO med einingane NIBIO Fureneset og NIBIO Plantehelse, Norsk Landbruksrådgiving Rogaland, Norsk Landbruksrådgiving Vest og Norsk Sau og Geit. NIBIO var prosjekteigar. Medverkande i formidlingsprosjektet har vore fagfolk frå NIBIO Avd. Fôr og husdyr (Fureneset, Fjaler, Sogn og Fjordane) og Avd. Skadedyr og ugras (Ås, Akershus), Norsk Landbruksrådgiving Rogaland, Norsk Landbruksrådgiving Vest og NMBU, Fakultet for miljøvitenskap og naturforvaltning (Ås). Målet er at dette heftet, med ei samla oversikt over det me veit om siv i dag, gir grunnlag for praktiske tiltak i kampen mot siv i tradisjonell og økologisk drift. Kunnskapen gir også grunnlag for rettleiingsteneste og forvalting til å målretta råd og tiltak

Sammendrag

Det er ein føresetnad for god plantevekst at ein raskt får bort overskotsvatn frå jordbruksareal, og at grunnvassnivået i jorda over tid ikkje vert ståande for høgt. Plantene treng tilstrekkeleg med luft i jorda og god luftveksling for at ein skal få djup og god rotutvikling, god nytteverknad av tilført plantenæring og eit høgt avlingsnivå. Over lengre tid har det vore lagt for lite vekt på å halda ved like dreneringstilstanden og jordkapitalen i Noreg. Det er difor behov for ein auka innsats på drenering, både som utbetring der det er vassjuk jord og som jamnleg vedlikehald og fornying av dreneringstilstanden.

Til dokument

Sammendrag

I denne rapporten er det gjeve ei vurdering av kva framskriving av klimaendringane med auka nedbør og temperatur kan få å seia for landbruket på Vestlandet. Det er lagt hovudvekt på å omtala situasjonen for grovfôrdyrking då det saman med grovfôrbasert husdyrhald er tyngde-punktet i vestnorsk landbruk. Betring av dreneringstilstand er viktig då meir nedbør og moderne jordbruksdrift set større krav til dreneringstilstanden.Dreneringstilstand verkar sterkt inn på arealproduktiviteten.Ved-likehald av jordkapitalen har vore for lite vektlagt over tid, og det er eit etterslep som må takast att. Overvintring av engvokstrar er vist til både som viktig utfordring i dag sett i samanheng med klima og driftsmåte, og at det er ei utfordring å skaffa klimatilpassa plantemateriale framover. Gjødslingspraksis må både ut frå agronomiske- og miljømessige grunnar leggjast opp slik at ein unngår spreiing av husdyrgjødsel seint i veksetida, for å auka N- og P-utnyttinga og redusera tap til vatn og luft. Dette vil innebera at ein del må utvida lagerkapasiteten for husdyrgjødsel. Frukt og bærproduksjon er svært klimaavhengig. Auka frekvens av vind vert vurdert som utfordrande, ikkje minst økonomisk. Meir nedbør er utfordrande m.o.t. meir sjukdom og bakteriosar. Sterk vind, kombinert med vassmetta jord, fører til meir vindfall i skog. Dette er økonomisk, fagleg og i ressurssamanheng utfordrande for ei ung næring. Auka nedbørsmengde og nedbørintensitet er tilhøve som gjer at fare for flaum og skred må vurderast grundigare i ulike samanhengar, noko som vedkjem landbruket m.o.t. dimensjonering av drenering, avlaup, stikkrenner og sikring mot graving og erosjon. Verksemd som skogsvegbygging må ta meir omsyn til auka vassføring, og med fare for erosjon, flaum og skred. Det å dimensjonera for auka vassføring og førebyggja mot flaum og skred, gjeld og for andre samfunnssektorar.

Sammendrag

Ved planlegging av dreneringstiltak på myr, både tradisjonelle tiltak som kanalar og grøfter, men òg tiltak som profilering og omgraving eller ein kombinasjon av desse, krevst det førebuande arbeid på feltet. For å sikra tilfredsstillande avlaup for vatnet, må ein berekna sannsynleg myrsøkking og ta omsyn til det. Vellukka drift av myrjord på lengre sikt krev særskild omtanke. Eigne gjerningar verkar sterkt inn på jordfysisk tilstand og avlingsnivå.

