Jordbruksåret 2020: Bonden auka inntektene i koronaåret

2021-08-06 12.28.14

Driftsgranskingane er baserte på rekneskapsresultat frå tilfeldig utvalde gardsbruk over heile landet. I 2020 var det 924 gardsbruk med i granskinga. Både produsentar av mjølk, gris, geit og storfekjøt fekk ein gjennomsnittleg auke i inntekter i fjor. Foto: Morten Günther

Nye tal frå dei årlege driftsgranskingane i jord- og skogbruk viser at jordbruket har vore forskåna frå dei verste konsekvensane av korona-pandemien. I gjennomsnitt auka jordbruksinntektene med 9 %. Men det var variasjonar mellom landsdelar og driftsformer, og ikkje alle tok del i framgangen.

Bondens økonomi i «koronaåret» 2020 blei i gjennomsnitt betre enn i 2019. Mindre «harryhandel» i Sverige, større forbruk av mjølk og låge straumprisar kan ha vore medverkande faktorar. Det er likevel store forskjellar mellom ulike driftsformer og landsdelar viser NIBIO sine tal frå driftsgranskingane 2020.

 

Høgast inntekt for kombinasjonsdrift

– Både produksjon av mjølk, gris, geit og storfekjøt fekk ein gjennomsnittleg auke i inntekter. Sauebøndene opplevde ikkje denne auken, men inntektene heldt seg rundt det same nivået som året før. Korn hadde noko nedgang, og også frukt- og bærprodusentane fekk litt lågare inntekt i 2020, seier Heidi Knutsen, seniorrådgjevar og driftsgranskar ved NIBIO.

Knutsen er ansvarleg for dei årlege driftsgranskingane som analyserer tal frå nesten tusen gardsbruk rundt i landet, for å følgje den økonomiske utviklinga i næringa.

I 2020 hadde produsentar av svin og korn den høgaste inntekta på 473 600 kroner i gjennomsnitt. På andreplass kom geitemjølkprodusentane med 440 100. Lågast var sauebøndene med 163 900 kroner i jordbruksinntekt.

– Landsdelane som hadde best resultat var flatbygdene på Austlandet og Jæren. Det var litt ulik utvikling mellom flatbygdene (tilsvarande område) på Austlandet og i Trøndelag.

Slide7.jpg
Inntektsutviklinga dei siste åra.

Nedgang for korn

Den gjennomsnittlege kornbonden såg ein nedgang i jordbruksinntekt frå 334 400 kroner i 2019 til 227 200 i 2020.

– Dersom ein ser dei siste åra litt i samanheng, ser vi at det går litt opp og ned. 2018 var det store tørkeåret og eit svært dårleg år for korn- og planteproduksjonen. Så gjekk det betre i 2019, men det blei litt dårlegare igjen i 2020. Kornprisane auka generelt i heile landet i 2020, men nedgang i kveiteavlinga bidrog til at produksjonsinntektene gjekk ned, sjølv om avlinga av havre og bygg auka for landsgjennomsnittet. Kostnadene auka, til dømes var såvare­kostnadane litt lågare i 2019, men høgare igjen i 2020. I 2021 vil vi nok kunne sjå utslag av at prisane på til dømes gjødsel aukar, kommenterer Knutsen.

Korn landskap.jpg
Kornprisane auka generelt i heile landet i 2020, men nedgang i kveiteavlinga bidrog til at produksjonsinntektene gjekk ned, sjølv om avlinga av havre og bygg auka for landsgjennomsnittet. Foto: Siri Elise Dybdal

Frukt og bær

Frukt- og bærproduksjon er den driftsforma som har hatt størst variasjon i jordbruksinntekta mellom år. 2020 vart eit svakare frukt- og bærår samanlikna med dei to føregåande åra som var svært gode. Det var særleg svikt i plommeavlingane i 2020 grunna ugunstig klima i bløminga kombinert med rekordavling året før. Jordbruksinntekta gjekk ned med 13 % frå 2019 til 2020, og vart 320 900 kroner per årsverk. Frukt- og bærproduksjon vart likevel den driftsforma som også dette året oppnådde høgast jordbruksinntekt på Vestlandet.

