Anastasia Olsen

Førstekonsulent

(+47) 902 41 405
anastasia.olsen@nibio.no

Sted
Bergen

Besøksadresse
Thormøhlensgate 55, 5006 Bergen

Til dokument

Sammendrag

Interessen for melk og kjøtt produsert på grovfôr, uten bruk av kraftfôr, er økende både nasjonalt og internasjonalt. Denne rapporten tar for seg mulighetene for grasbasert melk- og kjøttproduksjon i Nord-Norge, og fokuserer hovedsakelig på de økonomiske konsekvensene for bønder i Nord-Norge som legger om fra tradisjonell til grasbasert drift. Rapporten omfatter de viktigste produksjonene i det nordnorske landbruket, altså produksjon av melk og kjøtt på storfe og småfe (geit og sau). De økonomiske beregningene er i hovedsak basert på data fra driftsgranskingene i jordbruket, samt tidligere forskning og analyser gjennomført av NIBIO. Nord-Norge er en landsdel med svært gode utmarksbeiteressurser som kan utnyttes i større grad enn det gjøres i dag. Samtidig preges landsdelen av forholdsvis korte somre og tilsvarende lang innefôringsperiode, og store variasjoner i beitekvalitet. Økt tilgang til vinterfôr vil derfor være en knapphetsfaktor ved omlegging til grasbasert produksjon.

Til dokument

Sammendrag

På oppdrag frå Samarbeidsrådet for landbruket i Hordaland og Sogn og Fjordane har Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (NILF) og Østlandsforskning oppdatert verdiskapingsberekningar for jordbruk, skogbruk og tilleggsnæring for Sogn og Fjordane. I tillegg har vi berekna verdiskaping for landbruksbasert industri og gjennomført analyse av ringverknader.

Til dokument

Sammendrag

På oppdrag frå Samarbeidsrådet for landbruket i Hordaland og Sogn og Fjordane har Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (NILF) og Østlandsforskning oppdatert verdiskapingsberekningar for jordbruk, skogbruk og tilleggsnæring for Hordaland. I tillegg har vi berekna verdiskaping for landbruksbasert industri og gjennomført analyse av ringverknader.

Sammendrag

Hovudformålet med driftsgranskingane er å vise resultat og utvikling i økonomiske tilhøve på gardsbruk der inntekter frå jordbruket har eit vesentleg omfang. Driftsgranskingane skal vise økonomiske resultat for brukarfamilien og for ulike bruk med omsyn til storleik, driftsform og geografisk plassering. Vidare skal driftsgranskingane gje grunnlag for samanlikning med anna nasjonal og internasjonal statistikk, gje grunnlag for forsking og utgreiing, gje hjelp til rådgjeving og undervisning og innspel til offentleg politikk og forvalting. Granskingane skal også gje grunnlag for dokumentasjon for den samfunnsøkonomiske verdiskapinga i landbruk og tilknytte næringar. Etter 1950 har det kvart år vore med om lag 1 000 bruk i driftsgranskingane, dei siste åra er tal deltakarbruk redusert. I 2013 var det i alt med 888 bruk i driftsgranskingane, dessutan leverte 31 samdrifter data til undersøkinga. Tal frå samdrifter blir handsama separat, og er ikkje med i driftsgranskingsmaterialet. Ved utval av bruk, er det lagt vekt på at driftsgranskingane skal vere representative for den delen av landbruket der storparten av inntekta kjem frå bruket. Nye bruk til driftsgranskingane vert rekrutterte ut frå lister over bruk som er tilfeldig trekte ut frå tilskotsregisteret til Landbruksdirektoratet. Uttrekte bruk skal ha ei standard omsetning større enn kr 150 000. Det er produksjonsomfanget, og ikkje det økonomiske resultat på det enkelte bruket som er kriterium for utvalet. Deltaking i driftsgranskingane er frivillig, og det er inga grense for kor lenge eit bruk kan vere med, men brukaren skal ikkje vere eldre enn 70 år. Kvart år vert om lag 10 prosent av deltakarbruka skifta ut. Av dei 888 bruka i driftsgranskingane i 2013, kom 171 bruk frå Vestlandet, 63 frå Hordaland, 58 frå Sogn og Fjordane og 50 frå Møre og Romsdal. Dette notatet tar for seg økonomien i landbruket på Vestlandet i 2013, og viser økonomiske utvikling dei siste 10 åra. Kapittel to gir hovudtala for Vestlandet og omhandlar driftsresultatet i jordbruket for året 2013. Kapittel tre viser utviklinga i økonomien i jordbruket, soliditeten og totaløkonomien til brukarfamilien dei siste ti åra. Trendane i denne perioden er presenterte i figurar, og alle bakgrunnsdata er deflaterte etter konsumprisindeksen. Kapittel fire handlar om samdrifter. Kapittel fem er sjølve tabellsamlinga som inneheld tal frå driftsgranskingane for Vestlandet for dei siste fem åra. Tabellane er delte inn slik at ein kan finne tal for landsdelen, fylka, ulike storleiksgrupper og ulike produksjonar. Utvalet av bruk i driftsgranskingane skal ikkje vere representativt for jordbruket i kvart fylke, men for regionen. Alle dei økonomiske data i kapittel fire (tabellane) er nominelle tal for åra, og dermed ikkje inflasjonsjusterte. Sist i notatet finn ein forklaringar på dei faguttrykka som er nytta.

