Hopp til hovedinnholdet

Sakte skjer stor endring: Sju sider ved norsk landbruk

DSCF8609_cropped

Mat for mjølkekyr. Grasslått i Hardanger. Talet på kyr per mjølkebruk i Noreg har gått opp frå 9,6 dyr per bruk i 1979 til 28,0 i 2019. I europeisk samanheng er dei norske besetningane framleis små. Foto: Kjersti Kildahl

I 2019 åt vi 80 kilo grønsaker, 53 kilo potet og 20 kilo kylling. I 1989 var tala 60 kilo grønt, 80 kilo potet og 5 kilo kylling. Dagros mjølkar i dag vel 7 000 liter i året, nær 2000 meir enn for ein mannsalder sidan. Overraska?

NIBIO-årboka Utsyn gir slikt overblikk over norsk landbruk. Ei fersk utgåve er nyleg publisert. Ulike statistiske kjelder er brukte for å vise status og utvikling. Endra jordbruksstruktur og forbruksmønster, auka produktivitet og betydninga av import står tydeleg fram.   

 

Endring i sanntid over tid

Endringane som frå eit år til det neste knapt er synlege, kan over nokre tiår fortelje om endringar av langt vidare dimensjonar enn akkurat for dei åra målinga gjeld. Når sanntid er blitt den nye normalen, kan dette virke sakte. Målt mot ein mannsalder, tida det tar å avløyse ein generasjon med den neste, rundt rekna 30-33 år, kan vi likevel sjå store endringar – også i jordbruket.  

- Utviklinga har gått frå eit arbeidsintensivt til eit kapital- og kunnskapsintensivt landbruk etter andre verdskrig. Gardsbruka er blitt færre, større og meir spesialiserte, seier landbruksøkonom Heidi Knutsen som har vore redaktør for boka. 

Før vi presenterer sju korte Utsyn-utdrag som kvar for seg fortel om ei utviklingsside ved norsk landbruk, kan det vere nyttig å sjå korleis jordbruksinntektene i Noreg fordeler seg på ulike produksjonar, nesten i sanntid – i 2019:

Figur1.jpg

Utdraga i kursiv nedanfor er henta ordrett frå Utsyn over norsk landbruk og omsett til nynorsk.

 

1 - Færre og større gardsbruk, meir leigejord 

Talet på jordbruksbedrifter har gått ned frå 99 400 i 1989 til 38 900 i 2019. Samtidig blir det gjennomsnittlege jordbruksarealet på dei jordbruksbedriftene som er i drift, stadig større. I 1999 var det i gjennomsnitt 147 dekar jordbruksareal per eining, medan gjennomsnittsarealet i 2019 var 252 dekar. Av dette var omtrent 46 prosent leigejord. Leigejord har hatt aukande betydning gjennom heile etterkrigstida

I 2019 hadde vi 700 færre jordbruksbedrifter enn i 2018. I 1959 hadde vi over 198 000. Nær 130 000 av desse hadde areal på 50 dekar eller mindre. Da utgjorde leigd jordbruksareal 12 prosent.  

Parallelt med utviklinga skildra ovanfor, går talet på gardsbruk med husdyr ‘kraftig ned’. Likevel held produksjonsvolumet seg oppe fordi produktiviteten har auka. Hos SSB finn vi at jordbruket etter 1970 hadde langt større produktivitetsvekst enn industrien. Særleg sterk var produktivitetsauken frå 1990 til 2005 med ein gjennomsnittleg årsvekst på 4 prosent målt i bruttoprodukt per timeverk, nær det dobbelte av vekstraten for industrien i same periode.  
 

2 – Færre mjølkekyr, mindre forbruk, fleire liter per ku 

Mjølkekubestanden har gått jamt nedover og er redusert frå 391 100 mjølkekyr i 1980 til 215 200 i 2019. Nedgangen har samanheng med at mjølkeforbruket og samla mjølkeproduksjon er redusert. Mjølkeytinga per ku har vore stigande sidan tusenårsskiftet, medan den samla mjølkeproduksjonen i denne perioden har vore relativt stabil med ein meierileveranse på ca. 1 500 mill. liter per år. 

I 2019 mjølka Dagros rett over 7 000 liter på eit år. Det er rundt 2 500 fleire liter enn for 40 år sidan. Talet på mjølkebønder går prosentvis meir ned enn talet på dyr. I 1979 hadde Noreg 39 000 mjølkebønder. I 2019 hadde vi 7 500. Det er ein nedgang på 80 prosent. Talet på mjølkekyr gjekk ned 45 prosent i same periode. 

Mjølkekyr i Vesterålen_Foto Solveig Goplen.jpg
Mjølkeleveransen i 2019 var 80 prosent så stor som i 1989. I 2019 var talet på mjølkebønder 26 prosent av talet i 1989. Det var 62 prosent så mange mjølkekyr som i 1989. Foto: Solveig Goplen

3 – Har kjøtforbruket nådd toppen?  

