Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2009

Sammendrag

Mange av dei fråflytta hyllegardane langs Storfjorden i Møre og Romsdal har vorte innlemma i det nyoppretta Verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap. Skageflå er den største og mest kjende av desse gardane og hadde eit omfattande brukslandskap som strekte seg heilt frå fjorden og opp til høgfjellet. Det vart registrert 15 restar etter sikre bygningar i brukslandskapet utanom innmarka og det har høyrt tre sætrar til garden. Det vart ikkje registrert kulturmarker med høg biologisk verdi i utmarkslandskapet og det vart ikkje registrert spesielt sjeldsynte planteatrar.

Sammendrag

Juletrenæringen er i sterk vekst i Norge og utviklingen går mot stadig mer profesjonell produksjon. Gode resultater har gjort at norske juletrær etterspørres i Europa. Eksporten har økt de siste årene og var på anslagsvis 70 000 trær i 2008. Det er viktig å bistå en vekstnæring med å opprettholde produksjonen på et høyt nivå. Forskning på aktuelle problemstillinger er avgjørende.

Sammendrag

Diekalvproduksjon på utmarksbeite kan gi like stor tilvekst og slaktevekt som tilsvarende produksjon på innmarksbeite. Begge beitetypene gav meget god kjøttkvalitet med kun små forskjeller i kvalitet mellom kjøtt produsert på inn- og utmark. Prosjektet er gjennomført av Nortura og Bioforsk med besetninger av forskjellige storferaser fra Lillehammer, Gausdal, Øyer og Ås.

Sammendrag

Fôrkvaliteten av ulike skottkategoriar av timotei vart analysert frå tidleg om våren til førsteslått. Ved uttakstidspunkta vart fenologisk utviklingstrinn bestemt som Mean stage by count og Mean stage by weight. Det var sterk og sikker samanheng mellom kvalitet og utviklingstrinnet.

Sammendrag

Resultata etter tre år med forsøk og prøvingar med sortar og gjødsling til økologisk kveite syner at det er store variasjonar frå felt til felt og frå åker til åker, men med gode forgrøder og tilskot av organiskre gjødselslag som tørka førfégjødsel kan ein oppnå gode kveiteavlingar med tilfredstillande bakekvalitet i dei sentrale kornområda i Hedmark og Oppland. Det er svær viktig å halde ugraset under kontroll, og ein må treske i rett tid for å sikre falltalet og bakekvaliteten. Zebra og Demonstrant er dei mest yterike sortane, men der veksetida er begrensande og ein er ute etter sterk proteinkvalitet er Berserk eit godt alternativ. Bastian er på veg ut, men er framleis den sorten som vert tidlegast mogen og har best bakekvalitet. Kort stå gjer at Bastian og Bjarne ikkje må dyrkast der ein har ugrasproblem. Møystad er ein robust sort som tevlar godt mot ugraset, medan bakekvaliteten er om lag som for Zebra. Gjødslig med tørre gjødselslag som fjørfegjødsel eller kjøttbeimjøl ved såing gir meiravling, men det var liten effekt av delgjødsling på avling og proteininnhald i kornet. Ein tilrår at all gjødsle vert gitt ved såing og ho bør nedmoldast.

Sammendrag

Oljevekstar har høgt innhald av både feitt og protein og kan bli av stor betyding dersom utfordringane i forhold til dyrking blir løyst. Ei anna utfordring ved bruk til drøvtyggarar er det høge feittinnhaldet som kan gi kvalitetsfeil på mjølk og redusere fiberomsettinga i vom. Vi har førebels avgrensa erfaringar med oljevekstar i økologisk landbruk. I eit fireårig prosjekt "Organic protein feed and edible oil from oilseed crops" vil ein utvide desse erfaringane og i tillegg vurdere fôrkvaliteten til økologisk dyrka proteinvekstar som raps, rybs, camelina og erter, ved ulik nitrogen (N) og svovelgjødsling (S). Prosjektet blir leia av Bioforsk i samarbeid med UMB, SLU i Sverige, NIJOS, Meteorologisk institutt, Norfima Mat, Felleskjøpet Fôrutvikling, TINE-produsentrådgiving og Norsk Matraps AB. Så langt i prosjektet ser det ut til at økologisk dyrka vårrybs, haustrybs og erter har tilsvarande næringsverdi som konvensjonelt dyrka proteinvekstar. Aminosyre-profilen i vårrybs og haustrybs ser ikkje ut til å bli påverka av N-gjødsling og i liten grad av S-gjødsling. Det er forskjell i kjemisk samansetning av vår- og haust-rybs. Dette kan kome av ulike dyrkingsforhold på grunn av ulik vekstrytme, og kan dermed bli endra neste sesong. Pressrest av haust- eller vårrybs har høgare innhald av råprotein og mineral enn frø, og kan være aktuell i fôr til både drøvtyggarar og fjørfe, særleg i kombinasjon med erter. Utfordringa er å handtere feittet slik at ein kan ta inn nok av oljevekstane i fôrblandinga slik at det blir eit proteintilskot. Camelina kan vere eit alternativ til dei tradisjonelle oljevekstane raps og rybs i økologisk produksjon, da problema med skadegjerarar i vekstsesongen ser ut til å være betydeleg mindre. I forsøka så langt har camelina gitt litt høgare avling enn vårrybs, men både camelina, haust- og vårrybs har eit tilfredstillande avlingsnivå.