
AR5
AR5 er eit detaljert arealressurskart tilpassa målestokk 1:1000 og oppover, og viser arealressursane med vekt på produksjonsgrunnlaget for jord- og skogbruk. Det er eit detaljert, nasjonalt heildekkande datasett, der landareal er delt inn etter arealtype, skogbonitet, treslag og grunnforhold.
Jordbruksarealet er delt i arealtypane fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite. Skog er ein eigen arealtype, og er delt inn etter treslag og skogbonitet. Resten av arealet er delt i arealtypane myr, åpen fastmark, bebygd, samferdsel, snø/isbre, ferskvann og hav.
Uproduktive område og område over tregrensa mangler dekning i AR5. Desse er registrert med arealtypen ikkje kartlagt i datasettet.
Datasettet bygger på AR5 klassifikasjonssystem, og gjev ei inndeling av landarealet i flater som har eit sett av verdiar for eigenskapane arealtype, skogbonitet, treslag og grunnforhold. Hovudinndelinga er arealtype, som er basert på kriterium for vegetasjon og kulturpåverknad. Det er tilstanden på areala som ligg til grunn for klassifiseringa, og ikkje bruken av areala.
AR5 er basert på markslag i økonomisk kartverk, som vart kartlagt tidsrommet 1960-1990, og fyrste versjon av datasettet vart avleda frå digitalt markslagskart (DMK) i 2008.
AR5 er eit Geovekst-datasett, og inngår i Felles KartdataBase (FKB) saman med andre detaljerte kartdata. Ansvar for ajourhald er regulert gjennom avtalar i Geovekst-samarbeidet. Kommunane har ansvar for kontinuerleg ajourhald av kartet, som skal omfatte alle typar endringar av markslaget som kommunen får kjennskap til gjennom sine forvaltningsoppgåver. NIBIO har det faglege ansvaret for AR5, og utfører periodisk ajourhald av datasettet, der kartet vert oppdatert mot nye flybilder. Dette vert gjort med ca. 5-8 års mellomrom, etter avtalar gjennom Geovekst.
Bruksområde
Kartet dekker i hovudsak behov innan arealplanlegging, landbruksforvaltning, landbruksproduksjon og lovforvaltning. AR5 er ein del av det offentlege kartgrunnlaget (DOK), og eit sentralt grunnlag for gårdskart og jordregister.
Tjenester
Kilden
Kilden er NIBIOs hovedkartløsning. Her er alle instituttets data samlet på ett sted sammen med et utvalg andre sentrale, nasjonale datasett.
Mer informasjon Til tjenestenGardskart
Kart som gir arealtall for søkt landbrukseigedom.
Mer informasjon Til tjenestenNedlasting av kartdata
Last ned kartfiler for bruk i egne kartprogram.
Mer informasjon Til tjenestenWMS-tjenester
WMS-tjenestene (Web Map Service) kan brukes til å implementere våre karttjenester i egne løsninger.
Mer informasjonPublikasjoner
Forfattere
Ingrid TengeSammendrag
AR5 er et heldekkende, nasjonalt kart som beskriver arealressursene ut fra produksjonsgrunnlaget for jord- og skogbruk. Kartet skal primært dekke behov innen arealplanlegging, landbruksforvaltning, landbruksproduksjon og lovforvaltning. AR5 er en del av det offentlige kartgrunnlaget og et viktig grunnlag for gårdskart.