Forbruket av kjøt frå husdyr, det vil seie storfe og kalv, sau/lam, svin og fjørfe var på sitt foreløpig  historisk høgaste nivå i 2017 med 369 100 tonn, omtrent ei dobling frå tidleg på 1980-talet. Auken blir noko lågare per innbyggjar på grunn av auken i folketal.  

Med unntak av kylling, har forbruk av alle kjøtslag gått noko tilbake dei siste to åra. Kyllingforbruket toppa seg i 2019 med 20 kilo per innbyggjar, frå 5 kilo i 1989. 

Tabellen nedanfor gir status og snakkar for seg sjølv: 

 

Kjøtforbruk vist ved kilo per innbyggjar

  Storfe Sau/lam Svin Kylling
2019 18 5 25 20
2017 19 6 26 19
1989 17 6 19 5

 

 

4 – Norsk korn: Mest til dyrefôr 

Det meste av kornet produsert i Noreg, blir nytta til dyrefôr som kraftfôr. Av ein normalårsproduksjon på litt over 1 mill. tonn, vil omtrent 80 prosent gå til kraftfôr. I 2017 var delen matkorn 66 prosent, men gjekk ned til 36 prosent i 2018 på grunn av tørken dette året. 

Kornarealet er redusert med 18 pro­sent frå toppåret 2001 til 2019. Gjennomsnittsareal per kornbruk var 82 dekar i 1979, 107 dekar i 1989 og 275 dekar i 2019.

Korndyrking skjer i hovudsak på Austlandet og i Trøndelag. Eng utgjer nesten 70 prosent av jordbruksarealet i Noreg, og er berande for grasbaserte husdyrproduksjonar som mjølk og sau, spreidd busettting og anna.

Figuren viser arealfordeling i ulike delar av landet:

Figur2.jpg
Korndyrkinga i Noreg er via jordbrukspolitikken ‘kanalisert’ til flatbygdene på Austlandet og i Trøndelag der eigna dyrkingsforhold og tilgang på arbeidsplassar utanfor jordbruket er gode. Grasbasert husdyrproduksjon er styrt mot område ueigna for korndyrking og der sysselsetting utanfor bruket er vanskelegare.

5 – Økologisk jordbruk går ned  

Arealet som blir drive økologisk har gått ned etter 2013. Frå 2015 til 2016 auka det økologiske arealet, men gjekk ned igjen i 2017, og har halde fram å gå ned i åra etterpå. Frå 2013 til 2019 er det økologiske arealet redusert med 14 prosent. [-] Frå 2018 til 2019 har talet på husdyr i økologisk drift gått ned for dei grovfôrbaserte produksjonane. 

Etter at den talfesta målsettinga for økologisk jordbruk i Noreg gjekk ut av siste jordbruksmelding, har talet på økologiske jordbruksbedrifter og økologisk jordbruksareal gått jamt nedover. I 2013 var det 2 452 økologiske jordbruksbedrifter i Noreg. Seks år seinare var det 1 976.

I Stortingsmeldinga om jordbruket, Meld. St. 11 (2016-2017), går det fram at Regjeringen vil: «At utviklingen av den økologiske produksjonen skal være etterspørselsdrevet. Dette innebærer at det ikke lenger vil være et tallfestet mål for økologisk produksjon og forbruk.»

Og vidare: «Dette er ikke til hinder for at økologisk produksjon også fremover kan stimuleres over jordbruksavtalen.»
 

6 – Jordbruket er viktig for andre næringar 

Matindustrien er ein stor avtakar av jordbruksprodukt og mykje av vidareforedlinga skjer her. Industrien har derfor stor betydning for verdiskaping og sysselsetting med sine omlag 49 200 sysselsette, nærare 2 200 føretak og med ei omsetning på 206 mrd. kroner i 2018. 

Bruttoproduktet (produksjonsverdi minus produkt­innsats) i jordbruket var på 16,1 mrd. kroner i 2017, i nærings- og nytingsmiddellindustrien var bruttoproduktet 45,7 mrd. kroner. Sysselsettinga i jordbruket var 45 890 personar i 2017, medan nærings- og nytings­middelindustrien sysselsette 52 900 personar.
 

7 – Mest skog i Innlandet fylke – områda Hedmark, Oppland og Buskerud

Ser ein på fordelinga av skogressursane definert som produktivt skogareal, er ressursane ulikt fordelt. Av totalt 70 millionar dekar som blir forvalta av dei omlag 125 500 skogeigedomane, finn vi 27 prosent av arealet i Innlandet fylke.

Ca. 43,6 mill. skog­planter vart sette ut i 2019. Det er ein auke på 92 prosent samanlikna med 2009. Auka utplanting reflekterer det auka avvirkningsnivået i skogen.

