Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2005

Sammendrag

Hjortebeiting på attlegg og ung eng fører til reduserte avlingar, særleg der ein sår timotei og engfrøblanding. Etter få år endrar botanisk samansetning seg slik at mykje av timoteien vert erstatta av villgras. Fôreiningskonsentrasjonen og til dels proteininnhaldet er høgare i gras som er utsett for beiting enn i gras utan beitepåverknad når ein haustar på same tidspunkt. Likevel er avlingstapet for ny eng som er utsett for sterk hjortebeiting stort. I gjennomsnitt for dei tre første engåra er avlingstapet ved hausting for engfrøblanding 300 Fem/daa og år. Registreringar i eksisterande eng i Eikås Storvald i Jølster syner eit lågare avlingstap. I 2004 var det gjennomsnittlege avlingstapet på 68 Fem/daa, men det varierer mykje mellom bruk. Avlingstap som følgje av hjortebeiting representerer store økonomiske verdiar, og tapet er ulikt fordelt mellom grunneigarar. Det er ei utfordring å finne ein rettferdig måte å jamne ut desse skilnadane. Dette er eitt av måla i prosjektet "Kostar hjorten meir enn han smaker?" der ein ynskjer å utvikle metodar for å berekne inntekter og utgifter frå hjorten.

Sammendrag

Forskingsprosjektet "Kulturlandskap i endring i Hardanger, Sogn og Nordfjord - konsekvensar for opplevingsturismen på Vestlandet", som starta opp i 2004, har som føremål å granska endringar i kulturlandskapet i desse regionane, og finna eventuelle konsekvensar dette vil ha for turistnæringa. I det første prosjektåret har det vore lagt vekt på å granska biologiske endringar i kulturlandskapet og å identifisera viktige drivkrefter bak endringane. Granskingane viser at tal aktive fruktdyrkarar er redusert siste 10-åra, medan aktivt drive fruktdyrkingsareal også er redusert, men i mindre omfang. Marginale teigar går ut av drift, medan drifta på dei beste bonitetane vert intensivert. Det er laga visuelle bilet-modellar for korleis landskapet vil sjå ut dersom denne utviklinga held fram under ulike rammevilkår. Vidare er det gjennom intervju gjort granskingar av brukarane sitt syn på eiga framtid. Her går det fram at mykje negativ omtale av norsk landbruk i presse og i samfunnet elles vert sett på som eit tydeleg problem for næringa; det skapar frustrasjon mellom yrkesutøvarane og kan vera ein viktig faktor i å hindra rekruttering.

Sammendrag

Resultat frå jordbærforedling i Planteforsk vert presentert. Fire sortar frå prosjektet er gitt namn. Dei mest lovande av desse ser ut til å vere `Babette" og `Hanibal". `Babette" konkurrerer godt med `Honeoye" i tidlegsegmentet. `Babette" har litt høgare avling enn `Honeoye", større bær og skårer betre på kvalitetseigenskaper ved bæret og den er også sterkare mot mjøldogg på planta. `Hanibal" har omlag samme avlingsprofil som `Korona" og `Polka" og skil seg frå desse med betre bærkvalitet. Spesielt skalstyrke, fastheit og heilskapen er betre, samstundes som den skårer minst like bra på smak. Tre nye seleksjonar vert omtala. PK98.12 er aktuell for hovedsesongen medan PK98.204 er aktuell for tidlegsesongen. PK98.204 produserer vesentleg betre enn `Honeoye" samstundes som den har betre bærkvalitet og smak. PK98.12 skil seg frå `Korona" spesielt på bærstorleik og ytre kvalitetseigenskaper. PK97.48.1 har etter utprøving hos prøvedyrkarar kome i fokus som ein mogeleg industrisort. I våre eigne forsøk har PK97.48.1 vore produktiv, men noko småfallen samenlikna med til dømes `Korona". Til konsumbær har den difor falle igjennom. Seleksjonen har imidlertid svært gode konserveseigenskaper.

Sammendrag

I dette innlegget er det vist resultat frå to forsøksseriar med rettleiingsprøving av sortar til eng og beite. I den eine serien vart ymse frøblandingar til beite undersøkt på om lag 20 forsøksfelt i Sør-Norge, medan sortar av engrapp og engsvingel vart testa både under slåtte- og beiteregime på 15-20 felt spreidd over heile landet. Den siste serien er ikkje avslutta, her vert vist resultat frå dei to første engåra. Bruk av den danske kvitkløversorten Milkanova gav høgare kløverdel i avlinga enn den nye norske sorten Norstar. Tørrstoffproduksjonen på beite i middel for fire år var meir eller mindre uavhengig av kva beitefrøblanding som var brukt. Sortar av engrapp produserte mindre avling i første eng- og beiteår enn sortar av engsvingel på grunn av sein etablering, medan det var små skilnader i andre året. Heller ikkje med omsyn til avlingskvalitet var det store forskjellar mellom artane engrapp og engsvingel.

