Publikasjoner
NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.
2007
Forfattere
Unni AbrahamsenSammendrag
Foredraget ga en oversikt over behov for erter, og en gjennomgang av muligheter og utfordringer i produksjonen
Forfattere
Unni AbrahamsenSammendrag
Foredraget ga en orientering om behov for erter, og mulighetene og utfordringene ved en produsjon i Trøndelag
Forfattere
Hans Overgaard Michael AngstreichSammendrag
Forfatterne kommenterer WHOs besynderlige pressemelding fra 2006 om FN organisasjonens nye rekommandasjener om å bruke DDT for malaria kontroll. Forfatterne argumenterer for at DDT har alltid vært rekommandert av WHO. De beskriver videre om WHOs og Bioforsks satsinger på integrert bekjempelse. Bioforsks nye Integrated Pest and Vector Management prosjekt i Asia blir nevt.
Forfattere
Aksel Døving Finn Måge Eivind VangdalSammendrag
Basert på talmateriale frå fem fruktlager i Ullensvang, har ein undersøkt klimaverknader på avling og avlingsprognosar i plommer. Relativt avlingsnivå, som prosent av flytande gjennomsnitt for åra 1962-2002, vart relatert til verdata frå Det Norske Meteorologiske Institutt. Avlingsnivået var positivt korrelert med tal soltimar i juli og august året i førevegen. Ein time meir sol i juli gav 0,3% høgare avling året etter. Avlinga var negativt korrelert til høge temperaturar i januar og februar. Ei grad høgare middeltemperatur i februar gav 7,5% lågare avling. Korrelasjonane mellom avling og verfaktorar var tilnærma like for alle fem fruktlagra. Multiple regresjonsmodellar med meteorologiske variablar vart utvikla for avlingsprognosar. Når prognosen gjev relativt avlingsnivå som prosent av gjennomsnittet, kan det vera nyttig både for fruktlagra og dyrkarane.
Sammendrag
For å hindra rôte omfattar eit standard sprøyteprogram i plommer i Norge koparkalk på svellande knoppar, ei sprøyting i bløminga mot monilia og 1-3 sprøytingar mot monilia og gråskimmel mellom bløming og hausting. Frå 1998 har ein registrert kva soppsjukdomar ein finn i plommehagar for handelsdyrking og i forsøksplantingar i Norge; både ved hausting og etter lagring (14 dagar ved 4C og 2-4 dagar ved 20C for å simulera tida i omsetning). Den dominerande sjukdomen var monilia (Monilinia laxa eller M. fructigena). Men ein fann og grønmugg (Penicillium sp.), gråskimmel (Botrytis cinerea), skjeggmugg (Mucor piriformis) og bitterrote (Colletotrichium gloesporioides eller C. acutatum).
Forfattere
Eivind VangdalSammendrag
Forbrukarane ynskjer frukt dyrka på ein miljøvenleg måte, og dyrkarane ser etter alternative metodar som kan redusera trongen for kjemiske plantevernmiddel. Frukt med høgt kalsiuminnhald er kjend for å vera fastare og mindre utsett for sjukdomar og fysiologiske skader enn frukter med lite kalsium. Norske forsøk viste at kalsiumtilførsel i søtkirsebær heva fruktkvaliteten og reduserte tap under omsetning på grunn av sprekking og utvikling av frakturar i fruktskinnet. Innhaldet av fenolar var høgare i kalsiumhandsama frukt.
Forfattere
Eivind Vangdal Aksel Døving Finn MågeSammendrag
Samanhengen mellom avling, klima og fruktkvalitetsfaktorar vart undersøkt i 11 plommesortar. Registreringar frå 1985 til 2003 viste i 8 av 11 sortar ein negativ samanheng mellom avling og oppløyst turrstoff. Syreinnhaldet var ikkje påverka av avlingsnivå. Inntil 44% av variasjonen i innhaldet av oppløyst turrstoff skuldast avlingsvariasjon. Ved å inkludera klimafaktorar i regresjonsanalysene kunne ein forklara frå 60 til 94% av variasjonen i oppløyst turrstoff med variasjon i avling og gjennomsnitts månadstemperatur og månadsnedbør. Innhaldet av oppløyst turrstoff var positivt påverka av høge temperaturar i april og juni, og kjølig og fuktig ver i mai. I år med mykje nedbør i august var innhaldet av titrerbar syre i plommene høgt.
Sammendrag
Ein studerte om bladgjødsling med kalsium påverka fruktkvaliteten hjå plommer og kor haldbare fruktene var etter hausting. Bladgjødsling med kalsium hadde ingen signifikante verknader på fruktkvaliteten. Men kalsiumtilførsel syntest å utsetja mogninga noko (4 av 5 målte faktorar). Kalsiumhandsaming reduserte rotning under lagring av plommer. Men det var ingen sikre skilnader mellom dei ulike strategiane som var nytta. I eitt forsøksår var bladgjødsling tidleg i sesongen betre enn handsaming seint med omsyn til rotning etter hausting. I alle forsøka var det ein tendens til at frukter sprøyta med soppmiddel var mindre utsette for rotning enn kalsiumsprøyta frukter. Men skilnaden var berre signifikant i eitt forsøk.
Forfattere
Eivind Vangdal Lars Sekse Rune SlimestadSammendrag
Innhaldet av antocyanar og total fenolar vart målt i 9 søtkirsebærsortar. Antocyanininnhaldet i mørke frukter var høgare enn i frukter med ljos gul saft. Mellom dei mørke sortane var det nær 10 gonger så mykje antocyanar i sorten med høgast innhald i høve til sorten med lågast. Samla fenolinnhald varierte frå 23 til 168 mg/100g FW, og den antioksiderande kapasiteten var frå 0,44 til 2,67 mmol/100g FW. Det var god korrelasjon mellom den antioksiderande kapasiteten og både antocyanin og totalt fenolinnhald. Søtkirsebærsorten "Agila" hadde høgast innhald av antocyaninar, total fenolar og antioksiderande kapasitet. Hjå plommer fann ein mest antocyaninar i dei mørk blå plommene "Edda", "Souffriau" og "Jubileum". "Victoria hadde minst antocyaninar, men likevel høgast innhald av total fenolar og antioksiderande kapasitet. FRAP-verdiane varierte frå 0,61 til 1,28 mmol/100g FW. Den antioksiderande kapasiteten var nært korrelert med totalt fenolinnhald.
Forfattere
Eivind Vangdal Sigrid Flatland Stein Harald Hjeltnes Hege SivertsenSammendrag
Det vart gjennomført forbrukartestar med fire nye plommesortar. Forbrukarane syntest "Reeves" og "Jubileum" hadde finaste utsjånaden. Men smakspoenga for "Reeves" var låge. "Excalibur" fekk høge smakspoeng, sjølv om forbrukarane ikkje syntest plommene såge fine ut. Basert på kjemiske analysar av viktige kvalitetsfaktorar var det ikkje uventa at "Excalibur" fekk høge smakspoeng, og smakspoenga for "Jubileum" og "Victoria" var middels. "Avalon" fekk derimot høgare og "Reeves" lågare smakspoeng enn ein hadde venta. "Excalibur", Jubileum" og "Avalon" er minst like gode eller betre enn standardsorten "Victoria". Fruktkvaliteten hjå "Reeves" er dårlegare enn hjå "Victoria".