Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2013

Sammendrag

Driftsgranskingane skal vise årlege resultat, og meir langsiktige utviklingslinjer, for økonomien i jordbruket. Undersøkinga er avgrensa til gardsbruk der inntekta frå jordbruket utgjer ein viktig del av den samla inntekta til brukarfamilien. Driftsgranskingane byggjer på skatterekneskapar som er omarbeidde til driftsrekneskapar. Rekneskapane kjem frå gardsbruk som er spreidde rundt i heile landet. For rekneskapsåret 2012 tok 870 bruk del i driftsgranskingane i jordbruket. Av desse var 142 med i dei spesielle driftsgranskingane i skogbruket. Dessutan leverte 33 samdrifter innan kumjølkproduksjon data til undersøkinga. Driftsgranskingane omfattar gardsbruk med eit standard dekningsbidrag som minst svarer til 8 ESU (europeiske storleikseiningar). For 2012 gjekk den grensa ved om lag 71 700 kroner. Økologisk jordbruk, samdrifter innan kumjølkproduksjon, jordbruksfrådrag og tilleggsnæringar til tradisjonelt landbruk er spesialfelt innafor driftsgranskingane. Desse emna vert behandla i eigne avsnitt i rapporten. […]

Til dokument

Sammendrag

NILFs årlige regnskapsundersøkelse, driftsgranskingene for jord- og skogbruk, er basert på driftsregnskap fra jordbruksbedrifter fra hele landet. I 2011 deltok 107 vanlige gårdsbruk fra Nord-Norge. Det er i hovedsak de samme brukene som deltar hvert år, og med kun små endringer i regnskapsprinsippene er resultatene godt egnet til å belyse den aktuelle økonomiske situasjonen og økonomisk utvikling over tid. Først omtales de viktigste økonomiske resultatene for 2011 for landsdel, fylker, driftsformer og størrelsesgrupper. Viktige økonomiske endringer i jordbruksnæringen belyses både på kort og lang sikt. I tillegg omtales også den totale økonomiske situasjonen for gårdbrukerfamilien. Deretter er det med et kapittel som omtaler økonomien i samdrifter i melkeproduksjon. I tillegg til sammenligning av økonomisk resultat med tidligere år, sammenlignes også samdriftene med konvensjonelt drevne melkebruk på samme størrelse. Dette kapitlet er skrevet av Svein Olav Holien og er basert på tilsvarende kapittel i publikasjonen: Driftsgranskingar i jord- og skogbruk. Den omfattende tabelldelen til slutt viser tall for de fem siste årene. Det er tabeller for landsdel, fylker, driftsformer og størrelsesgrupper.

2011

Sammendrag

Driftsgranskingane skal vise årlege resultat, og meir langsiktige utviklingslinjer, for økonomien i jordbruket. Undersøkinga er avgrensa til gardsbruk der inntekta frå jordbruket utgjer ein viktig del av den samla inntekta til brukarfamilien. Driftsgranskingane byggjer på skatterekneskapar som er omarbeidde til driftsrekneskapar. Rekneskapane kjem frå gardsbruk som er spreidde rundt i heile landet. For rekneskapsåret 2010 tok 835 bruk del i driftsgranskingane i jordbruket. Av desse var 147 også med i dei spesielle driftsgranskingane i skogbruket. Dessutan leverte 37 samdrifter innan kumjølkproduksjon data til undersøkinga. Driftsgranskingane omfattar gardsbruk med eit standard dekningsbidrag som minst svarer til 8 ESU (europeiske storleikseiningar). For 2010 gjekk den grensa ved om lag 76 900 kroner. Økologisk jordbruk, samdrifter innan kumjølkproduksjon, jordbruksfrådraget og tilleggsnæringar til tradisjonelt landbruk er spesialfelt innafor driftsgranskingane. Desse emna blir behandla i eigne avsnitt i rapporten. […]

Sammendrag

Driftsgranskingane skal vise årlege resultat, og meir langsiktige utviklingslinjer, for økonomien i jordbruket. Undersøkinga er avgrensa til gardsbruk der inntekta frå jordbruket utgjer ein viktig del av den samla inntekta til brukarfamilien. Driftsgranskingane byggjer på skatterekneskapar som er omarbeidde til driftsrekneskapar. Rekneskapane kjem frå gardsbruk som er spreidde rundt i heile landet. For rekneskapsåret 2011 tok 857 bruk del i driftsgranskingane i jordbruket. Av desse var 139 med i dei spesielle driftsgranskingane i skogbruket. Dessutan leverte 37 samdrifter innan kumjølkproduksjon data til undersøkinga. Driftsgranskingane omfattar gardsbruk med eit standard dekningsbidrag som minst svarer til 8 ESU (europeiske storleikseiningar). For 2011 gjekk den grensa ved om lag 74 800 kroner. Økologisk jordbruk, samdrifter innan kumjølkproduksjon, jordbruksfrådraget og tilleggsnæringar til tradisjonelt landbruk er spesialfelt innafor driftsgranskingane. Desse emna blir behandla i eigne avsnitt i rapporten. […]

