Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2005

Sammendrag

Ut frå behov for ein kontinuerleg og presis skala for fenologisk utvikling hos grovfôrvekstar, har vi prøvd ut ein metode som reknar ut numeriske gjennomsnittsverdiar på basis av klassifiseringar av fleire enkeltskudd. For timotei og engsvingel fanga den framkomne skalaen godt opp fenologiske endringar innanfor korte tidsrom både tidleg og seint i vårvekstperioden, og det var sikre samanhengar mellom dei utrekna gjennomsnittsverdiane og innhaldet av fôreiningar, NDF og råprotein i både vårvekst og gjenvekst. For raudkløver var det også god samanheng mellom fenologisk verdi og fôrkvalitet, men i vårveksten var det store endringar i kvalitet innan små intervall på skalaen. Til forskingsføremål er metoden og resultatet vesentleg betre eigna enn vurderingar etter ein tradisjonell og kvalitativ skala.

Sammendrag

Ulike sortar av fôrmais vart i åra 2002-2004 dyrka i forsøk på Jæren og ved Trondheimsfjorden i Nord-Trøndelag. I to av åra vart plastdekke frå våren av lagt inn som forsøksfaktor. På grunnlag av oppnådd avlingsmengde og kvalitet, vêrdata for forsøksåra og for tiårsperioden 1995-2004 på desse lokalitetane og for Tjølling i Vestfold og Ås i Akershus, vart potensialet og risikoen for avlingssvikt ved fôrmaisdyrking drøfta. Konklusjonen vart at fôrmaisproduksjon i Trøndelag og på Jæren er eit risikoforetak, også dersom ein legg inn bruk av plastdekke frå våren av. Truleg var åra 1997 og 2002 dei to einaste i tiårsperioden 1995-2004 at ein kunne ha oppnådd store avlingar med god nok kvalitet. Tjølling i Vestfold var den sikraste lokaliteten av dei fire ein såg på, men også her var mange av somrane i tiårsperioden truleg for dårlege for det aktuelle sortsmaterialet, også med bruk av plast.

Sammendrag

Fôrmais vart prøvedyrka i Nord-Trøndelag og på Jæren i tre år. På grunnlag av oppnådd avling og kvalitet i desse prøvingane og vêrdata for fire aktuelle lokalitetar for dyrking av fôrmais, er potensialet for denne veksten i Noreg diskutert. Berre på ein av lokalitetane (i Vestfold) vart maisdyrking vurdert å vere meir enn eit sjansespel, sjølv med bruk av plast frå våren av.

Sammendrag

I fleirårige, fastliggande forsøk på Planteforsk Apelsvoll og Kvithamar undersøker ein kva traktortyngde, pløyedjup og køyremåte ved pløying har å seie for jordstruktur og avlingar i økologisk korndyrking. Etter to år er det framleis ikkje store utslag for forsøksfaktorane. Avhengig av vekst og tildels traktortyngde er det sikre utslag for pløyedjup, men avlingsvariasjonen innan felt og delvis mellom år er stort sett større. Djup pløying gav gjennomgåande større kornavlingar enn grunn pløying, men for bygg etter grønngjødsling på Kvithamar, som verken var tilført husdyrgjødsel eller mineralgjødsel, vart avlingane størst med grunn pløying.

Sammendrag

For å møte mjølkeprodusentane sitt behov for kunnskap om dyrking og utnytting av kvitkløver som beitevekst har avtalepartane i jordbruket finanisert eit fire-årig prosjekt "Kvitkløver som beitevekst til mjølkekyr". Hovudresultat frå tre forsøk der ein undersøkte beiteopptak og mjølkeproduksjon ved ulike beitetilbod og kraftfôrnivå er presentert. Andelen kvitkløver varierte frå omlag 13 til nærmare 40% av TS-avlinga. Kvaliteten på beita var jamt over svært god. Det var mindre utbytte enn venta av å auke beitetilbodet frå 12 til 24 kg TS per dyr og dag, både med omsyn til beiteopptak og mjølkeproduksjon. Utbyttet av å auke kraftfôrtildelinga frå 4 til 7 kg var også reltivt lite (0,4 kg mjølk per kg kraftfôr). På bakgrunn av desse undersøkingane kan det såleis sjå ut til at det verken er rekningssvarande med svært høgt beitetilbod (> 18 kg TS per dyr og dag) eller å gje meir enn ca 4 kg kraftfôr til mjølkekyr som får kvitkløverbeite av høg kvalitet.

Sammendrag

Heilgrøde av erter vart hausta ved full blomstring (H1), når 30% av skolmane hadde nådd full storleik (H3) og når dei fleste skolmane var fullt utvikla (H3), tilsvarande utviklingstrinn 65, 73 og 79 på BBCH-skalaen. Tørrstoffavlinga auka frå 294 til 492 kg per daa, og andelen ertefrø frå 0 til 36% frå H1 til H3. Råproteininnhaldet var relativt lågt (118, 149 og 144 g per kg TS). Sjølv om by-pass fraksjonen av proteinet minka med stigande utviklingstrinn, var proteinverdien truleg høgast ved H3 på grunn av meir tilgjengeleg energi til mikrobiell syntese som fylgje av høgare nedbrytingsgrad av NDF samanlikna med tidlegare utviklingsstadium. Resultata frå denne studien indikerar at ein ikkje bør hauste reinbestand av erter dyrka til grønfôr før dei fleste skolmane er fullt utvikla, dersom ein vil oppnå høg avling og høg næringsverdi. Resultata stammer frå eitt enkelt forsøk, gjennomført ved Planteforsk Kvithamar i 2002. Fleire studiar bør gjennomførast før ein kan trekkje endeleg konklusjon.

Sammendrag

Prosjektet "Vinterskade i eng på Vestlandet" der ein har sett på i kva grad ein kan påverke overvintringa til enga ved å nytte ulike hausteregime og frøblandingar, er no avslutta. Frøblandingar med basis i timoteisorten Grindstad har vist seg å vere svært veleigna og minst like god som frøblandingar med nordnorske/vintersterke sortar. Intensivt driftsopplegg med 2 slåttar og beite i september har gitt svekking i overvintringsevna utover i engperioden.

Sammendrag

Artikkelen beskriver vær og vekstforhold for korn- og potetproduksjon i 2004

Sammendrag

Denne artikkelen presenterer avlings- og arealstatistikk for ulike kornarter og oljevekster fram til og med 2004.

Sammendrag

I forbindelse med at det er kommet flere såmaskiner på markedet som arbeider etter prinsippet om kontaktgjødsling, dvs. at gjødsel og frø plasseres sammen, er dette prinsippet for tildeling av gjødsel utprøvd i forsøk over to år. Effekt av kontaktgjødsling isolert er undersøkt, og også effekten av å gjødsle med en relativt liten mengde gjødsel om våren som kontaktgjødsel i kombinasjon med breispredning av resterende gjødsel på  trebladstadiet. All gjødsla gitt som radgjødsling på tradisjonell måte har vært målestokk.