Sammendrag

Tap av nitrogen med grøfte- og overflatevatn frå eng er særleg påverka av nedbørsmengde, tidspunkt for spreiing av gjødsel, jordart, kor sterkt det er gjødsla og driftsmåte elles. Kva gjødselslag som er nytta, hysdyrgjødsel eller handelsgjødsel, synest i mindre grad å verka inn.

Sammendrag

Med auka fokus på grovfôrkvalitet og ein lengre vekstsesong, er ei godt drenert jord viktig for at bonden raskast råd kan koma ut på jordet, både om våren for jordarbeiding og gjødsling og for å hausta i vekstsesongen.

Til dokument

Sammendrag

Dette notatet er ein del av prosjektet «Feral sheep in coastal heaths – developing a sustainable local industry in vulnerable cultural landscapes» som er gjennomført av Bioforsk i samarbeid med fleire andre institusjonar, mellom andre NILF. Formålet med notatet er å gje ei oversikt over økonomien i drift med utegåande sauer i kystlynghei og korleis ein kan auke lønsemd og verdiskaping for å bidra til å ta vare på denne naturtypen. Notatet tek opp to hovudspørsmål: • Korleis er økonomien i drift med utegåande sau i kystlynghei, og kva er dei viktigaste faktorane som bestemmer lønsemda? • Korleis kan ein auke verdiskapinga i denne drifsforma? Notatet skal • gje ei kort historisk oversikt over bruken av kystlyngheiane • gje ei oversikt over utegangardrift med gamal norsk sau (villsauhaldet) slik den er no • gje ei oversikt over kva villsauhaldet har å seie økonomisk • omtale av ordningar og tiltak som det offentlege har sett i verk for å ta vare på kystlyngheiane • drøfte tiltak for å styrkje næringsutvikling i villsaudrift og foredling av villsauprodukt.

Sammendrag

Før ein set i gang med omattgrøfting, må ein finna kva som er feil med det gamle grøfteanlegget. Vedlikehald kan lengja levetida til eit grøftesystem. På areal utsett for rustutfelling må det utførast spyling av grøfterøyra for å unngå tiltetting. Opne kanalar må reinskast for å sikra godt avlaup og at grunnvatnet ikkje vert ståande for høgt.

Sammendrag

Overvintring i eng vert bestemt av klimaet, jorda og dreneringstilstanden på veksestaden, og plantene si genetiske tilpassing til klimaet. Overvintringsevna vert også påverka av drifta, m.a. nitrogengjødsling, tal slåttar og tidspunkt for slått, stubbehøgde og jordpakking.

Sammendrag

For å undersøke langtidsvirkning av ensidig grovfôrproduksjon ved langvarig eng i ulikt omløp, ble det anlagt feltforsøk på tre steder; Særheim (1968), Fureneset (1974) og Svanhovd (1969). Målet var å sammenligne ulike driftssystemer (beiting/slått og langvarig eng/eng i omløp) med hensyn til avling, kvalitet, botanisk sammensetning og jordtilstand. Forsøkene har vært gjennomført helt fram til i dag. Et utvalg har vurdert hvordan det foreliggende datamateriale kan publiseres, og om forsøksserien bør videreføres. Utvalget har estimert ressursbehovet for avsluttende publisering og for nødvendige tilleggsundersøkelser.

