Arealrekneskap

Gjennom prosjektet "Arealrekneskap for utmark" har vi vegetasjonskartlagt 1081 utvalsflater fordelt over heile landet. Talmaterialet frå kartlegginga gjev arealstatistikk som kan brukast inn mot forsking og utgreiingar. Til dømes har prosjektet vist at det kan haustas fôr til husdyr frå rundt 45 % av utmarksarealet vårt, og at om lag halvparten av denne beiteressursen er i bruk i dag.

AR18x18_Nordland.png
Vegetasjonskartlagt utvalsflate i Sandvik i Gildeskål, Nordland.


Arealressursar i utmark

Gjennom prosjektet «Arealrekneskap for utmark» (AR18 x 18) har NIBIO henta inn nasjonale og regionale tal for arealressursar i utmark. Datafangsten gjekk over 10 år.

AR18x18 er basert på vegetasjonskartlegging av 0,9 km2 store flater lagt ut med 18 km mellom kvar flate. 1081 flater fell innafor Norge sitt landareal (sjå figuren under). Kartlegginga på flatene følgjer system for vegetasjonskartlegging på oversiktsnivå.

Ut frå samla areal av vegetasjonstypar frå utvalsflatene i AR18x18, kombinert med kunnskap om beitekvalitet for den enkelte type, kan ein lage oversikt over beiteressursar på ulike geografiske nivå. Data frå desse flatene er presentert i fylkesvise rapportar; sjå  lenkene til venstre.

Nedst på sida her finn du andre publikasjonar frå prosjektet, som faktaark, vitskaplege og populævitskaplege artiklar.

 

AR18x18 rutenett.jpg
Arealrekneskap for utmark med nett av utvalsflater.

Publikasjoner

Sammendrag

For prosjektet «Arealrekneskap i utmark» er det i denne rapporten gjeve omtale av ressursgrunnlaget for utmarksbeite og ulike tilhøve kring bruk av beite. Omtalen er knytt til fylke og landet samla, og det er berekna grove tal for kapasitet og beitetrykk ut frå dagens beitebruk. Det er også gjeve tal for beiteressursar på innmarksbeite.

Sammendrag

The Norwegian area frame survey of land cover and outfield land resources (AR18X18), completed in 2014, provided unbiased statistics of land cover in Norway. The article reports the new statistics, discusses implications of the data set, and provides potential value in terms of research, management, and monitoring. A gridded sampling design for 1081 primary statistical units of 0.9 km2 at 18 km intervals was implemented in the survey. The plots were mapped in situ, aided by aerial photos, and all areas were coded following a vegetation type system. The results provide new insights into the cover and distribution of vegetation and land cover types. The statistic for mire and wetlands, which previously covered 5.8%, has since been corrected to 8.9%. The survey results can be used for environmental and agricultural management, and the data can be stratified for regional analyses. The survey data can also serve as training data for remote sensing and distribution modelling. Finally, the survey data can be used to calibrate vegetation perturbations in climate change research that focuses on atmospheric–vegetation feedback. The survey documented novel land cover statistics and revealed that the national cover of wetlands had previously been underestimated.

Sammendrag

Myr er ein viktig naturtype med eit særeige artsmangfald. Myrene er viktige for omregulering, og dei utgjer eit stort karbonlager. I Noreg er myrarealet 28 300 km2 og utgjer 9 % av landarealet. Dette viser tal frå prosjektet «Arealrekneskap for ut- mark» som no er presentert for heile landet. I tillegg til myr kjem 9 400 km2 anna forsumpa areal i form av sumpskog, som er 3 % av landarealet. Samla forsumpa areal utgjer da 12 %.

Sammendrag

Tal frå prosjektet ”Arealrekneskap i utmark” viser at Hordaland har 7 mill. dekar nyttbart beiteareal i utmark. Kvaliteten er litt betre enn landssnittet. Hordaland har mykje dyr i utmark, og utnyttinga av beiteressursane er høg i høve til andre fylke.

