Michael Angeloff

Senioringeniør

(+47) 974 30 326
michael.angeloff@nibio.no

Sted
Ås - Bygg R9

Besøksadresse
Raveien 9, 1430 Ås

Sammendrag

The Norwegian area frame survey of land cover and outfield land resources (AR18X18), completed in 2014, provided unbiased statistics of land cover in Norway. The article reports the new statistics, discusses implications of the data set, and provides potential value in terms of research, management, and monitoring. A gridded sampling design for 1081 primary statistical units of 0.9 km2 at 18 km intervals was implemented in the survey. The plots were mapped in situ, aided by aerial photos, and all areas were coded following a vegetation type system. The results provide new insights into the cover and distribution of vegetation and land cover types. The statistic for mire and wetlands, which previously covered 5.8%, has since been corrected to 8.9%. The survey results can be used for environmental and agricultural management, and the data can be stratified for regional analyses. The survey data can also serve as training data for remote sensing and distribution modelling. Finally, the survey data can be used to calibrate vegetation perturbations in climate change research that focuses on atmospheric–vegetation feedback. The survey documented novel land cover statistics and revealed that the national cover of wetlands had previously been underestimated.

Sammendrag

Norsk institutt for bioøkonomi har vegetasjonskartlagt 370 km² i Tolga østfjell i Tolga kommune. 66% av arealet er over skoggrensa opp til 1606 moh., resten i subalpin sone og barskogregionen.Kartlegginga er gjort etter instruks for kartlegging i målestokk 1:20 000 - 50 000 (VK50). Det er laga vegetasjonskart og to avleia temakart for beite for sau og storfe. Denne rapporten beskriv metode for kartlegging, registrerte vegetasjonstypar og deira fordeling i området. Det er gjeve ein omtale av beiteverdi og beitekapasitet, samt nokre råd kring skjøtsel av kulturlandskap og beite i kartområdet.

Sammendrag

Norsk institutt for bioøkonomi har vegetasjonskartlagt 96 km² på nordsida av Heidal i Sel kommune. Kartlegginga er gjort etter instruks for kartlegging i målestokk 1:20 000 - 50 000 (VK50). Det er laga vegetasjonskart og 2 avleia temakart for beite for sau og storfe. Denne rapporten beskriv metode for kartlegging, registrerte vegetasjonstypar og deira fordeling i området. Det er gjeve ein omtale av beiteverdi og beitekapasitet, samt nokre råd kring skjøtsel av kulturlandskap og beite i kartområdet.

Sammendrag

Denne rapporten presenterer ei oversikt over beiteressursar for husdyr i utmark i Hedmark for heile fylket og for kvar kommune. Det er gjeve omtale av beitekvalitet og laga berekningar av beitekapasitet sett i høve til ressursgrunnlag og beitebruken i 2015. Det er også sett opp oversikt over areal av innmarksbeite i fylket. Arbeidet er gjort på oppdrag frå Fylkesmannen i Hedmark.

Sammendrag

Myr er ein viktig naturtype med eit særeige artsmangfald. Myrene er viktige for omregulering, og dei utgjer eit stort karbonlager. I Noreg er myrarealet 28 300 km2 og utgjer 9 % av landarealet. Dette viser tal frå prosjektet «Arealrekneskap for ut- mark» som no er presentert for heile landet. I tillegg til myr kjem 9 400 km2 anna forsumpa areal i form av sumpskog, som er 3 % av landarealet. Samla forsumpa areal utgjer da 12 %.

Sammendrag

Norsk institutt for bioøkonomi utførte sommaren 2015 vegetasjonskartlegging av eit område på 94 km² i Vågå kommune i Oppland fylke. Kartlegginga er gjort etter instruks for kartlegging i målestokk 1:20 000 - 50 000 – VK50. Kartlagt areal ligg i lågfjell, fjellbjørkebeltet og ned i barskogsona. Det er laga vegetasjonskart og 2 avleia temakart for beite for sau og storfe. Denne rapporten beskriv metode for kartlegging, registrerte vegetasjonstypar og deira fordeling i området. Det er gjeve ein omtale av beiteverdi og beitekapasitet, samt gjeve nokre råd kring skjøtsel av kulturlandskap og beite i kartleggingsområdet.

Sammendrag

Oppdal østfjell har i lange tider vore kjent for ein rik fjellflora dit botanikarar har valfarta. Næringsrik berggrunn er viktigaste årsak til det store artsmangfaldet her. Berggrunnen skapar også grunnlag for eit uvanleg godt beite for husdyr og rein – noko av det beste fjellbeitet som finst i Sør-Noreg.

