Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2019

Til dokument

Sammendrag

Prøving av nye og eldre sortar og lovande seleksjonar av bærartene har vore særleg omfattande i Noreg etter 1950. Arbeidet har vore meir eller mindre organisert og det meste gjennomført ved dei regionale forskingsstasjonane (forsøksgardar, Statens forskingsstasjoner i landbruk, Planteforsk, Bioforsk, Nibio) og ved Norges landbrukshøgskole (NMBU). Matforskingsinstituttet Nofima As på Ås (tidlegare Norsk institutt for næringsmiddelforsking og Matforsk) har tidvis også vore viktig i samarbeidet. Arbeidet gjev oversyn over alle sortar og kjende seleksjonar av jordbær, bringebær, solbær, rips, stikkelsbær og bjørnebær som har vore prøvde i Noreg. Tabellane syner kva som har vore dei viktigaste sortane i dei ulike artene, kvar sortane har vore prøvde og når sortsforsøka har vore gjennomførde. Talet i parantesen syner til referansen i litteraturlista der ein kan finna nærare omtale av sortane.