Til dokument

Sammendrag

Mange birøktere rapporterer om dårlig økonomi. I tillegg er det lite dokumentasjon av økonomien i økologisk birøkt. NILF har derfor på oppdrag fra Norges Birøkterlag gjennomført en spesialundersøkelse om økonomien i konvensjonell og økologisk birøkt. Spesialundersøkelsen om økonomien i Birøkt – konvensjonell og økologisk drift, er det andre oppdraget fra Norges Birøkterlag der vi har undersøkt økonomien i Birøktnæringa. Begge undersøkelser dokumenteres i dette notatet. I den første undersøkelsen var det meningen å se på økonomien i sommertrekk – lyngtrekk – og kombinasjon av disse to. Av 25 mottatte svar fra birøktere som var med i undersøkelsen, var det kun ti som hadde rene trekk uten kombinasjoner. Vi så derfor på resultatene samlet - uavhengig av trekk. Den siste undersøkelsen, som i hovedsak ble utført våren 2012, er en videreutvikling av første undersøkelse. Vi har nå sett på forskjellene i økonomisk resultat i birøkt mellom konvensjonell og økologisk drift. Denne gangen er 17 birøktere med, hvorav 10 driver konvensjonelt, 6 driver økologisk og 1 var under omlegging til økologisk. Da arbeidsforbruket ble undersøkt kom det ikke frem systematiske forskjeller mellom økologisk og konvensjonell drift på dem som var med i undersøkelsen. Når det gjaldt produksjonsmengde viste undersøkelsen at de konvensjonelle produsentene oppnådde større produksjon enn de økologiske, både totalt og per kube. Høyest oppnådd pris derimot var det de økologiske produsentene som oppnådde gjennom større salg til andre salgskanaler enn Honningcentralen A/L, som f.eks. Bondens marked. I undersøkelsen framkom det at de konvensjonelle produsentene i gjennomsnitt hadde lavere kostnader enn de økologiske produsentene. Av de variable kostnadene var det særlig kostnader knyttet til salg som var høyere for de økologiske produsentene. Undersøkelsen viste også at avskrivningene var høyere hos de økologiske produsentene pga. at eiendelene hos dem var registrert med høyere verdier enn hos de konvensjonelle produsentene. Normalt skal det ikke være behov for større investeringer for å drive økologisk enn konvensjonelt, men forklaringen her kan være at de økologiske produsentene har drevet i kortere tid og dermed er balanseverdien høyere for deres eiendeler. Når det gjelder resultatmål oppnådde de økologiske produsentene i 2008 og 2010 høyere dekningsbidrag enn de konvensjonelle produsentene. Høyere faste kostnader hos de økologiske gjør likevel at de konvensjonelle produsentene hadde høyere driftsoverskudd alle tre årene. I undersøkelsen framkom det at bortsett fra dekningsbidrag oppnådde de konvensjonelle produsentene best økonomisk resultat. Høyere rentekrav og flere arbeidstimer var med på å redusere resultatene for de økologiske produsentene. Tilskudd for bikuber ble for første gang utbetalt i 2010. Dette økte gjennomsnittlig produksjonsinntekt for alle deltagerne i forhold til resten av perioden. Samtlige resultatmål ligger høyest for 2010. Driftsoverskudd i perioden for de 12 produsentene varierer mellom kr 15 427 og kr 159 580. Undersøkelsen viste også resultater fra dårligste og beste gruppe av konvensjonelle bruk for 2010. Den beste gruppa oppnådde et driftsoverskudd på kr 1 841 per kube mens den dårligste bare oppnådde kr 547 per kube. Det var noe større variasjon i antall kuber enn for den beste gruppa. Ut fra resultatene for enkeltbrukene, er det lite trolig at antall kuber har stor betydning for resultatene for de konvensjonelle brukene. Ut fra resultatene for 2010, var det i hovedsak mengde produsert honning og oppnådde priser som var årsakene til den store forskjellen i resultat.. Også for 2008 og 2009 var det produsert mengde honning som utgjorde den største forskjellen mellom gruppene.