 

Grasbasert jordbruk 

I tillegg til strukturelle eller marknadsmessige utfordringar har norsk jordbruk ei tilleggsutfordring. Å dyrke mat så langt nord, der fjell og vidde utgjer nær halvparten av arealet, er på mange måtar ein ekstrem aktivitet.  

- Noreg ligg i ytterkanten av dyrkingsområdet for fleire viktige vekstar. Vi er til dømes eit av få europeiske land som ikkje dyrkar sukkerplanter. Klimaet gjer og sitt til at kornavlingane per arealeinig er mindre enn i mange andre europeiske land, kommenterer Knutsen.  

Geografi, topografi og klima avgrensar kva planteproduksjonar som er moglege og forklarer samtidig kvifor fôrdyrking, oftast gras, er største planteproduksjon i store delar av landet.  

Av same grunnar har grovfôrbasert husdyrproduksjon så stor betydning i norsk jordbruk. 

Den jordbruksbaserte verdikjeden

«Den jordbruksbaserte verdikjeden er en av Norges få komplette verdikjeder. Regjeringen arbeider for å styrke konkurransekraften og effektiviteten på alle ledd slik at verdikjeden blir mindre politisk styrt og mer markedsrettet. Verdikjeden for jordbruk har store muligheter til å utvikle seg videre og jordbruksnæringen må bidra til den grønne omstillingen det norske samfunnet er i gang med.

Jordbrukspolitikken skal legge til rette for økt matproduksjon, mer mangfold, økt effektivitet og styrket konkurransekraft for jordbruksnæringen og tilhørende verdikjede. Norsk matproduksjon har mange konkurransefortrinn som gjør produktene konkurransedyktige på kvalitet både innenlands og utenlands. Samtidig er Norge et høykostland og med klima og topografi som påvirker økonomien i matproduksjonen. Disse kostnadsulempene medfører at norsk matproduksjon må bli mer effektiv for å være konkurransedyktig, samtidig som vi ivaretar særpreget i norsk matproduksjon.»


Kjelde: Stortingsmelding 11 (2016–2017). Endring og utvikling— En fremtidsrettet jordbruksproduksjon

Bruttoprodukt

Bruttoprodukt er eit uttrykk for «økonomisk merverdi opptjent gjennom innenlandsk produksjonsaktivitet i en næring eller sektor (eller totalt for alle næringer/sektorer), avledet og definert som produksjon minus produktinnsats,» ifølgje SSB.

IMG_4003.JPG
Norsk jordbruksproduksjon har vore retta mot å dekke det innanlandske forbruket av varer det er naturleg å produsere i Noreg. Av klimatiske årsaker, men og arealmessige, er det likevel avgrensa kor stor del av forbruket som kan produserast i Noreg. Importen er størst for dei varene som det av årsakene nemnd ovanfor blir produsert mindre av enn forbruket vårt, i første rekke frukt og bær.
20170526-OSP-2562_byutvikling_Kambrekka-Risvollan_Trondheim_Sør-Trøndelag.jpg
Berre 3,5 prosent av samla landareal i Noreg, utanom Svalbard og Jan Mayen, er jordbruksareal. Skog dekker 37,4 prosent, fjell og vidde 45,9 prosent. Til samanlikning utgjer utbygd areal 1,7 prosent av landarealet. Bildet viser bynært jordbruk i Trondheim. Foto: Oskar Puschmann
DSCF8003.JPG
Av gardbrukarfamilien si samla inntekt i 2018, kom 36 prosent frå jordbruket. Talet er det lågaste i 10-årsperioden. 46 prosent av inntekta kom frå ressursane på bruket, noko som betyr at 10 prosent av inntektene kom frå skogbruk, tilleggsnæring og/eller frå familien sitt arbeid på nyanlegg knytt til bruket. Foto: Kjersti Kildahl
tømmerbil.jpg
Skogbruket med tenester knytt til skogbruk, hadde eit bruttoprodukt på vel 6,8 mrd. kroner og sysselsette om lag 6 900 personer i 2018. Avleidd næring som trelast-, trevare- og papirvareindustri (skogindustri), sysselsette 15 900 personar i 2018. Bruttoproduktet i skogindustrien var på 12,4 mrd. kroner. Foto: John Yngvar Larsson
Jaktbart vilt

Jaktbart vilt utgjer ein stor økonomisk ressurs i skogbruket og for utmarks­om­råda. Det blir felt fleire hjort enn elg i Noreg. Det har vore ein markant auke i talet på felte hjort, medan talet felte elg har vore nokså stabilt dei siste tre åra. 

Hjortevilt.png
Kilde: Statistisk sentralbyrå (2020d) (2020e) (2020f)
COLOURBOX7738473_cropped.jpg
Jaktbart vilt utgjer ein stor økonomisk ressurs. Foto: www.colourbox.com

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.