Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2004

Sammendrag

Mengd angrep av ulike ròtesoppar har vorte undersøkt på underutvikla (aborterte) og normalt utvikla søtkirsebærfrukter av 2 sortar (Van og Lapins) i 3 sesongar (1999-2001) i ei forsøksplanting. Fruktene vart hausta over ein periode på 4 - 7 veker og inkubert 7 dagar ved 20°C i vassmetta luft. Dei vanlegaste ròtesoppane var Monilinia laxa, Colletotrichum gloeosporioides og Botrytis cinerea. I middel av alle observasjonar dei 3 åra var det 51,9 % ròte på underutvikla frukter og 5,2 % på normalt utvikla frukter. I 24 av 25 forsøk var det signifikant meir ròte på underutvikla frukter enn på normalt utvikla frukter. Undersøkingar i to kommersielle søtkirsebærplantingar synte også at underutvikla frukter utvikla meir ròte enn normalt utvikla frukter (6,5 og 4,5 gonger så mykje). Kva tid fruktene aborterte varierte dei to åra dette vart undersøkt og det varierte mellom dei to sortane, men hovudaborteringa fann stad mellom 4 og 8 veker etter full blom. Meir ròte og raskare sjukdomsutvikling i underutvikla frukter tyder på at desse er meir mottakelege for ròtesoppar enn normalt utvikla frukter. Slike frukter kan difor vera ei potensiell smittekjelde for friske frukter i nærleiken.

Sammendrag

Pathogen colonization and transcript levels of three host chitinases,putatively representing classes I, II, and IV, were monitored with real-time PCR after wounding and bark infection by Heterobasidion annosum in 32-year-old trees of Norway spruce (Picea abies) with low (clone 409) or high (clone 589) resistance to this pathogen. Three days after inoculation, comparable colonization levels were observed in both clones in the area immediately adjacent to inoculation. At 14 days after infection, pathogen colonization was restricted to the area immediately adjacent to the site of inoculation for clone 589 but had progressed further into the host tissue in clone 409. Transcript levels of the class II and IV chitinases increased after wounding or inoculation, but the transcript level of the class I chitinase declined after these treatments. Transcript levels of the class II and class IV chitinases were higher in areas immediately adjacent to the inoculation site in clone 589 than in similar sites in clone 409 3 days after inoculation. This difference was even more pronounced 2 to 6 mm away from the inoculation point, where no infection was yet established, and suggests that the clones differ in the rate of chitinase-related signal perception or transduction. At 14 days after inoculation, these transcript levels were higher in clone 409 than in clone 589, suggesting that the massive upregulation of class II and IV chitinases after the establishment of infection comes too late to reduce or prevent pathogen colonization.

Sammendrag

Utbrot av rotstokkròte i jordbær har i stor grad samanheng med sortane som vert dyrka. Utviklinga dei siste tiåra har gått mot meir mottakelege sortar, og dette er hovudårsaka til den sterke spreiinga av sjukdomen. Ved Planteforsk har ei stor mengde sortar vortne testa dei siste åra, og også nedarving av motstandsevne mot sjukdomen har vorte studert.

Sammendrag

Når den årvisse, hektiske perioden med hausting og sal av juletre, kristtorn og diverse klyppegrønt er tilbakelagt, er det viktig at ein ikkje gløymer felta resten av vinteren. For å redusera angrep av sopp og skadedyr, er det fleire arbeidsoppgåver som kan utførast før vekstsesongen tek til, spesielt rydding og diverse skjering. Frå februar/mars og fram til skyting er det ofte tørt og kaldt og difor minimal fare for å få soppinfeksjon i sårflater etter skjering.

Sammendrag

Nordmann fir/Caucasian fir (Abies nordmanniana) is the dominant Christmas tree species in Norway. In many plantations there are problems with heavy needle cast. The fungus Rhizosphaera kalkhoffii is often detected in dying needles on lower branches. Another serious needle cast is green, current season needles falling off during the winter, both on newly harvested trees and in the field. This needle cast is mainly located on the top shoot and the upper branches. Two fungi are associated with this symptom; Thysanophora penicillioides and a not yet identified synnematous, dematiaceous hyphomycete. The latter was found in April 2004 on up to 73% of the needles that fell off in a field when the trees were hand shaken.

Sammendrag

The fungus Cryptocline taxicola (Allesch.) Petrak was identified for the first time in Norway on severely damaged English yew (Taxus baccata) in the summer of 2001. New samples taken in the fall of 2003 and in the spring of 2004, showed that C. taxicola was still present, but did not cause as much damage as in 2001. The fungus attacks and kills current season needles and shoots.

Sammendrag

I artikkelen "Brune nåler og skrot på barlind" i Gartneryrket nr. 13 i 2001, vart det nemnt at det i tillegg til soppane Pestalotiopsis sp. og Phomopsis sp. vart funne sporehus med sporar av ein sopp som på det tidspunktet ikkje var identifisert. Nye prøvar hausten 2003 av barlind (Taxus baccata) i parken ved Norges Landbrukshøgskole, syner at denne soppen framleis er til stades. Soppen er no identifisert til Cryptocline taxicola.

Sammendrag

Algesoppen Phytophthora har vore problematisk i lawsonsypress (Chamaecyparis lawsoniana) i fleire år, men bar- og juletreproduksjonen av edelgran har til no vore skåna for denne alvorlege skadegjeraren. I Rogaland vart det i mai 2004 registrert Phytophthora-symptom i eit felt med nobeledelgran (Abies procera) til barproduksjon og i eit juletrefelt med nordmannsedelgran (Abies nordmanniana). I juli 2004 vart Phytophthora også påvist i eit juletrefelt med fjelledelgran i Buskerud. Denne artikkelen er tidlegare trykt i Gartneryrket nr. 7/2004 og i Nålestikka nummer 5/2004, men i dei tidlegare utgåvene er ikkje funn av Phytophthora på fjelledelgran i Buskerud med.

Sammendrag

Algesoppen Phytophthora har vore problematisk i lawsonsypress (Chamaecyparis lawsoniana) i fleire år, men bar- og juletreproduksjonen av edelgran har til no vore skåna for denne alvorlege skadegjeraren. I Rogaland vart det i mai 2004 registrert symptom på omfattande Phytophthora-angrep i eit felt med nobeledelgran (Abies procera) til barproduksjon og i eit juletrefelt med nordmannsedelgran (Abies nordmanniana).