Sammendrag

Driftsgranskingane er ei årleg rekneskapsgransking som omfattar om lag 860 bruk over heile landet. Dette notatet inneheld lokale data frå Aust-Agder, Vest-Agder og Rogaland. Notatet er basert på driftsgranskingsdata frå dei tre fylka. Det var 51 bruk frå Agder-fylka og 83 bruk frå Rogaland som var med i driftsgranskingane i 2009. Dei 134 bruka er fordelte på to regionar, Jæren med 50 bruk og Agder og Rogaland andre bygder med 84 bruk. Kapittel to inneheld den årlege pressemeldinga for Agder og Rogaland som omhandlar driftsresultatet i jordbruket for året 2011. Kapittel tre viser utviklinga i økonomien i jordbruket, soliditeten og totaløkonomien til brukarfamilien dei siste ti åra. Trendane i denne perioden er presenterte i figurar, og alle bakgrunnsdata er deflaterte etter konsumprisindeksen. Kapittel fire inneheld eit samandrag frå eit verdiskapingsprosjekt for landbruket i Rogaland2 som er gjennomført ved distriktskontoret i Bergen. Kapittel fem er sjølve tabellsamlinga som inneheld tal frå driftsgranskingane for Agder og Rogaland for dei siste fem åra. Tabellane er delte inn slik at ein kan finne tal for Jæren og Agder og Rogaland andre bygder, fylka, ulike storleiksgrupper og ulike produksjonar. Utvalet av bruk i driftsgranskingane skal ikkje vere representativt for jordbruket i kvart fylke, men for regionene. Alle dei økonomiske data i kapittel fem (tabellane) er nominelle tal for åra, og dermed ikkje inflasjonsjusterte.

Sammendrag

Driftsgranskingane er ei årleg rekneskapsgransking som omfattar om lag 860 bruk over heile landet. Dette notatet inneheld lokale data frå Vestlandet. I tillegg har vi valt å ta med resultat frå samdrifter i mjølkeproduksjonen. På grunn av at materialet for Vestlandet er lite til eigen analyse, presenterer vi resultat på landsbasis. Notatet er basert på driftsgranskingsdata frå dei tre vestlandsfylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Av dei 857 bruka i driftsgranskingane i 2011, kom 170 bruk frå Vestlandet, 60 frå Hordaland, 58 frå Sogn og Fjordane og 52 frå Møre og Romsdal. Dette notatet tar for seg økonomien i landbruket på Vestlandet i 2011 og viser økonomiske utvikling dei siste 10 åra. Kapittel to inneheld den årlege pressemeldinga for Vestlandet som omhandlar driftsresultatet i jordbruket for året 2011. Kapittel tre viser utviklinga i økonomien i jordbruket, soliditeten og totaløkonomien til brukarfamilien dei siste ti åra. Trendane i denne perioden er presenterte i figurar, og alle bakgrunnsdata er deflaterte etter konsumprisindeksen. I kapittel fire viser vi resultat frå samdrifter i mjølkeproduksjonen. Det er samdrifter med to eller fleire aktive medlemmer. Kapittel fem er sjølve tabellsamlinga som inneheld tal frå driftsgranskingane for Vestlandet for dei siste fem åra. Tabellane er delte inn slik at ein kan finne tal for landsdelen, fylka, ulike storleiksgrupper og ulike produksjonar. Utvalet av bruk i driftsgranskingane skal ikkje vere representativt for jordbruket i kvart fylke, men for regionen. Alle dei økonomiske data i kapittel fem (tabellane) er nominelle tal for åra, og dermed ikkje inflasjonsjusterte.