Til dokument

Sammendrag

Hovudmålsetjinga med prosjektet ”Kostar hjorten meir enn han smakar?” er å utvikle metodar for å berekne inntekter og utgifter som hjorten representerer for den enkelte grunneigar, og samla innafor eit avgrensa område (storvald). Som referansevald for berekningar av nytte- og kostnadsverdi har ein nytta Eikås storvald i Jølster kommune. I valdet vart skadeomfanget etter beiting av hjort berekna på all innmark og all granskog i hogstklasse III og IV, samt furu i hkl II. Verdien på ein foreining grovfôr vart relatert til prisen på kraftfôr med eit fråtrekk for sparte haustekostnadar, og fastsett til 2,28 kr. Når ein la denne prisen til grunn vart avlingstapet berekna til 109 kr pr daa i snitt for all innmark i valdet. I desse berekningane har ein teke omsyn til kostnadar knytt til auka behov for engfornying og ein har teke omsyn til at beiting i attleggsåret gir eit avlingstap som vert akkumulert i dei etterfølgjande engåra. Resultatet for skog synte at dei årlege kostnadane på gran i hkl III og IV i snitt var kr 26,60 pr daa og på furu kr 2,80 pr daa, når ein legg til grunn veksetida fram til kulminasjon og hogst. Desse resultata er først og framt gyldige for Eikåsvaldet med dei tilhøva ein finn der i høve til bestandstettleik av hjort, arealfordeling og korleis jord- og skogbruk vert praktisert ved dyrking av eng og skjøtsel av skog, mellom anna så er truleg resultatet frå furu noko lågt på grunn av underoptimalt tretal i dei takserte bestanda. Det samla skadeomfanget i valdet vart samanstilt med inntektene generert gjennom jakt og utleige av jaktløyve. Dette ga eit knapt overskot for valdet på 33 839 kr pr år.

Sammendrag

Husdyrgjødsel er ein viktig ressurs på mange gardsbruk. Etter år med høge handelsgjødselprisar har den relative verdien av husdyrgjødsel auka. Dette gjer til at det er god økonomi i å unytte husdyrgjødselen best mogeleg. Til eng er spreiing av husdyrgjødsel om våren det som gjev best verknad. Då oppnår ein også bra etterverknad i gjenveksten. Hausten er dårlegaste tida for spreiing av blautgjødsel og gylle på eng. I denne artikkelen vil me sjå på kva lovverk som gjeld for spreiing av husdyrgjødsel og korleis ein kan få best mogeleg verknad av den.

Sammendrag

Utegangarsauen av gamal norrøn rase (Ovis brachyura) er nøysam og tilpassa heilårsbeiting i kystlynghei. Sauen beiter allsidig. Variasjonen i fòrtilgang gjennom året avteiknar seg i produksjon og levandevekt hjå utegangarsauen.

Sammendrag

Etter 1950 har det skjedd store endringar i landbruket, og mange tradisjonelle og ekstensive driftsformer har fått mindre omfang eller gått ut av bruk. Når beitebruken i område med kystlynghei fell bort, opphøyrer også sviing og andre skjøtselstiltak. I Noreg har ein klart å ta vare på ein gammal husdyrrase, norrøn stuttrompa sau (Ovis aries), i dei ytre kyststroka. Sauen er nøysam og godt tilpassa heilårsbeiting. Han er korthala, lettbygd og høgføtt, og finst i fleire fargevariantar. Denne sauen dominerte sauehaldet i Noreg til siste halvdel på 1800-talet.

Sammendrag

Forsøk med tilførsle av kalium i økologisk engdyrking på torv- og mineraljord syner at det er svært viktig at ta omsyn til jordtype i tillegg til verdiar av syreløyseleg-K, når trong for ekstra kaliumtilførsle skal vurderast. Hjå engvokstrane våre er kalium (K) det plantenæringsstoffet som krevst i størst mengde ved sida av nitrogen (N). Torv og moldjord er frå naturen si side fattig på kalium. Mineraljord syner større variasjon med omsyn til innhald av K. Kjennskap til jordarten ein driv på er såleis viktig for å sikre god avling, og bevare ynskjeleg plantesetnad i enga.

Sammendrag

I perioden 1999-2008 har det i regi av Bioforsk Vest Fureneset vore lagt ut fem forsøksfelt på ulike jordartar med moderat kaliuminnhald. Målet med forsøka har vore å klarleggje trongen for ekstra kaliumtilførsle ved økologisk produksjon av grovfôr på jordtypar med avgrensa K-forsyning. Resultata frå torvjord på Vestlandet syner at det er trong for årleg K-tilførsel utover det som vert tilført i 3t gylle om ein skal halde oppe god avling og plantesetnad. Mineraljord har svært ulik evne til å frigje kalium. Jord med høge verdiar av syreløyseleg-K (K-HNO3) frigjev kalium (K). Jord rik på mørk glimmer (biotitt) som i område med fyllitt grunn har særskilt god evne til å frigje K sjølv om K-HNO3 verdien er moderat. Felta med mineralske jordartar syner at forsyningsevna av kalium er betre på denne jordtypen trass i moderate måleverdiar for K-HNO3, og ein kan her vente at forsyninga frå jord og gjødsel er tilstrekkeleg til å dekke K-trongen til engvokstrane