– Det var dårlege avlinger, og det gjorde at behovet for innleidd arbeidskraft var mindre enn i eit godt avlingsår, påpeikar Knutsen.

Også egg og fjørfe ser ut til å ha hatt eit godt år i fjor i følgje driftgranskaren.

– Det er ikkje så mange bruk med i driftsgranskingane som driv med grønsaker, men for dei som er med i granskinga, ser det ut til at 2020 var eit brukbart år trass i vanskar med å skaffe nok arbeidskraft, seier ho.

 

Koronaeffektar

Ein faktor som kan ha hatt påverknad på inntektene i 2020, var ein liten auke i mjølkeproduksjonen.

– Det var ein volumauke i kvota i 2020 og nokre klarte å ta denne ut. Det ser ut som om pandemien gjorde noko med måltidsvanane våre, for vi drakk meir mjølk og det var større etterspurnad i marknaden. Men mjølkeprisane gjekk litt ned, noko som mellom anna skuldast mindre etterbetaling i 2020, opplyser Knutsen.

Meir etterspurnad etter norske kjøtprodukt kan også ha hatt eit utslag på driftsinntektene:

– Når det gjeld husdyrprodukt var det jo slik at grensehandelen i Sverige sto på null. Vi kan ikkje seie sikkert at det ga utslag, men det kan tenkast at det har hatt ein effekt på etterspurnaden etter norskprodusert mat, særleg i område med mykje lekkasje til Sverige, seier ho.

For produsentar med tilleggsnæring innan turisme, gjorde korona-pandemien også utslag både på godt og vondt.

– Vi ser ikkje dette på gjennomsnittstala, men av dei som driv aktiv gardsturisme, var det nokre som gjorde det dårleg, mens andre gjorde det ganske bra. Vi reiste meir i Noreg og brukte meir pengar her heime. Nokon klarte å utnytte dette, andre som i større grad har næring basert på utanlandske gjestar, har nok gjort det dårlegare, fortel Knutsen.

Også straumprisane gjorde noko utslag for økonomien til den norske bonden.

– I 2020 var kostandane for elektrisitet lågare. Det er veldig annleis enn det vi no ser i 2021. Det viser at jordbruket er påverka av det som skjer rundt oss, avsluttar Knutsen.

KONTAKTPERSON
Driftsgranskingane 2020: Utfyllande stoff og tabellar
OM DRIFTSGRANSKINGANE

Driftsgranskingane er baserte på rekneskapsresultat frå tilfeldig utvalde gardsbruk over heile landet. I 2020 var det 924 gardsbruk med i granskinga

Undersøkinga viser resultat for jordbruk, skogbruk, tilleggsnæringar og totaløkonomi.

Driftsgranskingane er ei av dei største forvaltningsoppgåvene til NIBIO. Resultata blir brukte av styremaktene og forvaltninga, næringa, politikarar, forskarar, høgskular og universitet og andre med interesse for norsk landbruk. 

mg201511_DSC_4233.jpg
Geitemjølkprodusentane hadde nest høgast inntekt i 2020 samanlikna med inntekta for same produksjonar i 2019. Foto: Morten Günther
NOKRE NØKKELTAL

Gjennomsnittleg jordbruksinntekt per årsverk:

2020:   327 800

2019:   300 200


Dei to driftsformene med høgast og nest høgast inntekt i 2020 samanlikna med inntekta for same produksjonar i 2019:


Korn og svin

2020:   473 600

2019:   371 100


Geitemjølk

2020:   440 100

2019:    399 700


Dei to driftsformene med lågast og nest lågast inntekt i 2020 samanlikna med inntekta for same produksjonar i 2019:
 

Sau

2020: 163 900

2019: 164 200


Ammekyr

2020: 212 000

2019: 163 400

NHS-20071007-115842.jpg
Bønder som hadde produksjon av svin og korn var dei med høgast jorbruksinntekt i 2020. Foto: Nina Svartedal
Bringebær og jordbær - landskap.jpg
Frukt- og bærproduksjon vart den driftsforma som også dette året oppnådde høgast jordbruksinntekt på Vestlandet. Foto: Siri Elise Dybdal

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.