Siri Svendgård-Stokke

Avdelingsleder

(+47) 478 14 011
siri.svendgard-stokke@nibio.no

Sted
Ås - Bygg O43

Besøksadresse
Oluf Thesens vei 43, 1433 Ås (Varelevering: Elizabeth Stephansens vei 21)

Sammendrag

Rapporten er utarbeidd på oppdrag frå Bjørnafjorden landbrukskontor. Den omtalar jordkartlegging, jordvern, utvikling i jordbruksareal, beredskap, sjølvforsyning og verkemiddel for å stimulere busetjing på gardsbruk og i grisgrente område. Jordkartlegginga dekker berre ein liten del av jordbruksareala i dei tre kommunane. Det vert derfor tilrådd dialog med Statsforvaltaren i Vestland om vidare prioritering av jordkartlegging. Det er gjort ei evaluering av arealrekneskap og jordvernindeks utarbeidd av Bjørnafjorden landbrukskontor. Vidare er det vist at jordbruksareal nær tettstader har stor verdi både for grovfôrproduksjon, potetproduksjon og lokal matberedskap. Rapporten peikar på tiltak for å styrkje busettinga. Buplikt, nedsett konsesjonsgrense og aktiv konsesjonsbehandling kan bidra, men må kombinerast med kartlegging, dialog, praktisk tilrettelegging, ressursar og politisk forankring.