Sammendrag

Med utgangspunkt i større nedbørsmengder og høgre temperatur enn normalt hausten-vinteren 2006-2007, drøftar artikkelen kor mykje nitrogen som er tapt med grøfte- og overflateavrenning på Vestlandet. Høg temperatur fører til større mineralisering av organisk bunde nitrogen i humusmateriale (mold) og husdyrgjødsel. Det vert tilrådd å gjødsla med 1-1,5 kg nitrogen meir pr dekar enn det ein normal gjødselplan legg opp til.

Sammendrag

Jordart og vérlag har svært mykje å seia for kor godt vilkåra ligg til rette for økologisk engdyrking. Jordarten er avgjerande både for jordfysiske - og jordkjemiske tilhøve, og såleis også for korleis ein maktar å halda oppe næringsforsyninga og avlingsnivået over tid. Eit godt innslag av kløver i enga er viktig for avlingsnivået og avlingskvaliteten ved økologisk drift. Det er difor viktig å få etablert ei eng med stor del kløver i attleggsåret, og å halda oppe ein høg andel kløver utover i engåra.

Sammendrag

Jordart og vérlag har svært mykje å seia for kor godt vilkåra ligg til rette for økologisk engdyrking. Jordarten er avgjerande både for jordfysiske- og jordkjemiske tilhøve, og såleis også for korleis ein maktar å halda oppe næringsforsyninga og avlingsnivået over tid. Eit godt innslag av kløver i enga er viktig for avlingsnivået og avlingskvaliteten ved økologisk drift. Det er difor viktig å få etablert ei eng med stor del kløver i attleggsåret, og å halda oppe ein høg andel kløver utover i engåra.

Sammendrag

I Jølster er det gjort registreringar for å talfeste verditap etter borkgnag av hjort i ung skog. Hjort gjer skade på ung gran ved å gnage bork. Dei fleste skadar kjem i samband med sterke snøfall og langvarig snødekke, og/eller lengre periodar med låg temperatur som gjer at hjorten søkjer næring der han oppheld seg og med bruk av minst mogeleg energi. Registrerte skadde tre i dei undersøkte bestanda varierte frå 25% til 62%.

Sammendrag

Å ta vare på og skjøtta kulturlandskapet vert i dag peika på som ei av målsetjingane i landbrukspolitikken. Situasjonen er at mykje av dei tungdrivne jordbruksareala ikkje lenger vert nytta til slått- og beiteland. Mindre beitebruk i utmark er eit anna trekk ved utviklinga. Resultata av desse endringane er at områda gradvis gror til med kratt og skog. Kulturminna som oftast står i samanheng med kulturlandskapet, misser dermed noko av det som bind desse saman til ein heilskap. Mange av områda med helleristingar i Noreg ligg i jordbruksområde eller nær inntil. Noko av skjøtselstrategien er å hindra overgang frå eit ope grasdekt område til eit busk- og tresett område med lyng og einer som botnvegetasjon. Lyngvegetasjon verkar til at jordsmonnet vert surare, og dermed meir aggressivt i vitringssamanheng. Kalking motverkar slik utvikling. Oppbygging av meir biomasse i form av treaktig vegetasjon aukar fåren for skade som ein lauseld kan valda. Skjøtting av området med slått der det ligg til rette for det, eller beiting med småfé, står fram som tenleg i skjøtselsamanheng.

Sammendrag

Skadar av hjort på granskog har vorte eit problem for mange skogeigarar. Skadeomfanget viser store lokale variasjonar. " Kvifor øydelegg han skogen min medan skogen til naboen får stå i fred, undrar mange skogeigarar. Store ressursar står på spel, og kostnadene hjorten påfører skogbruket er skeivt fordelt i forhold til inntektene hjorten gir.

