Dyrkbar jord

Dyrkbar jord er areal som ikkje er fulldyrka, men som ut i frå agronomisk perspektiv kan dyrkast opp til fulldyrka jord, og som held krava til klima og jordkvalitet for plantedyrking. Datasettet er eit uttrekk frå digitalt markslagskart (DMK), og vert oppdatert årleg mot arealressurskartet AR5.

Dyrkbar_jord_VVoy_E_Solbakken.jpg
Dyrkbar jord på åpen fastmark, Vestvågøy. Foto: Eivind Solbakken

Dyrkbar jord kan vere registrert på arealtypane overflatedyrka jord, innmarksbeite, skog, åpen fastmark og myr i AR5.

Dyrkbar jord vert oppdatert årleg, basert på siste årsversjon av AR5. Tidlegare fulldyrka jord som er grodd igjen til skog, vert til dømes lagt inn som dyrkbar jord, medan areal som er bygd ned eller dyrka opp, vert tatt bort frå datasettet. 

Eigenskapen Dyrkbar jord viser alt areal som er registrert som dyrkbar jord. Eigenskapen Endret etter 2008 skiller mellom kva areal som var registrert som dyrkbar jord i DMK og kva som er lagt inn frå AR5 i ettertid. Dyrkbar jord som er merka med «arealtilstand er endra etter 2008», viser areal som tidlegare var registrert som fulldyrka jord i AR5.

 

Dyrkbar jord er eit Geovekst-datasett og ein del av det offentlege kartgrunnlaget (DOK). NIBIO har fagansvaret for datasettet Dyrkbar jord.


Opprinnelig kartlegging

Opprinneleg vart Dyrkbar jord kartlagt som «dyrkingsjord» i samband med feltkartlegginga for markslag i Økonomisk Kartverk i tidsrommet 1960-1990. Markslagskarta vart digitalisert og etablert som DMK. Opplysningane om dyrkingsjord vart ikkje teke med ved overgangen frå DMK til AR5 i 2008, men Dyrkbar jord vart etablert som eit eige datasett.

Under kartlegging av markslag i Økonomisk Kartverk vart det sett fleire krav til «dyrkingsjord». Desse er å finne i «Markslagsklassifikasjon i økonomisk kartverk», 1980-utgåva. Her går det mellom anna fram at minsteareal for registrering av dyrkingsjord var avhengig av avstand til veg og anna fulldyrka jord. Areal heilt ned i 2 dekar kunne registrerast som dyrkingsjord dersom det låg inntil allereie fulldyrka jord. Om avstand til fulldyrka jord eller veg var over 1 km, måtte dyrkingsjorda vere over 25 dekar for å verte registrert i kartet. I tillegg skulle jorda kunne dyrkast opp til lettbrukt eller mindre lettbrukt jord. Det betyr at hellinga måtte vere mindre enn 1:3. På dyrkingsjorda vart det også registrert opplysningar om stein- og blokkinnhald og dreneringsgrad.

 

Bruksområde

Dyrkbar jord har same lovmessige vern som dyrka jord i Jordlova. Datasettet bør brukast ved arealplanlegging og behandling av konsesjonssaker. I tillegg kan Dyrkbar jord brukast til dømes ved regionale analysar av potensial for nydyrking og arrondering av fulldyrka jord.

Areala som er registrert som dyrkbar jord kan vere underlagt restriksjonar mot nydyrking i samsvar med ulike lover og forskrifter, som til dømes forbod mot nydyrking av myr. Det er difor ikkje alle areala i datasettet som vil vere aktuelle å dyrke opp. For å finne kva areal som er reelt tilgjengeleg for oppdyrking, må ein halde datasettet opp mot andre relevante kjelder og datasett.

Tjenester

Kilden

Kilden er NIBIOs hovedkartløsning. Her er alle instituttets data samlet på ett sted sammen med et utvalg andre sentrale, nasjonale datasett.

Mer informasjon Til tjenesten
WMS-tjenester

WMS-tjenestene (Web Map Service) kan brukes til å implementere våre karttjenester i egne løsninger.

Mer informasjon