Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2002

Sammendrag

Tynning av dei viktigaste fruktsortane våre er eit absolutt krav for å sikra jamne avlingar og god kvalitet på frukta. Handtynning åleine er arbeidskrevjande og kostbart. Vanleg dyrkingspraksis er difor å nytta eit kjemisk tynningsmiddel først og så deretter justera for hand. For tida er berre Cerone og Ammoniumthiosulfat (ATS) godkjende som tynningsmiddel i eple og plomme og i tillegg svovelkalk i plomme. I forsøk dei siste åra har ATS gjeve god tynningsverknad i både eple og plomme. Middelet vert sprøytt ut når frukttrea står i full blom. Truleg verkar stoffet fysisk med sviing av dei blomane som allereie ikkje er pollinerte. For å få meir røynsle med dette stoffet, vart det i 2000 gjennomført storskalaforsøk hjå dyrkarar i Sogn og Fjordane med finansiering frå FMLA Sogn og Fjordane. Sprøyting under blomstringa med ATS og svovelkalk gav tilfredstillande tynningseffekt til plommesortane "Opal" og "Victoria". Tilsvarande bruk med ATS til eplesortane "Kronprins", "Summerred" og "Aroma" heva kvaliteten og reduserte avlinga noko, men auka blomemengda på trea året etter.