Sammendrag

Driftsgranskingane er ei årleg rekneskapsgransking som omfattar om lag 850 bruk over heile landet. Grunnlagsmaterialet for denne granskinga er omfattande, og mange data vert det ikkje plass til i den landsdekkande publikasjonen. Dette notatet inneheld lokale data frå Aust-Agder, Vest-Agder og Rogaland. I samband med at granskinga er 100 år, er det også sett av plass til eit historisk tilbakeblikk Notatet er basert på driftsgranskingsdata frå dei tre fylka. I alt omfattar granskinga 78 bruk frå Rogaland og 51 bruk frå Agder-fylka. Bruka vert delt inn i to regionar, «Jæren» og «Agder og Rogaland andre bygder».

Sammendrag

Driftsgranskingane er ei årleg rekneskapsgransking som omfattar om lag 850 bruk over heile landet. Grunnlagsmaterialet for denne granskinga er omfattande, og mange data vert det ikkje plass til i den landsdekkande publikasjonen. Dette notatet inneheld lokale data frå Vestlandet. I samband med at granskinga er 100 år, er det også satt av plass til eit historisk tilbakeblikk. Notatet er basert på driftsgranskingsdata frå dei tre vestlandsfylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. For rekneskapsåret 2010 var det med 163 bruk frå Vestlandet i granskinga.

Til dokument

Sammendrag

NILF utfører årlege «Driftsgranskingar i jord- og skogbruk». Formålet med desse er å vise resultat og utvikling i økonomiske tilhøve for gardsbruk der inntekter frå jordbruket har eit vesentleg omfang. Driftsgranskingane skal vise økonomiske resultat for brukarfamilien og for ulike grupper av bruk med omsyn til storleik, driftsform og geografisk plassering. Resultat vert publiserte i ein landsdekkande publikasjon og fleire regionale publikasjonar. I dette notatet er lønsemda i jordbruket i 2009 for Agder-fylka og Rogaland presentert. Notatet inneheld også trendar og økonomisk utvikling siste tiåret og tabellsamling for de siste fem åra. I tillegg vert verknadene av jordbruksfrådraget grundig gjennomgått. Elles er det med eit kapittel om resultat frå ei spesialgransking der ein har samanlikna økonomien på bruk som har investert i driftsbygningar eller maskinar, med bruk som ikkje har investert. Det var 52 bruk frå Agder-fylka og 76 bruk frå Rogaland som var med i driftsgranskingane i 2009. Dei 128 bruka er fordelte på to regionar, Jæren med 48 bruk og Agder og Rogaland andre bygder med 80 bruk. Resultata for 2009 viste at bøndene frå Jæren hadde det høgaste inntektsnivået i 2009, som i 2008 og 2007. Jæren hadde også ein solid auke i nettoinvesteringar frå 2008 til 2009 på 50 prosent, målt i faste 2009-kroner.

Sammendrag

NILF utfører årlege «Driftsgranskingar i jord- og skogbruk». Formålet med desse er å vise resultat og utvikling i økonomiske tilhøve for gardsbruk der inntekter frå jordbruket har eit vesentleg omfang. Driftsgranskingane skal vise økonomiske resultat for ulike grupper av bruk med omsyn til storleik, driftsform og geografisk plassering. Totaløkonomien for brukarfamilien vert også presentert. Resultata vert publiserte i ein landsdekkande publikasjon og fleire regionale publikasjonar. Årets notat for Vestlandet viser lønsemda i jordbruket i 2009 og trendar og økonomisk utvikling siste tiåret og tabellsamling for dei siste fem åra. I tillegg er det presentert eit kapittel om skatt, og eit kapittel om økonomi på mjølkebruk som har hatt store utbyggingar av produksjonen i Møre og Romsdal og i Sogn og Fjordane. […]