Sammendrag

Oppdal østfjell har i lange tider vore kjent for ein rik fjellflora dit botanikarar har valfarta. Næringsrik berggrunn er viktigaste årsak til det store artsmangfaldet her. Berggrunnen skapar også grunnlag for eit uvanleg godt beite for husdyr og villrein – noko av det beste fjellbeitet som finst i Sør-Noreg.

Sammendrag

På oppdrag frå Fylkesmannen i Oppland har Norsk institutt for skog og landskap laga ei utgreiing kring ressursgrunnlaget for utmarksbeite i fjellområdet mellom Valdres og Gausdal. Granskinga byggjer på ei ressurskartlegging utført i Skog og landskap sitt landsdekkande nett av prøveflater for prosjektet ”Arealrekneskap for utmark” (AR18x18). Det er vidare nytta arealressurskartet AR50 for å få uttrykk for beitekvalitet ned på beitelagsnivå. Det Kgl. Selskapet for Norges Vel sine beitegranskingar for Oppland, og eige feltarbeid i området, har òg vore viktig grunnlag for dette arbeidet. Utgreiinga er for eit landareal på 2022 km², der det meste (89 %) ligg mellom 800 – 1200 moh. 10 % ligg mellom 1200 – 1700 moh. For 11 beitelag er det gjeve nærare omtale av beitetilhøva......

Sammendrag

På oppdrag frå Samarbeidsutvalget for Ringsakerallmenningene og Pihl AS er det i denne rapporten gjeve ei vurdering av utmarksbeitet i Ringsakeralmenningane, søndre område. Vurderingane omfattar beitekvalitet og -kapasitet. Rapporten byggjer på data frå skogtakst for området, markslag i AR50 og vegetasjonskart i nærliggande område. Området er ikke synfart. Ringsakeralmenningane, søndre område, er 138 km² landareal. 137 km² kan reknast som utmark. Området ligg 400 – 700 moh. Det meste av berggrunnen er fattig sandstein, men det er innslag av rikare berggrunn med kalkstein. Gran er dominerande treslag og finst i lier og på anna areal med godt jorddekke og moderat til frisk vassforsyning. Blåbærgranskog er dominerande vegetasjonstype med 56% av utmarksarealet. I bratte parti finst frodigare skog av småbregne-, lågurt- eller høgstaudetype. Enggranskog dekkjer 9% av arealet. Furuskog på fastmark dekkjer 11% av utmarka. Det meste er lav- og lyngrik furuskog på skrinne toppar, breelvavsetningar og fastmarksparti i myrområde. 12% er sumpskogar og 11% myr. Areal av høg bonitet vil ha størst potensiale som husdyrbeite da det meste av arealet her vil vera blåbærgranskog, stadvis med godt innslag av enggranskog. Jamt over er det godt med høg bonitet i utgreiingsområdet slik at beitet gjennomgåande er godt. Området frå austenden av Sør-Mesna til øvre delen av dalføret etter Brumunda, har mykje furuskog og myr som gjev, lågare beitekvalitet. [...]

Sammendrag

I utmark er det veldig store kvalitetsforskjellar på areal med omsyn til produksjon av beiteplanter, men jordverntanken må rå også her.

Sammendrag

Norsk institutt for skog og landskap har sidan 2002 hatt ansvaret for å drifte Informasjonssystem for beitebruk i utmark (IBU). Dette er ei internettside som viser kartfesting av beitelag organisert gjennom stønadsordninga Organisert beitebruk. Ved sida av beitelagsgrenser er det vist kor mange dyr som er sleppt og kor mange som er tapt. Data for beitesesongen 2010 er no lagt ut.