Sammendrag

Tal frå prosjektet ”Arealrekneskap i utmark” viser at Hedmark har 11 mill. dekar nyttbart beiteareal i utmark. Kvaliteten er noko lågare enn landssnittet. Spesielt for fylket er at beitekvaliteten er geografisk delt med svært gode beite i Nord-Østerdalen og skrinnare sør og midt i fylket. Bruken av beitet har endra seg veldig med aukande rovdyrproblem, og beitedyr i utmark er no stort sett å finne i nord og på Hedmarken.

Sammendrag

Tal frå prosjektet “Arealrekneskap i utmark” viser at Oppland har 11 mill. dekar nyttbart beiteareal i utmark. Kvaliteten er litt betre enn landssnittet. Spesielt for fylket er at mykje beiteareal er høgtliggande. Oppland er det fylket som har flest dyr i utmark, og utnyttinga av beiteressursane er høg i høve til andre fylke.

Sammendrag

På oppdrag frå Fylkesmannen i Oppland har Norsk institutt for skog og landskap laga ei utgreiing kring ressursgrunnlaget for utmarksbeite i fjellområdet mellom Valdres og Gausdal. Granskinga byggjer på ei ressurskartlegging utført i Skog og landskap sitt landsdekkande nett av prøveflater for prosjektet ”Arealrekneskap for utmark” (AR18x18). Det er vidare nytta arealressurskartet AR50 for å få uttrykk for beitekvalitet ned på beitelagsnivå. Det Kgl. Selskapet for Norges Vel sine beitegranskingar for Oppland, og eige feltarbeid i området, har òg vore viktig grunnlag for dette arbeidet. Utgreiinga er for eit landareal på 2022 km², der det meste (89 %) ligg mellom 800 – 1200 moh. 10 % ligg mellom 1200 – 1700 moh. For 11 beitelag er det gjeve nærare omtale av beitetilhøva......

Til dokument

Sammendrag

På oppdrag frå prosjektet ”Ecological effects of sheep grazing and the economy of sustainable husbandry in alpine habitats” (NFR, program ”Landskap i endring”) har Norsk inst. for skog og landskap utført ei beitegransking for store delar av Hardangervidda (6589 km²). Granskinga byggjer på ei ressurskartlegging utført i Skog og landskap sitt landsdekkande nett av prøveflater for prosjektet ”Arealrekneskap Noreg” (AR 18x18). Det er vidare nytta satellittfoto tolka i 5 arealklasser for å få uttrykk for beitekvalitet ned på beitelagsnivå. Det Kgl. Selskapet for Norges Vel sine beitegranskingar for Buskerud, Hordaland og Telemark frå 1940 og 50-talet, og eige feltarbeid på Vidda, har òg vore viktig grunnlag for dette arbeidet. Det meste av Hardangervidda er eit roleg høgfjellsplatå 1200-1400 moh. I vest blir terrenget meir kupert og mykje areal i sørvest ligg 1400-1600 moh. Også i nord blir terrenget meir kupert. Berggrunnen har store variasjonar. Kontrasten går mest mellom områda med kambrosilurberg på Hordalandsdelen av Vidda, og dei næringsfattige gneis og granittområda i Buskerud og Telemark. Næringsfattig er også kvartsittberggrunnen i sørvest. Lite lausavleiringar gjev her i tillegg eit landskap med mykje bart fjell. I aust er terrenget flatare med lausmassar som kan vera djupe. Verlaget på Hardangervidda er prega av at Vidda ligg på overgangen mellom kyst- og innlandsklima. På den vestlege delen av Vidda vil nedbøren vera mykje høgare enn i aust. Hardangervidda har store beiteressursar. Det finst jamt gode beite for sau over det meste av Vidda. Produksjonsresultat frå Saukontrollen stadfestar dette med vekter som for det meste ligg høgt i forhold til kringliggande beiteområde. Dei beste beita er likevel å finne i område med næringsrike bergartar som til dømes området innafor trekanten Bjoreidalen - Kvennsjøen - Stavali. Mykje av beitet er høgtliggande og kjem derfor seint, dette gjeld særleg på vestsida der det i tillegg er mykje snø. […]