Sammendrag

Talet på gardsbruk med aktiv drift har i lengre tid gått mykje ned, og dette har vore ei politisk styrt utvikling. Der graset no vert ståande uhausta og bygningar står tomme, får vi eit landskapsbilete prega av forfall.

Sammendrag

Jordsmonnet er grunnlaget for livet på landjorda, og den viktigaste ressursen for landbruket. Det er veksestaden for dei plantene vi nyttar til mat, fôr og fiber, det er levestad for eit uttal organismar, eit historisk arkiv, kjelde til masse- og grunnvassuttak, byggegrunn og reinseverk. Då må vi ha lov til å stilla oss spørsmål om vi tek godt nok vare på eins slik livsviktig ressurs. Driv vi jordbruksareala på ein måte som tekgodt nok omsyn til jordsmonnet og kva som skal til for at det skal vera gode vilkår for planteproduksjon og god nyttegrad av den plantenæringa som vert tilført. Desse spørsmåla må sjåast i samanheng med at vi har bak oss nokre tiår der det har vore tært på jordkapitalen og gjort lite for å halda vedlike og betra dreneringstilstanden.

Sammendrag

Den store hjortestamma på Vestlandet er ein viktig utmarksressurs som representerer store verdiar for grunneigarar i form av kjøt, jaktutleige og rekreasjon. Samstudes utøvar hjorten skadepress på innmark og skog, noko som gjer at reknestykket vert betydeleg meir komplisert. Resultata så langt syner at hjorten preferer eng med høgt innhald av timotei. Dette er den kvalitativt beste og økonomisk mest verdifulle enga, og hjorten vil ved si beiting endre artsamansettinga i desse engstykka. Dette påfører gardbrukarane ein økonomisk kostnad i form av avlingstap og forringa forkvalitet. Samstundes syner resultata òg at det er svært stor variasjon i skadeomfanget mellom gardbrukarane.

Sammendrag

I Jølster er det gjort registreringar for å talfeste verditap etter borkgnag av hjort i ung skog. Hjort gjer skade på ung gran ved å gnage bork. Dei fleste skadar kjem i samband med sterke snøfall og langvarig snødekke, og/eller lengre periodar med låg temperatur som gjer at hjorten søkjer næring der han oppheld seg og med bruk av minst mogeleg energi.

Sammendrag

Statistikk over slaktevekter hjå Gilde Norsk Kjøt syner at det er regionale forskjellar i slaktevektene av utegangarsau. Lamma på Vestlandet har lågast slaktevekter, og det er også i denne regionen ein finn flest slakt under 8,0 kg. Eit casestudie frå Lindås kommune syner at lam på Tangane (Lygra) har både lågare lammevekter og koboltverdiar enn det ein finn på naboøya Lurekalven. Kobolttilførsle til lam på Tangane har gitt høgare verdiar av vitamin B12 og totalprotein, og har auka levandevektene og slaktevektene til lamma. Generelt sett er det ei målsetting å få slaktevekter over 9 kg, slik at ein får utbetalt pristillegga slakteria har. Lam som er under grensa slakteria set, vert oftast teke i retur, eller kjem i ordinær klasse, og vert dermed vesentleg dårlegare betalt. Større slaktevekter hjå lam av utegangarsau gir fleire moglegheiter innan produktforedling av kjøtet.

Sammendrag

Cultivation and utilisation of peat soil are connected with several problems related to its high water content, weak soil skeleton, low bearing capacity, poor thermal properties and insufficient soil aeration. The problems have become even more pronounced with the increasing weight of agricultural machinery and more frequent harvesting. Also, peat soil is prone to sinking and disruption by frost. Reduced infiltration makes the most productive grass loose in the competition with other inferior types of grass and weeds. During the period 1978"1995, a long-term field trial was conducted on highly decomposed peat soil in order to investigate the impact of adding mineral materials to improve soil characteristics and increase grass yield. Generally, addition of both shell sand and moraine soil improved the physical properties of the soil and grass production. The first nine years, shell sand (400 m3 ha-1) was most efficient. Thereafter, moraine soil (400 and 800 m3 ha-1) seemed most beneficial. This study indicates that additions of shell sand or moraine soil to peat are appropriate methods to improve and conserve the physical properties and cropping potential of these vulnerable soils.