Til dokument

Sammendrag

På oppdrag frå prosjektet ”Ecological effects of sheep grazing and the economy of sustainable husbandry in alpine habitats” (NFR, program ”Landskap i endring”) har Norsk inst. for skog og landskap utført ei beitegransking for store delar av Hardangervidda (6589 km²). Granskinga byggjer på ei ressurskartlegging utført i Skog og landskap sitt landsdekkande nett av prøveflater for prosjektet ”Arealrekneskap Noreg” (AR 18x18). Det er vidare nytta satellittfoto tolka i 5 arealklasser for å få uttrykk for beitekvalitet ned på beitelagsnivå. Det Kgl. Selskapet for Norges Vel sine beitegranskingar for Buskerud, Hordaland og Telemark frå 1940 og 50-talet, og eige feltarbeid på Vidda, har òg vore viktig grunnlag for dette arbeidet. Det meste av Hardangervidda er eit roleg høgfjellsplatå 1200-1400 moh. I vest blir terrenget meir kupert og mykje areal i sørvest ligg 1400-1600 moh. Også i nord blir terrenget meir kupert. Berggrunnen har store variasjonar. Kontrasten går mest mellom områda med kambrosilurberg på Hordalandsdelen av Vidda, og dei næringsfattige gneis og granittområda i Buskerud og Telemark. Næringsfattig er også kvartsittberggrunnen i sørvest. Lite lausavleiringar gjev her i tillegg eit landskap med mykje bart fjell. I aust er terrenget flatare med lausmassar som kan vera djupe. Verlaget på Hardangervidda er prega av at Vidda ligg på overgangen mellom kyst- og innlandsklima. På den vestlege delen av Vidda vil nedbøren vera mykje høgare enn i aust. Hardangervidda har store beiteressursar. Det finst jamt gode beite for sau over det meste av Vidda. Produksjonsresultat frå Saukontrollen stadfestar dette med vekter som for det meste ligg høgt i forhold til kringliggande beiteområde. Dei beste beita er likevel å finne i område med næringsrike bergartar som til dømes området innafor trekanten Bjoreidalen - Kvennsjøen - Stavali. Mykje av beitet er høgtliggande og kjem derfor seint, dette gjeld særleg på vestsida der det i tillegg er mykje snø. […]

Sammendrag

På oppdrag frå Stasskog SF, Forvaltningssekretariatet SVR og kommunane Bykle, Sirdal og Valle har Norsk inst. for skog og landskap utført ei beitegransking for delar av beiteområdet til Jæren smalelag i Setesdal vesthei. Granskinga byggjer på ei ressurskartlegging utført ved ei utvalsundersøking i eit nett av flater lagt ut med ein avstand på 9 kilometer. Dette er ei fortetting av Skog og landskap sitt landsdekkande nett for prosjektet AR 18x18. Det Kgl. Selskapet for Norges Vel sine beitegranskingar for Agder frå 1940-talet har òg vore viktig grunnlag for ressursvurderinga. Det er vidare nytta satellittfoto tolka i 5 arealklasser for å få uttrykk for beitekvalitet ned på heienivå. For kvar hei er det sett ein verdi for kvalitet av beite, og ut frå berekning av nyttbart beiteareal, er det tilrådd eit sauetal. Eit særpreg for området er det sterkt kuperte terrenget med mange høgder og ryggar, små dalar, botnar og vatn. Vatn utgjer omlag 13% av arealet. Berggrunnen er fattig med omsyn på næringsstoff for plantevokster. Lausmassedekninga er god i dalar og botnar. Mot høgdene blir dekket tynnare og ein finn store parti med nakne sva som særleg er karakteristisk i nordvestre delar. Klimatisk har området kystpreg. Nedbøren er høg, men det er ein klar gradient der nedbøren aukar frå nordaust mot vest og sør. Det meste av nedbøren kjem frå september til og med januar. Mykje av dette vil da koma som snø. Dei undersøkte heieområda har varierande beitekvalitet. Beitet i heiane har ikkje høg produksjon, men det finst likevel jamt med gode beiteareal. Friske risheiar med god smylevokster utgjer største delen av beiteressursen. Det som gjer desse beita særleg verdfulle er den høge snøleieprosenten ein finn over det meste så nær som lågtliggande areal i sør og ned mot skoggrensa. […]

Sammendrag

Norsk institutt for skog og landskap har utført ressursregistreringer i utmark i Evenes, Narvik og Tjeldsund kommuner. Dette omfatter skoglige registreringer i plantefelt og produktiv skog, samt inndeling av bjørkeskogen i volumklasser. Det er også kartlagt miljøregistreringer i skog (MiS). Som basisdata for utmarksforvaltning er det utført vegetasjonskartlegging. Ressurskartlegginga er utført i 15 områder på til sammen 123 314 dekar i de tre kommunene. Dette er først og fremst arealer der skogbruksinteressene er store. Områdene er avgrenset av Fylkesmannen i Nordland i samarbeid med Evenes, Narvik og Tjeldsund kommuner, samt etter innspill fra Skog og landskap. I Evenes er det 4 områder på til sammen 40 974 dekar. I Narvik er det 7 områder på til sammen 55 818 dekar. I Tjeldsund er det 4 områder på til sammen 26 522 dekar. Skogregistreringene omfatter avgrensing av granplantefelt etter hogstklasse og bonitet, samt tilleggsinformasjon om tetthet (a- eller b-bestand), tilstand, tiltak m.m. I bjørkeskog er det gjort en voluminndeling i 3 klasser. Miljøregistreringer i skog (MiS) er gjennomført i alle områdene. Furuskogen er inndelt etter vegetasjonstyper, men har også forenkla informasjon om tetthet og grunnforhold. […]

