Publikasjoner
NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.
2007
Sammendrag
Det er ikke registrert sammendrag
Sammendrag
Kvitkløver egnar seg godt i slåtteng også under norske tilhøve. Avlingsnivået var på høgde med raudkløvereng. Samla over to forsøksår gav kvitkløvergrassurfôr eit høgare dagleg opptak av tørrstoff og råprotein enn raudkløvergrassurfôr, men effekten av kløverart på dei fleste produksjonsparametrane var liten. Raudkløvergrassurfôr gav mjølk med gunstigare feittsyresamansetjing og mjølk med mye høgare innhald av isoflavon ("kløverplanteøstrogen"), uansett kraftfôrnivå, enn kvitkløvergrassurfôr. Særleg var innhaldet av equol høgt. Av planteøstrogena, er det equol ein trur verkar preventivt t.d. mot bryst- og prostatakreft.
Forfattere
Samson Øpstad Liv Østrem Inger NordengenSammendrag
Jordart og vérlag har svært mykje å seia for kor godt vilkåra ligg til rette for økologisk engdyrking. Jordarten er avgjerande både for jordfysiske- og jordkjemiske tilhøve, og såleis også for korleis ein maktar å halda oppe næringsforsyninga og avlingsnivået over tid. Eit godt innslag av kløver i enga er viktig for avlingsnivået og avlingskvaliteten ved økologisk drift. Det er difor viktig å få etablert ei eng med stor del kløver i attleggsåret, og å halda oppe ein høg andel kløver utover i engåra.
Forfattere
Arve Arstein Tor LunnanSammendrag
Det er ikke registrert sammendrag
Forfattere
Gustav FystroSammendrag
Gjødslingsnorma for fosfor (P) til eng er redusert. Ein reduksjon på nær 0,5 kg P/daa og år blir konsekvensen av å følgje den nye norma. Det er også til vurdering eit nytt system for korrigering ut frå P-status i jord, der det på jord med høge P-AL-verdiar vil bli tilrådd ytterlegare redusert P-gjødsling.
Sammendrag
I eng på Stjørdal, i Valdres og på Ås vart tre mengder N-gjødsel gitt frå gjødselslag med og utan svovel. I to av felta fekk ein avlingsrespons på S-tilføring. S-innhaldet i avlinga, både der ho var dominert av gras og der ho inneheldt mykje kløver, vart høgare med enn utan S i gjødsla. Som følgje av det, vart N:S-forholdet også påverka av type gjødsel. I kor stor grad ein kan, og kor viktig det er å nå standard normer for N:S-forhold i fôr til drøvtyggarar i fenologisk yngre og meir nitrogenrikt plantemateriale, står att å sjå.
Forfattere
Liv ØstremSammendrag
Det er ikke registrert sammendrag
Sammendrag
Eng av raigras (Lolium perenne L.) og kvitkløver (Trifolium repens L.) er samanlikna med timotei (Phleum pratense L.)/engsvingel (Festuca pratensis L.)/raudkløver (Trifolium pratense L.) på Særheim, Jæren, og eng av engrapp (Poa pratensis L.) og kvitkløver er samanlikna med timotei/engsvingel/raudkløver på Løken i Valdres ved ulike haustesystem og ved to nivå av N-gjødsling (12 og 24 kg N/daa og sesong). På Særheim heldt dei sådde artane seg godt og det vart lite ugras i enga. Det var små forskjellar i avling mellom engtypane på Særheim, men raigrasenga gav litt meir enn timoteienga ved intensive haustesystem. Raigrasenga hadde høgare jamt over fôrverdi enn timoteienga og kom totalt sett best ut i intensive system med høg fôrkvalitet. På Løken gav timoteienga størst avling første engåret, medan engrappenga gav vel så mykje som timotei ved intensive haustesystem andre- og tredje engåret. Timoteienga på Løken vart sterkt tynna ut ved intensive haustesystem. Her vart enga etter ei tid dominert av raudkløver og løvetann, medan graset greidde seg bra i eit toslåttssystem. Engrapp etablerer seg seint og gav tynn eng med mykje ugras første året, men bestanden tetta seg bra til og det var lite ugras andre- og tredje året. Mjøldogg er eit problem i engrapp. Det var små forskjellar i kvalitet mellom engtypane. Forsøka stadfester at timotei toler hyppig hausting dårlegare enn raigras og engrapp. For å halde god bestand av timotei ser det ut til anten første- eller andreslåtten bør haustast ved stor avling og moderat energiverdi. Ved tidleg førsteslått utgjer førsteslåtten ein moderat del av årsavlinga, og ein bør da leggje større vekt på kvaliteten av andre- og tredjeslåtten.
Forfattere
Marit JørgensenSammendrag
Den botaniske sammensetningen påvirker fôrkvalitet og avlingsnivå i eng. Varig eng med allsidig sammensetning av gras og urter kan ha like høy fôrkvalitet som intensivt drevet raigraseng. Under Vestlandsforhold var imidlertid avlingsnivået høyere i eng dominert av timotei. Samtidig påvirker både plantebestanden, gjødsling og omlegging jordsmonnet. Eng som ikke pløyes akkumulerer mer organisk material enn eng som er i omløp.
Sammendrag
Blandingsenger med timotei, engsvingel og raudkløver har vorte slått på ulikt utviklingstrinn i førsteslått og seinare etter ulik lang gjenvekst før andre- og tredjeslått over tre år. Seine førsteslåttar gav ikkje alltid timoteidominans. Sein andreslått eller berre to slåttar i sesongen såg ut til å vere like viktige føresetnader for ein høg timoteiandel. Det såg også ut til at førsteslåttar tatt ved stengelstrekking ikkje medfører meir stress for timoteien enn det slåttar tatt ved begynnande skyting gjer. Kvaliteten på gjenveksten målt som innhald av fôreiningar og ufordøyeleg NDF, var dårlegare for timoteien enn for engsvingelen ved alle andreslåttane og tredjeslåttane, og skilnadene vart stor i seine andreslåttar. Kvaliteten i tidlege førsteslåttar var omtrent lik for dei to artane.