Sammendrag

Myrjord har svak struktur, høgt vassinnhold, dårleg luftutveksling og dårlege termiske egegskapar og er ikkje optimal til landbruksformål. Tilførsel av skjellsand og morene jord har betra myrjorda sine  egenskaper og resultert i betre gras avlingar.

Sammendrag

I Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal er det nedgang i jordbruksarealet siste 5-årsperioden (2000-2004). Nedgangen har vore markert størst i Hordaland, der om lag 9 % av jordbruksarealet er gått ut av drift. Talet på storfe og sau har også gått markert ned i same perioden, og sterkast i Hordaland. Det er mogelegvis einast gjennom eit ekstensivt driftsopplegg som også omfattar beitebruk på innmark at det kan vere realistisk å halde oppe drifta og skjøtselen av areal som elles vil gå ut av bruk, og etter kvart verte gjenstand for ei tilfeldig eller styrt attgroing.

Sammendrag

Gjødsling med kompostert sauetalle der ein har brukt lauvflis, kveitehalm eller ei blanding av desse som strø har gitt engavlingar på linje med rein sauegjødsel i økologisk drift, medan bruk av sagmo (bartre) som strø har gitt lågare avlingar. Blandingseng gras og kløver har gitt større avlingar, høgare proteininnhald, lågare fiberinnhald (2. slått) og lågare fôreiningskonsentrasjon enn rein graseng. Ved første slått var likevel proteininnhaldet lågt i blandingsenga. For å oppnå tilfredsstillande fôreiningskonsentrasjon (0,85-0,90) og ikkje redusere proteininnhaldet ytterlegare kan ikkje slåttetidspunktet for ei blandingseng i økologisk drift setjast ut mange dagar etter at timotei (dominerande grasart) skyt.

Sammendrag

Å motverke skadeleg jordpakking er ei viktig oppgåve i arbeidet med å utvikle eit effektivt og miljøvenleg landbruk. Kor mykje toler jorda på Vestlandet? Klima og jordart påverkar toleevna. Auka innsats når det gjeld drenering, avgrensing av maskinvekter, og utvikling av hjul og dekk med stor bereflate, er døme på viktige tiltak. Forsøk i andre landsdelar eller andre land, med anna jord eller klima, kan ikkje utan vidare overførast til Vestlandet.

Sammendrag

In this study heather of different ages varied only slightly for in vitro DM digestibility (1-2.5 %-units) and in situ degradability (1-3.5 %-units), which was highest for the youngest heather stands. Plant samples revealed the highest digestibility and degradability values in summer (June) and lowest values in winter (March). Grass values were always higher than heather (4-20 %-units), except in winter. Differences in grass values varied significantly between the winter and summer samples (25-30 %-units). Heather differences, however, remained relatively constant (10 %-units). Heather contained a high proportion of estimated indigestible DM; 47 and 55 % for summer and winter samples, respectively. Crude protein content of heather varied only slightly between sampling times, and was almost half the CP content of grass.

Sammendrag

Drift av myrjord krev skånsam behandling av jorda. Køyring på våt og kald jord vil alltid vere skadeleg. På beresvak jord er vi avhengig av at planterøtene dannar den armeringa som er naudsynt for at traktor med reiskap skal flyte. Jordpakking er skadeleg for plantesetnaden, jordfysiske forhold og verkar negativt på avlingsmengd. Ein bør følgjeleg satse på mest mogeleg varig eng, og i regelen nøye seg med to slåttar. På myrjord må ein tenkje på at aksellasta skal vere minst mogeleg og at hjulutrustninga skal vere god. Tilfredstillande drenering er naudsynt for å kunne drive myrareala rasjonelt.

