Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2001

Til dokument

Sammendrag

Behandlingsmetodene som brukes i bestandsskogbruket er kjente og godt dokumenterte. Alternative behandlingsmetoder vet vi også en del om, på tross av at det i lang tid har vært fokusert lite på slike, både i praksis og i forskning. I de senere år er ulike problemstillinger knyttet til konsekvensene for foryngelse, produksjon, virkeskvalitet, driftsteknikk og økonomi tatt opp.

Sammendrag

Eit dyrkingsproblem er at søtkirsebær-trea utan synlege sjukdomsteikn brått kan stagnera i vekst og døy endå om feltet har fått optimalt stell. For tida er det ingen konkrete rådgjerder for dyrkarane bortsett frå å planta nye tre i staden for dei som gjekk ut. Med finansiering frå Statens Landbruksbank har Planteforsk Ullensvang i samarbeid med Planteforsk Plantevernet gjennomført det eitt-årige prosjektet "Kartlegging av årsaker til tredaude i søtkirsebær" i 1999. Kartleggingsarbeidet var delt i to: 1.Kartlegging av 5 bruk som har problem med tredaude blant medlemene til Hardanger Frukt og Bær med utttak og analyse av nematode-, sopp-, virus- og jord- og bladprøvar saman med feltinspeksjonar. 2. Spørjeundersøking til søtkirsebærdyrkarar ved 5 fruktlager i Ullensvang om tilhøve som kan tenkjast å påverka tredaude i søtkirsebær . Grupper av rotnematodar som gjer skade på frukttrea var registrert i alle hagane og kan såleis vera medverkande til symptoma. Det var også mogeleg å relatera høge populajonar av rotsårnematodar til dårleg tilvekst og høge spiralnematodetal til tidlegare observasjonar av tredaude. Det vart ikkje påvist at ulike insekt, soppar, bakteriar eller virus var primærårsak til denne tredauden. Spørjeundersøkinga viste at mange søtkirsebærdyrkarar meinte det var skilnad mellom kor utsette ulike sortar og grunnstammer var for tredauding i frukthagane. Gjenplanting på same arealet kort tid etter at det var rydda steinfruktplanting fremja tredauding. Lauvtrebarkbillen var årsak til tredaude, men då er diagnosen oftast enkel å stilla.