Sammendrag

I Ballangen kommune er det gjennomført en samordna ressurs- og miljøkartlegging. Målsettinga har vært å kartlegge både utnyttbare skog- og beiteressurser, samt viktige naturtyper og miljøregistreringer i skog (MiS). Det er utarbeidet vegetasjonskart for et areal på 192 km². Fra vegetasjonskartet er det avledet fire temakart: naturtyper (DN), kulturlandskap, beitekart for sau og beitekart for storfe. Det vil også bli avledet beitekart for elg. Registreringer av plantefelt, volum i bjørkeskog og miljøregistreringer i skog (MiS) er utført innen avgrensede områder for et areal på 120 km². For alle plantefelt er det blant annet registrert bonitet, hogstklasse, tetthet, tilstand og tiltak. For hogstmoden bjørkeskog er det tre volumklasser: 0-5 m3 per dekar, 5-12 m3 per dekar og >12m3 per dekar. Miljøregistreringer i skog (MiS) følger standard instruks til Landbruks- og matdepartementet, med tilpassa inngangsverdier for Nordland. Bjørkeskogen er stedvis overraskende stor, med opptil 22 m3 per dekar i Sinklia. Rundt 28 000 dekar bjørkeskog har over 5m3 per dekar. Det er stedvis store mengder død ved, mange lokaliteter med rikbarkstrær og svært mye høgstaudebjørkeskog. Vegetasjonskartlegginga er utført etter NIJOS sitt system for vegetasjonskartlegging i M 1:20 000 - 50 000. Vegetasjonen innen kartleggingsområdet skiller seg ut med spesielt frodige engskoger og store areal med kalkinnslag i fjellet. Det finnes imidlertid også store fattigmyrkomplekser og furudominerte partier på fattigere berggrunn. Kartlegginga i Ballangen er en del av Ofoten-prosjektet. Evenes, Tjeldsund og Narvik kommuner vil få tilsvarende data presentert seinere. Prosjektet skal videreføres gjennom Fylkesmannen, slik at alle grunneiere får tilbud om informasjon om alle tema for sin eiendom. Rapporten beskriver metoder for arbeidet og resultatene av kartlegginga. Vegetasjonstyper, naturtyper, MiS-typer, bjørkeskog, plantefelt og beiteforholdene beskrives nærmere. Det gis summerende statistikk for alle tema. Naturtyper, MiS-typer og kulturlandskap kommenteres også i en regional sammenheng.

Sammendrag

På Vega er det vegetasjonskartlagt et areal på 141 km². Registrering av plantefelt og potensiell plantemark er utført for produktiv skogsmark. Vegetasjonskartlegginga er utført etter NIJOS sitt system for vegetasjonskartlegging i M 1:20 000 - 50 000. Det er framstilt vegetasjonskart og 4 avleda temakart om biologisk mangfold, kulturlandskap, husdyrbeite og skogressurser. Rapporten beskriver metoder for arbeidet og gir en nærmere omtale av registrerte vegetasjonstyper og hvordan disse fordeler seg i området. Viktige områder for biologisk mangfold og kulturlandskap samt beitevurderinger er beskrevet. Det blir og gitt en kort omtale av skogressursene i kommunen, i første rekke bonitet og aldersfordeling i plantefelt samt en oversikt over potensiell plantemark for gran.

Sammendrag

I Ulnes sameige er det vegetasjonskartlagt eit areal på 97 km². Det meste av arealet ligg i fjellskogen, men større areal av snaufjell finst. Kartlegginga er utført etter NIJOS sitt system for vegetasjonskartlegging i M 1:50.000. Det er framstilt vegetasjonskart og 2 avleia temakart kring beitetilhøve. Rapporten beskriv metode for arbeidet og gjev ei nærare omtale av registrerte vegetasjonstypar og korleis desse fordeler seg i området. Det er gjeve spesiell omtale av beitetilhøva for husdyr og tiltak for skjøtsel av utmarksbeite.