Sammendrag

Bruk av lauvflis som strø i sauetalle gir om lag same gjødselverknad som bruk av kveitehalm, medan sagmo av bartre har tendens til å gje dårlegare verknad. I blandingseng av kløver og gras er avlinga rundt 54% større enn i den reine grasenga i første engåret i eit økologisk dyrkingsopplegg. Det vart registrert lågt proteininnhald i avlinga i første slått både i rein graseng og i blandingseng gras/kløver. Dette vitnar om at nitrogenforsyninga til plantene er knapp. I andre slått, då det er vesentleg meir kløver i blandingsenga, er proteininnhaldet i avlinga høgare og PBV positiv. Eit godt innslag av kløver i enga er avgjerande både for avlingsnivå og proteininnhald i avlinga.

Sammendrag

I Bergens Museums Aarbok 1922-23 er det ei grundig utgreiing av Olaf Ingebrigtsen om "Hjortens utbredelse i Norge". Utbreiingsområdet til hjorten på Vestlandet har auka sterkt etter andre verdskrigen. Fellingsstatistikken gjev peikepinn på utviklinga. Frå fyrst på 90-talet var det sterk auke i hjortestamma og tal felte dyr. Stor hjortestamme medfører stort skadepress på innmarksareal og skog, som gjer at ein står overfor utfordringar i forvaltinga av hjort.

Sammendrag

Innhaldet av berekna nettoenergi i lauv (tørka blad) av alm og rogn tilsvarar energiverdien i godt høy og surfôr av middels kvalitet (0,85 FEm pr kg. tørrstoff). Nettoenergiverdien i lauvfôr (lauv og opphakka greiner) låg betydeleg lågare (0,40-0,45 FEm pr kg. tørrstoff), men lauvfôr av alm kom i ei mellomstiling (0,60 FEm pr kg tørstoff). Proteinverdien i lauv og lauvfôr varierer mykje, alt etter lauvslag og innslag av treflis i lauvfôret. Lauv, og delvis lauvfôr, har eit relativt høgt innhald av kalsium, magnesium, sink og kobolt, og kan vera gode kjelder for desse minerala.

Sammendrag

Bruk av lauvflis som strø i sauetalle gir om lag same gjødselverknad som bruk av kveitehalm, medan sagmo frå bartre har tendens til å gje dårlegare verknad. I blandingseng av kløver og gras er avlinga rundt 54 %  høgare enn i den reine grasenga. Dette er nokre av resultata så langt frå utprøvingsfelta med kompostert sauegjødsel i Aurland

Sammendrag

Tre felt på næringsfattig torvjord viste ca 30% avlingsnedgang i femte engåret ved økologisk engdyrking. Forsøksfelt på meir næringsrike jordartar klarte i større grad å oppretthelda avlingsnivået og også halda høgre avlingsnivå. Planteanalysar viste lågt kalium- og nitrogeninnhald, og tilleggsgjødsling av kalium og nitrogen gav stor avlingsauke samanlikna med husdyrgjødsel åleine.

Sammendrag

Innsåing av gras- og kløverfrø med direktesåmaskin i eksisterande eng kan betre plantesetnaden og auke avlinga. I forsøk på Vestlandet er det funne gode resultat av direktesåing av fleirårig raigras og raudkløver. Best resultat vert det i ung eng. I gammal eng domert av villgrasartar og ugras, og med tjukk grassvor, vert ofte tilslaget av direktesåing dårleg.

Sammendrag

Arbeidet med det vi har kalla "Prosjekt kystlam" kom i gong fordi sauebønder og rettleiarar ønskjer å finne svar på kvifor tilveksten hjå lam i ein del område på kysten av Sogn og Fjordane stagnerer utover sommaren, og at vektene på lamma såleis er mindre enn elles i fylket. Initiativet til prosjektet kjem frå lokale sau- og geitalslag og einskilde bønder.Forsøksringane i Ytre Fjordane, Ytre Sogn og Planteforsk Fureneset fagsenter prøver no å undersøkje kvifor ein har dårleg tilvekst på mykje av lamma på kysten. Konkret orienterer vi oss mot mangel på essensielle mineral, med hovudvekt på kobolt, molybden, selen og kopar

Sammendrag

Innefôringssesongen 2000-2001 går mot slutten. Det er tid for å evaluera. Korleis var grovfôrkvaliteten, grovfôropptaket, mjølkeytinga, proteinprosenten i mjølka? Gjekk alt etter planen, eller er det ting som burde vore gjort annleis? Med grunnlag i ein del materiale frå år 2000, underbygd av generell kunnskap, vil vi særleg fokusera på kva slåttetidspunktet har å seia for grovfôrkvaliteten.Slåttetidspunktet er den einskildfaktoren som i sterkast grad påverkar grovfôrkvaliteten