Sammendrag

Dekningsbidragskalkylar for 2009/2010 er utarbeida av NILF, distriktskontoret i Bergen. Kalkylane dekkjer Rogaland og Agder, og er ei oppdatering av tidlegare utgjevne kalkylehefte. Kalkylane er no tekne inn i NILFs notatserie og vert lagt ut på NILFs heimeside. Kalkylane finst også i elektronisk form som ein del av planleggingsprogrammet Norkap. I samband med oppdatering av kalkylane er det mellom anna henta inn opplysningar frå samvirkeorganisasjonar og private grossistar. I tillegg er fleire av kalkylane kvalitetssikra hos lokale rettleiarar. Sjølv om det er lagt vekt på å kvalitetssikre kalkylane, kan feil førekomme. Vi set stor pris på om alle som har forslag til opprettingar, forbetringar eller nye kalkylar, tek kontakt med oss slik at vi kan ta omsyn til forslaga ved neste oppdatering.

Sammendrag

Dekningsbidragskalkylar for Vestlandet for 2009/2010 er utarbeida av NILF, distriktskontoret i Bergen. Kalkylane dekkjer dei tre vestlandsfylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, og er ei oppdatering av tidlegare utgjevne kalkylehefte. Kalkylane er no tekne inn i NILFs notatserie og vert lagt ut på NILFs heimeside. Kalkylane finst også i elektronisk form som ein del av planleggingsprogrammet Norkap. I samband med oppdatering av kalkylane er det mellom anna henta inn opplysningar frå samvirkeorganisasjonar og private grossistar. I tillegg er fleire av kalkylane kvalitetssikra hos lokale rettleiarar. Sjølv om det er lagt vekt på å kvalitetssikre kalkylane, kan feil førekomme. Vi set stor pris på om alle som har forslag til opprettingar, forbetringar eller nye kalkylar, tek kontakt med oss slik at vi kan ta omsyn til forslaga ved neste oppdatering.

Sammendrag

På oppdrag fra Landkreditt har Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (NILF) gjennomført en gjeldsundersøkelse på basis av driftsgranskingene for 2008. Formålet med undersøkelsen er å se på gjeldsforhold og driftskreditt i landbruket og utvikling over tid. Det er også lagt vekt på å vise hvilke markedsandeler de forskjellige banktypene innehar, og hvilke betingelser de yter overfor landbruket som kundegruppe. Landkreditt har finansiert undersøkelsen. Driftsgranskingsmaterialet for 2008 omfattet i alt 861 bruk fordelt over hele landet. Av disse brukene hadde 825 bruk registrert driftskredittkonto, 758 bruk hadde ett eller flere langsiktige lån. Gjeldsprosent er høyest i Nord-Norge (56 %) og Rogaland/Agder (53 %). Samlet gjeld for brukerne har økt mye i gjennomsnitt fra 1996 til 2006. De tre siste årene har gjeldsprosenten vært omtrent uendret rundt 45 prosent. Markedsandelene for de ulike bankene varierer både med tanke på regioner, størrelsesgrupper og driftsformer. For Landkreditt er situasjonen følgende: • Regioner. Høyest andel på Østlandet med vel 20 prosent både når en ser på gjeld på driftskreditt og langsiktig lån. • Driftsform. Landkreditt størst blant bruk med korn og korn/svin og lavest blant bruk med sau. • Brukstørrelse. Landkreditts andel øker med størrelse på brukene fra 5,7 prosent for de minste til 16,0 prosent for de største. • Kredittramme. Landkreditt har økende markedsandel med økende kredittramme på driftskreditt. Den stiger fra 3 prosent for bruk med kredittramme under kr 50 000 til 41 prosent for de med kredittramme over kr 500 000. […]

