Åsmund Mikalsen Kvifte

Forsker

(+47) 954 71 247
asmund.kvifte@nibio.no

Sted
Fureneset

Besøksadresse
Furenesvegen 210, 6967 Hellevik i Fjaler

Sammendrag

Meir nedbør og færre dagar med opphaldsvêr i vekstsesongen gjer det vanskeleg å hauste enga til rett tid utan pakkingsskader på jorda. I prosjektet GrassRobotics undersøkte vi korleis hausting med lettvektsrobot påverka avling, kvalitet, haustevindauge, jordpakking og rot:skot-forhold samanlikna med traktor og rundballepresse. Dette vart testa i feltforsøk på NIBIO Fureneset i åra 2018 til 2021. Tre nivå av pakking/hausteregime (Utan pakking, Robot, Standard) var lagt ut på storruter i eit faktorielt forsøk med split-plot design med tre gjentak, og to typar engfrøblandingar (Vestland, Bladgras) var testa på småruter innanfor storrutene. Behandlinga på storrutene var ei blanding mellom pakking og hausteregime der Standard hadde tre slåttar og tre overkøyringar med traktor og rundballepresse etter slåttane per år, og Robot hadde fem slåttar og fem overkøyringar med robot per år. Robot med fem slåttar gav lågare tørrstoff- og fôreiningsavling enn Standard med tre slåttar. Grovfôret i Robot hadde høgre energiverdi enn i Standard. Det var ingen effekt av frøblanding på avling og kvalitet. Engavlinga heldt seg stabilt høg i alle tre engåra både i Robot og Standard. Den femte slåtten i Robot, med veksetid frå slutten av august til slutten av september, gav svært lita avling og vil ikkje vere realistisk å utføre i praksis. Grasveksten avtek i september truleg på grunn av låg solinnstråling. Med standard hausteutstyr ville ein i to av dei tre engåra fått problem med å hauste på tørr nok jord utan fare for jordpakking. Alle åra var jorda for våt frå starten av september og utover, og hausting med tradisjonelt hausteutstyr bør skje før dette. Ein lett robot kan brukast kort tid etter nedbør, men for å unngå regn under hausting må kapasiteten tilpassast at ein mange år har få dagar utan nedbør i vekstsesongen. Motstanden i jord frå 5 cm jorddjupne og nedover var lågare etter bruk av robot enn etter bruk av standard hausteutstyr, noko som tyder på at robothausting reduserer jordpakkinga. Vi fann ikkje skilnad i jordtettleik, luftkapasitet eller luftpermeabilitet mellom Robot og Standard. Det var ikkje skilnad i nitrogenavling mellom dei to haustesystema.

Sammendrag

Rapporten er utarbeidet på oppdrag for Miljødirektoratet. Den gir en oversikt over kunnskapsgrunnlag for mulige tiltak for å redusere utslipp av klimagasser fra drenert organisk jordbruksjord i Norge, både ved restaurering og ved fortsatt jordbruksdrift. Vurdering av egnete arealer for tiltak, muligheter for bokføring i det nasjonale klimagassregnskapet, positive og negative effekter av tiltakene inngår også.

Sammendrag

Sandjord har lite kationebytekapasitet og lite lagerkapasitet for næringsstoff som kalium. Kalium er mellom anna viktig i innvintringa, og ei ekstra kalium-gjødsling om hausten kan derfor i teorien hjelpe enga å klare seg gjennom vinteren. Dersom me gjødsla med 6 kg ekstra kalium ut over gjødselplan, anten før eller etter sisteslått, fekk me ikkje sikker meiravling i førsteslåtten til 13 feltforsøk på sandjord med låg syreløyseleg kalium. Me har ikkje funne effekt av kaliumgjødsel til eng på sandjord seint i sesongen. Årsaka til dette resultatet botnar truleg i at kaliumforsyninga til engvekstane har vore tilstrekkeleg med gjødsling etter gjødselplanen.

Sammendrag

Nok grovfôr av rett kvalitet er avgjerande for å lukkast i mjølkeproduksjon. På Fureneset testar dei no ut om tidlegare gjødsling og tidlegare slått kan vera med å bidra til meir grovfôr med høg fôrkvalitet. I denne episoda snakkar vi med Håvard Steinshavn og Åsmund Mikalsen Kvifte, som begge er forskarar i Nibio