Sammendrag

Dette er eit utdrag frå ein artikkel med same tittel i Sau og Geit nr. 2-2000. Planteforsk Fureneset fagsenter har i samarbeid med fleire andre, studert vilkåra for villsau som beiter året rundt i kystlynghei. Tilveksten hos lamma er størst på vår og forsommar. Dyr som går på eit grasdominert beite synest å ha ein høgare tilvekst enn dyr som går på eit lyngdominert beite, særleg gjeld dette vår og haust. Gjennom vinteren taper dyra kroppsvekt, men dette ser ikkje ut til å vere noko problem for dyra. Blodverdiane hos villsauen avvik ikkje noko særleg frå det ein finn hos vinterfora sau i eit vanleg driftsopplegg. Gjødselprøver frå eit utvalg av dyr, viser at parasittar kan vere eit problem.

Sammendrag

Results are given for yield and clover content from field trials on two sites in Norway. Good DM-yields were obtained on well decayed peat still in the 4th harvest year. On coastal peat soil with a high degree of humification a big reduction in DM-yield was revealed due to nutrient deficiency.

Sammendrag

Verknad av sein haustspreiing, tidleg og sein vårspreiing av fast småfegjødsel på eng. Gjødselverdi, avlingsmengde og fôrkvalitet

Sammendrag

Økologisk engdyrking på næringsfattig torvjord viste markert avlingsnedgang etter andre angår. Gjødsling med 4 tonn gylle om våren kvart år gav avlingsauke. Det vart ikkje avlingstap ved å tilføra all næringa om våren jamført med delt gjødsling.

Sammendrag

I artikkelen samanliknar ein økologisk engdyrking på næringsrik (Mæresmyra, Trøndelag) og næringsfattig (Fureneset, Sogn og Fjordane) torvjord.

Sammendrag

I forsøk på næringsfattig torvjord (myr) har gjødsling med gylle alt frå første engår positiv verknad på mengd kløver. Kløverinnhaldet i prosent av samla tørrstoffinnhald gjekk ned med alderen på enga. Årleg gjødsling med 6 kg kalium i tillegg til gylle verka positivt på kløverinnhaldet i enga.

Sammendrag

Artikkelen omtalar korleis ulik undergrunn gir opphav til jordart av ulik kvalitet, som ulike typar torvjord og mineraljord. Samanhengen mellom jordstruktur, rotutvikling, næringsforsyning og plantevekst vert drøfta.

Sammendrag

Historia om jordbruksdrifta på Tviberg kan framleis lesast godt ut av landskapet, sjølv om kulturlandskapet har endra seg etter at øya vart fråflytta i 1976. Med beiting og sviing på tradisjonell måte kan utmarksareala haldast i hevd. På innmarksarealet som vert svakt gjødsla må det setjast inn skjøtseltiltak i tillegg til beiting for å hindra framgang for sølvbunke og tiltakande tuedanning. I sørvendt liside veks m. a. kusymre, eik og kristtorn, indikatorartar for godt lokalklima og jordsmonn

Sammendrag

Villsauproduksjonen er ei driftsform som nyttar marginale beiteressursar. Villsauhald er ein god måte å skjøtta kystlyngheiane, kombinert med flekkvis sviing av aldrande lyng. Forholdet mellom lyng og gras påverkar slaktvekt og vektendring gjennom vinteren

Sammendrag

Innblanding av 20, 40 og 80 m3 /daa med skjellsand og morenejord i brenntorvmyr ga auka avlinger i eit langvarig forsøk på Furenestet fagsenter. Undersøkingar i 94 og 95 viste at tilføring av begge typar materiale, gav noko auka jordtemperatur i veksetida, auka penetrometer motstand og auka infiltrasjon. Det vart i 1995 påvist auka materialtettleik, mindre nyttbart vatn og redusert porevolum ved tilførsel av skjellsand eller undergrunnsjord.