Sammendrag

Formålet med analysen har vore å vise utviklingstrekk for jordbruket i Hordaland og Sogn og Fjordane og å kartlegge verdiskaping, omsetning og sysselsetting innan hovudproduksjonane i jordbruket på fylkes- og kommunebasis. Også for skogbruk er verdiskaping kartlagt på kommunebasis, medan ein for tilleggsnæring har kartlagt verdiskaping på fylkesnivå. Vestlandsjordbruket er prega av mange små driftseiningar, med grovfôrbasert husdyrhald som bærande produksjonar. Det siste tiåret er talet jordbruksbedrifter i Hordaland og Sogn og Fjordane redusert med høvesvis 39 prosent og 35 prosent. Dette er noko meir enn reduksjonen på landsbasis som var på 31 prosent i same perioden. Dei to fylka har også hatt større prosentvis nedgang i dyretal både for mjølkekyr og sau enn landsgjennomsnittet. Jordbruket i dei to fylka har heller ikkje hatt like rask strukturendring som andre delar av landet. I Hordaland er gjennomsnittleg storleik på bruk med mjølkekyr auka med 41 prosent i perioden, til 15,1 kyr per bruk. I Sogn og Fjordane auka kutalet med 43 prosent i perioden, til 14 kyr i gjennomsnitt, medan landsgjennomsnittet auka med 50 prosent til 19,8 kyr per bruk. For sauehaldet auka dyretal per bruk med 32 prosent i Hordaland og 31 prosent i Sogn og Fjordane. Samstundes auka dyretal per bruk med 43 prosent i gjennomsnitt for landet. I 2008 var gjennomsnittsbuskapen av sau høvesvis 49,8 vinterfôra sauer i Hordaland, 55,2 i Sogn og Fjordane og 69,9 i gjennomsnitt for landet. Frukt- og bærproduksjon er svært viktig i nokre av vestlandskommunane. I 2008 var 35 prosent av eplearealet i landet, 49 prosent av pærearealet, 49 prosent av plommearealet og 43 prosent av arealet med søt- og surkirsebær lokalisert i Hordaland, det meste i Ullensvang kommune. Sogn og Fjordane har ein omfattande bringebærproduksjon. Dei siste 10 åra er arealet auka med 34 prosent. Også produksjonsomfanget er redusert for viktige produkt, men ikkje i same grad som nedgangen i brukseiningar og dyretal. Vestlandsbonden har hatt om lag same trenden i økonomisk utvikling som resten av landet i perioden 1998-2007, men nivået har lege kr 20 000–25 000 under landsgjennomsnittet. Verdiskaping frå jordbruket, rekna som nettoprodukt inkl. tilskot, er berekna til 562,5 mill. kr for Hordaland og 606 mill. kr for Sogn og Fjordane. I Hordaland er det Voss som har høgast verdiskaping med 78,5 mill. kr. Deretter følgjer Ullensvang (64,4 mill. kr), Kvinnherad (56,1 mill. kr), (Kvam 51,6 mill. kr) og Etne (46,2 mill. kr). Gloppen er kommunen med høgaste verdiskapinga i Sogn og Fjordane med 73 mill. kr, følgt av Stryn (59,2 mill. kr), Luster (47,3 mill. kr), Jølster 41,4 mill. kr) og Sogndal (37,8 mill. kr). […]

Sammendrag

«Driftsgranskingar i jord- og skogbruk» er ei årleg rekneskapsgransking der det inngår ca. 900 bruk over heile landet. Grunnlagsmaterialet for denne granskinga er omfattande, og mange data vert det ikkje plass til i den landsdekkande publikasjonen. Det er stor etterspurnad etter lokale økonomiske data for Vestlandet. I tillegg er det eit mål for NILF å gjere data frå driftsgranskingane lettare tilgjengelege. Notatet er basert på driftsgranskingsdata frå dei tre vestlandsfylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Det deltek 168 bruk frå Vestlandet i granskinga, knapt 60 bruk frå kvart fylke. Dei økonomiske dataa i 10-årstrendane i kapittel fire er deflaterte etter konsumprisindeksen, medan 5-årsoversiktene i tabellsamlinga inneheld beløp i nominelle kroner frå kvart av åra. Kontinuiteten blant deltakarane i statistikken er god, derfor vil trendane over 5–10 år gje ei god oversikt over den økonomiske utviklinga i jordbruket i landsdelen. I tillegg til driftsøkonomien er totaløkonomien på bruka godt dokumentert.

