Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2012

Sammendrag

Fiberinnhaldet utgjer ein viktig del av fôrkvaliteten i grovfôr der NDF og ufordøyeleg NDF er viktige faktorar. Raisvingelsortar av raigrastypen har ein fôrkvalitet på linje med fleirårig raigras, medan raisvingelsortar av svingeltypen (t.d. Hykor) har høgre innhald både av NDF og ikkje minst ufordøyeleg NDF som gjer det viktig å få hausta slike sortar ved rett utvikling. Timotei har generelt eit høgt innhald av NDF-relaterte faktorar, og raisvingelsortar av raigrastypen kan betra den totale fôrkvaliteten i ei timoteibasert frøblanding.

Sammendrag

I forsøket som blir presentert her, og i interne prøvingar hos Graminor, har kandidatsorten FuRs0463 gitt høg tørrstoffavling av god kvalitet. I offisiell prøving kom sorten diverre ikkje så godt ut, og sorten er førebels ikkje tilrådd godkjent. Viktigaste grunn er varierande overvintringsevne. Både i offisielle og interne sortsprøvingar er det med kandidatsortar som viser betre overvintringsevne og meir stabil avling over år.

Sammendrag

Raisvingel er ein interessant ny hybridgrassart som er komen i dyrking i fleire europeiske land. I Norge er raisvingel interessant fordi avlingsnivået er høgt og fôrkvaliteten god. Med få unntak har raisvingelsortane svak overvintringsevne og er dermed lite varige. Desse karakterane har stor samanheng med artane som er brukt i hybriden. Ein fordel med raisvingel er den store evna til gjenvekst etter andre og særleg tredje slått. Dette gjer raisvingel  til eit godt beitegras utover ettersommaren og hausten når dei tradisjonelle grasartane har sterkt nedsett vekst.