Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2009

Sammendrag

Det har tradisjonelt vore sterkast fokus på kvaliteten i førsteslåtten. For dei som ønskjer grovfôr med høg potensiell næringsverdi, har oppskrifta vore å hauste denne tidleg. Ein skal samtidig planlegge utfrå at tidleg førsteslått gjer at ein stor andel av årsavlinga må takast i seinare slåttar. Det er ikkje gitt at alt grovfôret ein haustar i sesongen må halde høg eller like høg kvalitet, men nokre husdyrprodusentar kan ha dette som mål. Det vil da vere viktig å gjere ei totaltilpassing når det gjeld tal haustingar og haustetider. Vi presenterer her resultat som viser at det er viktig å hauste også andre- og tredjeslåttar tidleg dersom ein vil ha høg kvalitet i heile årsavlinga.