Hopp til hovedinnholdet

Arealtype myr

Arealtype myr

Arealtype myr i AR5 vist med opplysningar om torvdybde frå digitalt markslagskart (DMK).

Kartlaget Arealtype myr viser alt areal som er registrert som myr i AR5. Opplysningar om torvdybde er lagt på for dei myrene der vi har det, resten er vist som myr med ukjent dybde. Grunn myr har mindre enn 100 cm torvlag, medan djup myr har meir enn 100 cm. Opplysningane om torvdybde er henta frå digitalt markslagskart (DMK).

Arealtype myr kan vere åpen eller tresatt. I kartlaga Markslag (AR5) 7 og -13 klasser er myr med skog gruppert etter skogbonitet og vist saman med skog. Men i kartlaget Arealtype myr er areala vist som myr, uavhengig av om dei er tresatt eller ikkje.

Djup myr Arealtype myr, med mer enn 100 cm torvlag
Grunn myr Arealtype myr, med mindre enn 100 cm torvlag
Ukjent dybde Arealtype myr, uten opplysninger om dybde fra DMK
Ikke kartlagt Andre arealtyper enn myr

Forbodet mot nydyrking av myr gjeld for areal som er definert som arealtype myr i AR5.

Myr i AR5

I AR5 er myr definert som «areal med myrvegetasjon og minst 30 cm tjukt torvlag».

Hovudregelen er at areal blir klassifisert som myr etter ei samla vurdering av vegetasjonen, torvlaget og dei naturlege dreneringsforholda på staden. Desse faktorane må sjåast i samanheng. Ei vurdering som til dømes berre bygger på vegetasjonen eller tjukkleiken på torvlaget kan verte misvisande.

Generelt gjeld kravet til myr at torvlaget skal vere minst 30 cm. Ein kan finne areal med myrvegetasjon som har tynnare torvlag. Dette gjeld særleg i høgareliggande område og i hellande terreng langs kysten. I slike tilfelle kan ein vike av frå kravet om torvlag på minst 30 cm.

Med myrvegetasjon meiner ein til dømes mosar, myrull-, starr- og sivartar, bjønnskjegg, soldogg og molte.

Areal med skog og minst 30 cm torvlag, men som ikkje har preg av myr i overflata, har arealtype skog, og er ikkje vist i dette kartlaget. Desse areala kallar vi torvmark, og er ikkje omfatta av forbodet mot nydyrking av myr. 

Nyttbar myr

Under kartlegging av markslag i økonomisk kartverk vart det på myr og torvmark som vart rekna som nyttbar til oppdyrking og/eller skogproduksjon registrert torvdybde, vegetasjon og omdanningsgrad. Opplysningane vart registrert på kartet med ein eigen symbolserie, kalla «myrkosten».

Myr og torvmark som ikkje vart rekna som nyttbar til jord- eller skogbruk har ikkje informasjon om torvdybde, vegetasjon og omdanningsgrad, og er ikkje vist i desse kartlaga. Myr som allerede var dyrka opp ved registrering har heller ikkje slik informasjon.

For å sjå alle opplysningane om myr og torvmark som vart registrert i økonomisk kartverk, viser vi til kartlaga under «Myrinformasjon (DMK)»

Kilden
Myr_ geir-harald strand.jpg
Arealtype myr i AR5 er definert som «areal med myrvegetasjon og minst 30 cm tjukt torvlag». Foto: Geir-Harald Strand