Til dokument

Sammendrag

NILF utfører årlege «Driftsgranskingar i jord- og skogbruk». Formålet med desse er å vise resultat og utvikling i økonomiske tilhøve for gardsbruk der inntekter frå jordbruket har eit vesentleg omfang. Driftsgranskingane skal vise økonomiske resultat for brukarfamilien og for ulike grupper av bruk med omsyn til storleik, driftsform og geografisk plassering. Resultat vert publiserte i ein landsdekkande publikasjon og fleire regionale publikasjonar. I dette notatet er lønsemda i jordbruket i 2009 for Agder-fylka og Rogaland presentert. Notatet inneheld også trendar og økonomisk utvikling siste tiåret og tabellsamling for de siste fem åra. I tillegg vert verknadene av jordbruksfrådraget grundig gjennomgått. Elles er det med eit kapittel om resultat frå ei spesialgransking der ein har samanlikna økonomien på bruk som har investert i driftsbygningar eller maskinar, med bruk som ikkje har investert. Det var 52 bruk frå Agder-fylka og 76 bruk frå Rogaland som var med i driftsgranskingane i 2009. Dei 128 bruka er fordelte på to regionar, Jæren med 48 bruk og Agder og Rogaland andre bygder med 80 bruk. Resultata for 2009 viste at bøndene frå Jæren hadde det høgaste inntektsnivået i 2009, som i 2008 og 2007. Jæren hadde også ein solid auke i nettoinvesteringar frå 2008 til 2009 på 50 prosent, målt i faste 2009-kroner.

Sammendrag

NILF utfører årlege «Driftsgranskingar i jord- og skogbruk». Formålet med desse er å vise resultat og utvikling i økonomiske tilhøve for gardsbruk der inntekter frå jordbruket har eit vesentleg omfang. Driftsgranskingane skal vise økonomiske resultat for ulike grupper av bruk med omsyn til storleik, driftsform og geografisk plassering. Totaløkonomien for brukarfamilien vert også presentert. Resultata vert publiserte i ein landsdekkande publikasjon og fleire regionale publikasjonar. Årets notat for Vestlandet viser lønsemda i jordbruket i 2009 og trendar og økonomisk utvikling siste tiåret og tabellsamling for dei siste fem åra. I tillegg er det presentert eit kapittel om skatt, og eit kapittel om økonomi på mjølkebruk som har hatt store utbyggingar av produksjonen i Møre og Romsdal og i Sogn og Fjordane. […]

2009

Til dokument

Sammendrag

Driftsgranskingane skal vise årlege resultat, og meir langsiktige utviklingslinjer, for økonomien i jordbruket. Undersøkinga er avgrensa til gardsbruk der inntekta frå jordbruket utgjer ein viktig del av den samla inntekta til brukarfamilien. Driftsgranskingane byggjer på skatterekneskapar som er omarbeidde til driftsrekneskapar. Rekneskapane kjem frå gardsbruk som er spreidde rundt i heile landet. For rekneskapsåret 2009 deltok 848 bruk i driftsgranskingane i jordbruket. Av desse var 142 også med i dei spesielle driftsgranskingane i skogbruket. Dessutan leverte 38 samdrifter innan kumjølkproduksjon data til undersøkinga. Driftsgranskingane omfattar gardsbruk med eit standard dekningsbidrag som minst svarer til 8 ESU (europeiske storleikseiningar). For 2009 gjekk den grensa ved om lag 83 800 kroner. Økologisk jordbruk, samdrifter innan kumjølkproduksjon og tilleggsnæringar til tradisjonelt landbruk er spesialfelt innafor driftsgranskingane. Desse emna blir behandla i eigne avsnitt i rapporten.

Sammendrag

«Driftsgranskingar i jord- og skogbruk» er ei årleg rekneskapsgransking der det inngår ca. 900 bruk over heile landet. Grunnlagsmaterialet for denne granskinga er omfattande, og mange data vert det ikkje plass til i den landsdekkande publikasjonen. Det er stor etterspurnad etter lokale økonomiske data for Vestlandet. I tillegg er det eit mål for NILF å gjere data frå driftsgranskingane lettare tilgjengelege. Notatet er basert på driftsgranskingsdata frå dei tre vestlandsfylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Det deltek 168 bruk frå Vestlandet i granskinga, knapt 60 bruk frå kvart fylke. Dei økonomiske dataa i 10-årstrendane i kapittel fire er deflaterte etter konsumprisindeksen, medan 5-årsoversiktene i tabellsamlinga inneheld beløp i nominelle kroner frå kvart av åra. Kontinuiteten blant deltakarane i statistikken er god, derfor vil trendane over 5–10 år gje ei god oversikt over den økonomiske utviklinga i jordbruket i landsdelen. I tillegg til driftsøkonomien er totaløkonomien på bruka godt dokumentert.

2008

Sammendrag

Hovudformålet med driftsgranskingane er å vise årlege resultat og meir langsiktige utviklingslinjer for økonomien på gardsbruk der inntekta frå jordbruket har eit vesentleg omfang. Driftsgranskingane byggjer på skatterekneskapar som er omarbeidde til driftsrekneskapar. Rekneskapane kjem frå gardsbruk som er spreidde rundt i heile landet. For rekneskapsåret 2007 deltok 902 bruk i driftsgranskingane i jordbruket. Av desse var 155 også med i dei spesielle driftsgranskingane i skogbruket. Dessutan leverte 32 samdrifter innan kumjølkproduksjon data til undersøkinga. Driftsgranskingane omfattar i hovudsak familiebruk med ein arbeidsinnsats i jordbruket på mellom 1 800 og 6 000 normerte timar. Eit årsverk i jordbruket er definert til å vere 1 845 arbeidstimar. Økologisk jordbruk, samdrifter innan kumjølkproduksjon og tilleggsnæringar til tradisjonelt landbruk er spesialfelt innafor driftsgranskingane. Desse emna blir behandla i eigne avsnitt i rapporten. […]