Driftsgranskingane er tufta på ei årleg rekneskapsundersøking som omfattar rundt 1000 gardsbruk. Desse er valde ut slik at dei representerer ulike landsdeler, storleiksgrupper og driftsformer. Om lag 100 av bruka inngår i skogbruksdelen av driftsgranskingane.
Det vert utarbeidd eigne analysar for Austlandet, Vestlandet, Trøndelag og i Nord-Noreg, sjå pressesakene og rapportar frå landsdelane nedanfor.
Analysane i driftsgranskingane gir grunnlag for økonomisk rådgivingsarbeid og materiale til intern og ekstern forsking og undervisning.
Driftsgranskingane dannar og basis for referansebruka, som er ein del av materialet til jordbruksforhandlingane.
Driftsgranskingane 2025
Resultatene frå driftsgranskingar i jord- og skogbruk for 2025, blir lagt frem 15. desember 2025, kl. 09:00.
Lenke til tabellane frå 2024 og frå tidlegare år, sjå under "Tjenester" lenger ned på denne sida.
Lenke til pressemeldingar frå tidlegare år, sjå venstre marg på denne sida.