Sammendrag

De norske kvitkløversortene Snowy og Norstar og den danske sorten Milkanova ble sammenliknet under beiting. Kvitkløversortene ble dyrket hver for seg i blanding med flerårig raigras (Særheim) eller i blanding med timotei, engsvingel og engrapp (Stjørdal). Tre ulike mengder N ble (0, 7,5 og 15 kg N da-1 år-1) ble tilført i et split-plot system med N på storruter og kvitkløversort på småruter. Forsøket i Stjørdal ble beitet med melkekyr og det på Særheim med kastrater. Avling før og restavling etter beiting ble bestemt ved høsting av deler av forsøksarealet. Avbeitingsgraden ble bestemt visuelt under og etter beiting. I gjennomsnitt over år ga ingen av sortene bedre avling enn den andre. Samtlige sorter ble like godt avbeitet. Ubeitet avling økte med stigende N-gjødsling ved økt grastilvekst på bekostning av andelen kløver i beitet. Utslaget for N-gjødsling var større på Særheim der det ble brukt raigras enn i Stjørdal der det ble brukt engrapp, timotei og engsvingel i frøblandingen. Avbeitingsgrad minket noe med økt N-gjødsling. Forsøket gir ikke grunn til å anbefale den ene kvitkløversorten fremfor den andre med hensyn til avbeitingsgrad. Forsøket videreføres i 2005 for å gi svar på om sortene skiller seg i avlingsstabilitet.

Sammendrag

Kulturlandskap og landbruk er på mange måter selve grunnlaget for bygdeutvikling, men bærekraftige bygder er omvendt også en forutsetning for at vårt landbruk og kulturlandskap skal kunne opprettholdes på sikt. Distrikts- og landbrukspolitikken spiller en avgjørende rolle for muligheten for å opprettholde kulturlandskapsverdier. Både EU og LMD satser nå sterkt på bygdeutvikling og Distriktskommisjonen understreker at satsingen på landbruket fortsatt må være en viktig del av norsk distriktspolitikk. Når det gjelder kulturlandskapet ser vi imidlertid at utviklingen til tross for mange positive tiltak, fortsatt går i feil retning. Hvis det store potensial som ligger i kulturlandskapet for landbruks- og bygdeutvikling skal kunne utnyttes, er det derfor på høy tid å utnytte kunnskapen om kulturlandskapets verdier og virkelig satse på bruk og vern av kulturlandskapet!

Sammendrag

Verknaden av beitetilbod og kraftfôrtildeling på beiteopptak og mjølkeproduksjon er undersøkt i fire beiteforsøk med mjølkekyr i perioden 2002-2004. Forsøka vart gjennomførte på gras/kvitkløverbeiter (12,9-39,7% kvitkløver) ved Mære landbruksskole, Nord-Trøndelag og Øksnevad landbrukskule, Rogaland. I to av forsøka vart det også gjennomført automatiske registreringar av beiteåtferden. Individuelt beiteopptak vart målt i Forsøk I og II ved hjelp av n-alkanmetoden (Dove & Mayes 1991). Ved å auke beitetilbodet med 6 kg TS frå 12 til 18 kg TS dyr-1 dag-1 auka beiteopptaket mindre enn venta, særleg i Forsøk II (0,6 kg TS dyr-1 dag-1 men også i Forsøk I (1,1 kg TS dyr-1 dag-1). Det var også overraskande at beiteopptaket auka meir ved å auke tilbodet frå 18 til 24 kg TS dyr-1 dag-1, enn frå 12 til 18 kg TS dyr-1 dag-1 i begge forsøka (2,7 og 1,5 kg TS i Forsøk I og II, høvesvis). I Forsøk III og IV vart responsen av beitetilbod og kraftfôrtildeling undersøkt etter eit 2 x 2 faktorielt forsøksdesign. Høgt beitetilbod (18 kg TS dyr-1 dag-1) gav sikkert høgare avdrått (kg mjølk) enn lågt beitetilbod (12 kg TS dyr-1 dag-1) i Forsøk III. Det var også sikker positiv respons på avdråtten av å gje 7 kg Formel 10 samanlikna med 4 kg Formel 10. Verken beitetilbod eller kraftfôrtildeling påverka protein-% i mjølka i Forsøk III, og det vart ikkje funne samspelseffektar mellom beitetilbod og kraftfôrtildeling. Førebelse resultat indikerer at utslaga av både beitetilbod og kraftfôrtildeling var mindre med omsyn til avdråtten i Forsøk IV, samanlikna med Forsøk III. På den andre sida såg det ut til at 8 kg kraftfôr gav høgare innhald av protein og lågare innhald av feitt, samanlikna med frå 4 kg kraftfôr i dette forsøket. Likevel var utbyttet av å gje 7-8 kg kraftfôr samanlikna med 4 kg truleg for lite til at det var økonomisk rekningssvarande i nokon av forsøka. Av innsamla data frå åtferdsregistreringane såg det ut til at dyra på Øksnevad kompenserte kort beitetid med meir effektiv bruk av tida til beiting, samanlikna med dyra på Mære som var ute på beite ein større del av døgnet.