Sammendrag

More than 2/3rds of Norway’s agricultural area are grassland, and more than half of it is over 5 years old. Renewing old grassland increases annual yield but causes yield loss during renewal. Parts of the increased yield is due to replacement of low-productive species with high production species and cultivars, replacing biodiversity with productivity. Finding the optimal rate of renewal requires long term experiments to compare the sustainability of different strategies. Therefore, three field experiments were established to investigate the effect of difference renewal and harvest strategies on grass yield and quality, on similar mineral soil at Særheim (58.5°N, 5.6°E) in 1968 and Fureneset (61.3°N,5.0°E) in 1974, and on peat soil at Svanhovd (69.5°N,30.0°E) in 1968. Until 1991, the experiment included non-renewed treatments, and renewal every 3rd or 6th year. It was cut either two or three times a year, with autumn grazing on parts of the two-cut regime. The experiment was simplified in 1992, with the establishment of another non-renewed treatment, all treatments being cut 3 times a year (2 at Svanhovd), no grazing but contrasting slurry and compound fertilizer applications. This phase lasted until 2011, followed by period with no renewal and minimal registration. The third phase started in 2016, with renewal of all treatments at Fureneset and Særheim, except the permanent grassland from 1968/1974. Duration between renewals was doubled, and fertilizer applications revised. Presenting results from the third phase, we show that five to six years are required to recoup and significantly over-yield the non-renewed grassland. We will use soil chemical and physical properties, fertilizer application and yield gaps as well as ecological succession from sown seed mixture in 2017 till 2022 grassland to discuss the why we needed six years for all renewed treatments to over-yield permanent grassland from 1974.

Til dokument

Sammendrag

NIBIO, avdeling Fôr og husdyr, har i samarbeid med Norsk landbruksrådgiving (NLR) testa sortar av strandsvingel (Kora og Swaj) og engsvingel (Vestar) i blanding med timotei (Liljeros). Desse frøblandingane vart samanlikna med reinbestand av strandsvingel (Kora og Swaj), engsvingel (Vestar), timotei (Grindstad og Liljeros) og bladfaks (Leif). Strandsvingel er aktuell som erstattar for engsvingel i frøblandingar m.a. på grunn av sjukdomsangrep i gjenveksten i engsvingel. Dei fireårige felta vart etablerte i 2017 og 2018 i Sør-Noreg, Trøndelag og i Nordland, frå havnivå til 720 m.o.h. Ved to slåttar gav timotei og bladfaks generelt høgre tørrstoffavling enn strandsvingel, men strandsvingel overvintra og produserte godt også under desse forholda. Ved tre slåttar og lengre vekstsesong gav strandsvingel høgre avling enn timotei, mykje på grunn av stor gjenvekstevne i strandsvingel og tilsvarande liten i timotei. Skilnadar i fôrkvalitet var i stor grad styrt av slåttetidspunktet, spesielt i førsteslåtten, og med små skilnader mellom dei testa artane og sortane. Resultata tilseier at det er relevant å byta ut engsvingel med strandsvingel i vanleg nytta frøblandingar, både på grunn av høgt avlingsnivå samanlikna med engsvingel, og at strandsvingel er varig under svært ulike dyrkingsforhold. Forsøksserien er gjennomført som del av Rettleiingsprøving.

Sammendrag

In Norway, the effect of drainage on grassland yields has received little attention for decades. Low level of drainage may be a reason for low grassland production. Therefore, a drainage experiment was established in a western Norwegian ley, on a sandy silt soil with a high capacity for water storage. The plots had six and twelve meters drain spacing, as well as undrained. There were two or three cuts, and fertilization of 190 or 290 kg N yr-1 ha-1. Drainage intensity gave a small significant increase in yield. N loss in drainage water increased with drainage intensity. The yield increase is likely too small to justify drainage, but the intervention might still be worthwhile due to increased N efficiency and a more manageable risk of compaction. A precise quantification of the hydrological effects is hard due to inherent soil variability.

Sammendrag

In Norway, the effect of drainage on grassland yields has received little attention for decades. Low levels of drainage may be a reason for low grassland production. Therefore, a drainage experiment was established in a western Norwegian ley, on a sandy silt soil with a high capacity for water storage. The plots had six- and twelve-metres drain spacing, as well as an undrained treatment. For each drainage treatment there were two or three cuts per year, and fertilization of 190 or 290 kg N yr-1 ha-1. Drainage intensity gave a small significant increase in yield. N loss in drainage water increased with drainage intensity. The small herbage yield increase is unlikely by itself to justify drainage, but the drainage installation might still be worthwhile due to increased N efficiency and a more manageable risk of compaction. Precise quantification of the hydrological effects is hard to make due to the inherent soil variability.

Sammendrag

Klimaendringar gir lenger vekstsesong, meir nedbør i store deler av året, fleire tørkeepisodar, meir intense nedbørsperiodar og flaum og endra vinterforhold. Dette påverkar planteproduksjonen og behov for tilpassing i ulike produksjonar og klimasoner. Dette faktaarket handlar om strategiar for klimatilpassing for grovfôrdyrking på Vestlandet.

Sammendrag

5. desember er den internasjonale jord-dagen. Det er viktig å setja pris på jorda under føtene våre, for ho hjelper oss med mykje. Jorda er opphavet til nesten all maten til menneskeslekta, motverkar flaum og turke og lagrar karbon. Samstundes er det over jord me byggjer hus og vegar, skulebygg og næringsområde. Då vert der motstridande omsyn å taka.