Sammendrag

Svennes sameie (83 km²) vart vegetasjonskartlagt i 1986 i samband med ei hovedoppgåve ved Telemark distriktshøgskole (Angeloff m.fl. 1988). Feltarbeidet vart utført av Michael Angeloff, Hanne Lykkja, Stein Rosten og Solveig Viste. Vegetasjonskartlegginga er utførtetter NIJOS-instruks for kartlegging i M 1:50 000 frå 1987, og arbeidet foregjekk med rettleiing frå NIJOS. Hausten 2000 fekk NIJOS i oppdrag frå Svennes sameie å framstille vegetasjonskartet på digital form saman med avleia temakart for beite. Michael Angeloff og underteikna bruka 6 dagsverk i juli 2001 på kontroll av dei gamle registreringane. I tillegg til vegetasjonskartet er det utarbeidd 2 avleidde temakart kring beitetilhøve. Kartkonstruksjon er utført av Anbjørg Andersen og kartpresentasjon av Roar Lågbu. Foto er tekne av underteikna medmindre anna er nemnt.

Sammendrag

Fylkesmannen i Nordland, landbruksavdelinga, sette i 1995 i gang områdetakst i Hadsel og Sortland kommunar. Ved sida av produksjonspotensialet for skog, såg Fylkesmannen det som særleg viktig å registrere vilkår for småfebeite. Dette er gjennomført ved å knytte vegetasjonskartlegging til områdetaksten. Vegetasjonskartlegginga er utført på to vis. Skogeierforeningen NOR som har stått for den ordinære skogtaksten på det meste av det økonomisk drivverdige skogarealet, har teke med vegetasjonstypar som tilleggsparameter under takseringa. NIJOS har utført ordinær vegetasjonskartlegging på skog og snaumark som fell utanom takstarealet. Skogfaglege registreringar i skog er her teke med etter ein forenkla instruks. Ut frå vegetasjonskartet er det laga avleia beitekart for sau. NIJOS i samarbeid med Skogeierforeningen NOR, har vegetasjonskartlagt Sortland kommune (579 km²). Det er framstilt vegetasjonskart og 2 avleia temakart. Kartlegginga er utført etter NIJOS sitt system for vegetasjonskartlegging i M 1:50 000. Rapporten beskriv metode for arbeidet og gjev ei nærare omtale av registrerte vegetasjonstypar og korleis desse fordeler seg i området. Det er gjeve særskilt omtale av kva informasjon som kan avleiast frå vegetasjonskartet med omsyn på beite for husdyr.

Sammendrag

I 1993 starta eit prosjekt om utarbeiding av forvaltningsplanar for nasjonalparkar, eksempelområdet var delar av Jotunheimen nasjonalpark og Lom kommune. Dette arbeidet er presentert i NIJOS-rapport 11/99 «Utarbeiding av forvaltningssoner for nasjonalparkar og deira nærområde». Rapporten vart fyrst levert som hovudfagsoppgåve i geografi, studieretningen Ressursgeografi og landskapsøkologi ved universitetet i Oslo (Lykkja, 1998).Denne rapporten som lesaren no har framfor seg viser delar av det empiriske materialet som låg til grunn for utviklinga av forvaltningssone-modellen. Skildringane syner kva for arbeid som ligg bak dei tre landskapskarta som følgjer rapporten, og som inndelinga av forvaltningssoner baserer seg på. Skildringane som følgjer kvar region, underregion og landskapsområde, tener som grunngjeving for grensedraginga (kart 1), og som bakgrunn for å inndele områda i landskapstypar (kart 2). Skildringane forklarar og kva for kvalitetar som er vektlagt med omsyn til landskaps-evalueringa (kart 3). Rapporten tek for seg ein metode som operasjonaliserer omgrep som urørt natur/villmarkspreg, særprega og vakre landskap/landskapstypar, og landskapskvalitetar som er viktige for oppleving (særleg med tanke på friluftsliv/rekreasjon).

Sammendrag

Fylkesmannen i Nordland, landbruksavdelinga, sette i 1995 i gang områdetakst i Hadsel og Sortland kommunar. Ved sida av produksjonspotensialet for skog, såg Fylkesmannen det som særleg viktig å registrere vilkår for småfebeite. Dette er gjennomført ved å knytte vegetasjonskartlegging til områdetaksten. Vegetasjonskartlegginga er utført på to vis. Nordland skogeierforening som har stått for den ordinære skogtaksten på det meste av det økonomisk drivverdige skogarealet, har teke med vegetasjonstypar som tilleggsparameter under takseringa. NIJOS har utført ordinær vegetasjonskartlegging på skog og snaumark som fell utanom takstarealet. Skogfaglege registreringar i skog er her teke med etter ein forenkla instruks. Ut frå vegetasjonskartet er det laga avleia beitekart for sau. Utmarkseksjonen