Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

1997

Sammendrag

Eit femårig skifte med økologisk dyrking av purre, brokkoli, gulrot, aspagesbønne og grøngjødsling vart utført i Leikanger i Sogn og Fjordane i åra 1988-1992/1993. I det same feltet vart det også samanlikna fire metodar for ugrasreinhald: mekanisk, termisk, kombinasjon av mekanisk og termisk ugrasreinhald, og dekking med 3 cm gras/kløverblanding. I middel for fem år var grønsakavlingane 75 % av normalavlingar ved konvensjonell dyrking. Gjødslinga vart gitt om våren, og var sauegjødsel som var kompostert eitt år. Sjølv om det vart brukt noko hønsegjødsel som tilleggsgjødsel, skuldast truleg dei låge avlingane redusert tilgong på nitrogen i løpe av vekstsesongen. I prøvingane med ulike metodar for ugrashandsaming var det nedgong i avling kl 1 i gulrot på ledd dekka med gras/kløverblanding i 1989 og 1990. For purre og aspargesbønne i 1990 gav gras/kløverdekking også klart mindre avling kl 1 enn for ledda med termisk og mekanisk / termisk ugrashandsaming. Teljing av ugrasartar etter ulike metodar for ugrashandsaming synte ikkje klare utslag anna enn låge tal for vassarve (Stellaria media) i 1989 og 1990, og åkersvineblom ( Senecio vulgare) i 1990 og 1992 etter termisk handsaming. Desse artane er kjente for å vera lite varmetolerante. For å få god verknad av dekking med gras mot ugras må laget med dekke vera minst 3 cm tjukt.

Sammendrag

Det er ikke registrert sammendrag