Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2007

Sammendrag

Denne artikkelen har fokus på bruk av høge plasttunnnelar som eit planteverntiltak ved økologisk dyrking av frukt og bær. Ved god klimastyring i plasttunnelar vil problemet med fleire viktige soppsjukdomar kunna reduserast sterkt. Det kan verta større problem med skadedyr, men klimaet i plasttunnelar er gjerne meir optimalt for nyttedyr enn på friland.

Sammendrag

Økologisk landbruk er eit satsingsområde for norske styresmakter, offentleg forvalting og for fleire næringsaktørar. Etterspurnaden etter og omsetting av økologiske varer har auka sterkt dei siste åra. Tilhøva ligg til rette for auka produksjon av økologisk frukt og bær, likevel er produksjonen liten.

Sammendrag

Det er eit stort forbetringspotensial i norsk plommeproduksjon og omsetning dersom ein kan hausta og marknadsføra meir einsarta plommeparti. Dette krev at dyrkarane har ei felles forståing av rett haustetid, og at ein med maskinell sortering kan sikra einsarta parti av plommer med klårt definerte kvalitetseigenskapar.

Sammendrag

Nyperoser har vært utnyttet i naturalhusholdningen i generasjoner. Siden de må stå åpent for å utvikle gode nyper, finnes de gjerne på beiter der husdyrene har latt de tornefulle vekstene stå urørt, på skredjord, åkerkanter og lignende. Nyper kan danne tette kratt og flere arter er vanlige i Norge. En av de mest utbredte er kjøttnype (Rosa dumalis), som modner i september. Dette er kanskje den mest aktuelle arten for domestisering av nyper og maskinell høsting. Nyper smaker godt og er verdifulle som kilde til vitamin C, andre antioksidanter og diverse biologiske innholdsstoffer. I Norge har nypene ikke tatt veien fra beite til dyrket mark på samme måte som for eksempel i Danmark og Sverige, men det er vel bare fantasien og viljen i veien for at ikke også vi nordmenn skal ta denne ressursen i bruk som kulturplante.

Sammendrag

Mange gardbrukarar har lagt ned eller er i ferd med å leggje ned gardsdrifta i kystbygdene på Vestlandet, og dermed aukar tilgangen på ledig innmarksareal. Utfordringa er korleis desse areala kan haldast i drift, og dessutan korleis eventuelle areal som har vore ute av produksjon, kan takast i bruk att. I eit samarbeidsprosjekt mellom Bioforsk Vest Fureneset og Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (NILF) har ein sett nærmare på korleis slike areal kan nyttast i eit arealekstensivt driftsopplegg. For å ta vare på jordbruksareal og kulturlandskap i landsdelen er det nødvendig å oppretthalde tal beitedyr. Satsing på ekstensiv drift med kjøtproduksjon på sau og storfe, kan vere eit viktig middel for å oppnå desse målsetjingane.

Sammendrag

Kystlyngheiane utgjer ein karakteristisk del av det ytre kystlandskapet. I dag finn ein berre ti prosent av det opphavlege kystlyngheiarealet. Ein del av vår felles europeiske kulturarv, med særeigne biologiske og kulturhistoriske verdiar, er i ferd med å gro att.

Sammendrag

Kulturlandskapet i fjordbygdene på Vestlandet er formet av det jordbruket som drives langs fjordene. Flyfoto viser tydelige endringer i landskapet, marginale arealer gror til med busker og trær, men også bakkeplanering, spesialisering og nye dyrkingsteknikker setter tydelige spor i landskapet.