Til dokument

Sammendrag

Næringsaktivitet på landbrukseiendommer kan deles i tradisjonelt jord- og skogbruk, annen aktivitet som tar utgangspunkt i eiendommens ressurser i form av arealer, bygninger og jord- og skogbruksmaskiner (tilleggsnæring), og i næringsaktivitet som ikke er knyttet til landbruket (annen næring). NILFs driftsgranskinger i jord- og skogbruk omfatter driftsregnskap fra såkalt «yrkesmessig drevne bruk». Driftsgranskingene omfatter ikke bruk/landbrukseiendommer med standard dekningsbidrag mindre enn 8 ESU. For å få bedre kunnskap om hvilke aktiviteter som foregår på disse eiendommene ble det i prosjektet «Næringsaktivitet og ressursgrunnlag på ulike typer landbrukseiendommer» blant annet gjennomført to utvalgsundersøkelser, én blant «mindre bruk» og én blant «landbrukseiendommer som ikke mottar produksjonstilskudd». Statistisk sentralbyrå har foretatt koblinger mot andre offentlige registre, blant annet er det hentet opplysninger om inntekt fra likningsdata. Prosjektet ble finansiert av Landbruks- og matdepartementet og ble gjennomført i samarbeid med Statistisk sentralbyrå. I dette notatet presenteres resultater for tilleggsnæring og annen næring fra driftsgranskingene for 2006 og resultater fra de to spørreundersøkelsene.

Til dokument

Sammendrag

Dette notatet presenterer resultata for økonomien i jordbruket i Rogaland og Agderfylka med trendar og økonomisk utvikling siste tiåret frå 1997 til 2006 og tabellsamling for 2002-2006. Årets notat tek for seg tema som samdrift, økologisk mjølkeproduksjon og skatt forutan dei faste postane med trendar og økonomisk utvikling siste tiåret og tabellsamling for dei siste fem åra. I den årlege undersøkinga har vi i 2006 med i alt 80 bruk frå Rogaland og 53 bruk frå Agder. Bruka frå Rogaland og Agder er delt inn i to regionar, Jæren og Agder og Rogaland andre bygder. Hovudtendensane er at svinehaldet på Jæren gav eit godt resultat for 2006 samanlikna med 2005, og at det var nedgong i resultata for mjølkeprodusentane i begge regionane. […]

Sammendrag

På oppdrag fra Landkreditt har Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (NILF) gjennomført en gjeldsundersøkelse på basis av driftsgranskingene for 2006. Driftsgranskingsmaterialet for 2006 omfattet i alt 912 bruk fordelt over hele landet. Av disse brukene hadde 839 bruk registrert driftskredittkonto, 847 bruk hadde ett eller flere langsiktige lån. Gjeldsprosent er høyest i Agder og Rogaland (52,8 %) og Nord-Norge (52,7 %). Samlet gjeld for brukerne har økt mye i gjennomsnitt de siste årene, det samme har gjeldsprosenten. Gjennomsnittlig langsiktig gjeld er høyest Agder og Rogaland med kr 1,45 mill. per bruk og lavest på Vestlandet med kr 0,95 mill. I gjennomsnitt for hele driftsgranskingsmaterialet økte gjeldsprosenten med 10,4 prosentpoeng fra 1996 til 2006. Markedsandelene for de ulike bankene varierer både med tanke på regioner, størrelsesgrupper og driftsformer. For Landkreditt er situasjonen følgende: • Regioner. Høyest andel på Østlandet med vel 20 prosent både når en ser på gjeld på driftskreditt og langsiktig lån. • Driftsform. Landkreditt størst blant bruk med korn og svin. • Brukstørrelse. Landkreditts andel øker med størrelse på brukene fra 3,5 prosent for de minste til 19,6 prosent for de største. • Alder. Landkreditt overrepresentert i gruppene 35-55 år, og underrepresentert i den yngste gruppen. • Kredittramme. Kunder i Landkreditt utnytter 76 prosent av innvilget kredittramme på driftskredittkonto. Østlandsbøndene har høyest utnyttingsgrad av kredittrammen. […]