Sammendrag

Produksjon, omsetning og forbruk av eple har endra seg mykje over tid. Forbruk av eple har vore fallande, medan produksjonen av norske eple har auka. I denne rapporten er det sett på utvikling i produksjon og marknad for norske eple og kva strategiar som er nytta for å auke norsk produksjon av eple. Det er også tatt med resultat frå ulike forskingstema i Greenroad-prosjektet som omfattar eple for å nå det overordna målet om auka produksjon og forbruk av norske eple.