Sammendrag

For å finna ut om tidleg gjødsling med nitrogen og svovel kan hjelpa med auka vårvekst i timoteidominert eng, har NIBIO avdeling Fôr og husdyr i samarbeid med NLR testa fem ulike gjødslingsstrategiar: Det var tidleg gjødsling mot normal, og to ulike nivå av delt gjødsling mellom både tidleg og normal. I alt had de me 29 eittårige felt frå Setesdal og Dalane i sør og til Helgeland i nord. Ein tidlegare gjødsling gav som regel ei litt større avling, kanskje 6-7 %, utan at dette gjekk på kostnad av kvaliteten

Project image

Divisjon for miljø og naturressurser

Næringsstoff balanserer og brukseffektivitet for Timebekken nedbørfelt


Grasbasert husdyrproduksjon er viktig for økonomien i Rogaland, men bekymringene øker over jordas næringsoverskudd som bidrar til forringet vannkvalitet i nedstrøms vannforekomster. I dette prosjektet skal vi forbedre forståelsen av næringsbalanser og brukseffektivitet i Rogaland ved å måle gressavling, næringsinnhold i gress og totalt næringsstoff-fjerning gjennom avlingsregistrering og næringsstoffanalyser i 15 representative felt over to år i Timebekken nedbørfelt. Avlingsdataene vil bli analysert sammen med jorddata og gjødseldata som er samlet inn fra JOVA-overvåkingsprogrammet for foretaket.

Aktiv Sist oppdatert: 12.04.2024
Slutt: des 2025
Start: jan 2024
Project image

Divisjon for miljø og naturressurser

Nutrient balances and use efficiencies for the Timebekken catchment


Grass-based livestock production is important for economy in Rogaland, but concerns are increasingover soil nutrient surplus that contribute to degraded water quality in downstream water bodies. Inthis project, we will improve the understanding of nutrient balances and use efficiencies in Rogalandby measuring grass yield, nutrient contents in grass and total nutrient removal through cropregistration and nutrient analyses in 15 representative fields over two years in the Timebekkencatchment.

Aktiv Sist oppdatert: 12.04.2024
Slutt: des 2025
Start: jan 2024
Project image

Divisjon for miljø og naturressurser

Klima- og miljøvennlig bruk av husdyrgjødsel


Det er behov for å oppdatere kunnskapen om utnytting og tap av nitrogen og fosfor fra husdyrgjødsel for å bistå myndigheter og jordbruksnæringa i oppfylling av klima- og miljømål. Det er stort fokus på bruken av fosfor, fosforinnhold i jord og avrenning til vassdrag i forbindelse med revidering av gjødselforskriften. Spredetidspunkt og spredemetode for husdyrgjødsel, samt total mengde brukt gjødsel er viktige forhold som spiller inn på tapet. Redusert fordamping av ammoniakk og avrenning av nitrogen reduserer indirekte lystgasstap fra husdyrgjødsel, men også direkte- og indirekte lystgassutslipp gjennom redusert bruk av mineralgjødsel.Prosjektet omfatter en litteratursammenstilling og feltmålinger for å måle utnytting av næringsstoffer ved ulike spredetidspunkter for husdyrgjødsel i ulike landsdeler. I prosjektet vil det bli gjort feltmålinger på effekten av ulike spredetidspunkt på utnyttelse av nitrogen og fosfor til plantevekst. Feltmålingene vil bli utført i Rogaland, Vestland og Trøndelag fylke.

Aktiv Sist oppdatert: 08.02.2024
Slutt: des 2024
Start: jan 2022
Project image

Divisjon for miljø og naturressurser

Climate- and environmentally friendly use of animal manure


There is a need to update knowledge about the utilization and loss of nitrogen and phosphorus from livestock manure in order to assist the authorities and the agricultural industry in meeting climate and environmental targets. There is a major focus on the use of phosphorus, phosphorus content in soil and runoff to waterways in connection with the revision of the fertilizer regulations. The time and method of spreading livestock manure, as well as the total amount of manure used, are important factors that influence the loss. Reduced ammonia volatilization and runoff of nitrogen reduces indirect nitrous oxide losses from livestock manure, but also direct and indirect nitrous oxide emissions through reduced use of mineral fertiliser. The project includes a literature compilation and field measurements to measure the utilization of nutrients at different spreading times for livestock manure in different parts of the country. In the project, field measurements will be made on the effect of different spreading times on the utilization of nitrogen and phosphorus for plant growth. The field measurements are carried out in Rogaland, Vestland and Trøndelag county.

Aktiv Sist oppdatert: 12.04.2024
Slutt: des 2024
Start: jan 2022