Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

1997

Sammendrag

Innhaldet av frigjort nitrogen (NO3- og NH4+) i jorda vart målt etter å ha dyrka ulike vokstrar, agurk, raudkål, rosenkål, blomkål, gulrot, kålrot, potet, gras og bygg, på to gardar i Lærdal, Sogn og Fjordane. Normal nedbør i Lærdal er 491 mm i året. Ein fann at innhaldet av frigjort nitrogen i jorda om våren var høgt. Stort sett auka mengda av frigjort nitrogen frå haust til vår. Truleg skuldast dette først og fremst dei små nedbørsmengdene dei aktuelle vintrane. Relativt høge vintertemperaturar verka også inn på resultata. Mengde av mineralisert nitrogen i jorda var sterkt påverka av kva vokstrar som var dyrka året før. Mengda av mineralisert nitrogen var to til tre gonger høgare etter rosenkål/blomkål enn etter bygg. Resultata syner at det er mogeleg å redusera nitrogengjødslinga monaleg etter dyrking av slike vokstrar.

Sammendrag

Mobile melkeanlegg er en god mulighet for å utnytte spredt beiteareal med større avstand, eller vanskelige og farlige veier mellom gard og beite. Publisert i "Hummelposten", videreført som "Økologisk Landbruk".

Sammendrag

Flekke-/Guddalsvassdraget ligg i hovudsak i Fjaler kommune (90%), Sogn og Fjordane fylke, og vasskjemiske og biologiske data er tilgjengelege for hovudelva og delar av Guddalsområdet. Men når det gjeld sideelvane i Svinevika og Bjordal, hadde det så langt ikkje vore gjennomført noko overvakingsprogram. Som ein del av forskinga i samband med forsuring av overflatevatn i kystnære område i Noreg har dette arbeidet vore eit samarbeid mellom PLANTEFORSK Fureneset fagsenter og Raudekrossen Nordisk Verdsgymnas (RCNUWC) på Haugland i Flekke. Grunneigarar i området har også tatt del i innsamling av vassprøver. 4 stasjonar var etablert opptrøms Svinevika og 4 i Bjordal vinteren-våren 1996. Frå sommaren 1996 til januar 1997 vart det også gjennomført prøvetaking frå 5 vatn som var utspring for desse sideelvane. Dette prosjektet kunne stadfeste oppfatninga og mistankane ved Fureneset fagsenter om at innsjøane og elvane i dette området verkeleg var svært utsette for surstøt. På ettervinteren (22. februar - 21. mars 1996) låg pH-nivået ved alle dei 4 utvalde stasjonane ved Svinevika forholdsvis konstant mellom 5,2 og 5,8. 28. mars var det ein markert auke i pH-nivået, truleg p.g.a. ei dominerande grunnvassutstrøyming; det var svært kaldt i véret og isen frosen til. I løpet av den neste veka starta snøsmeltinga, og dette resulterte i eit svært tydeleg fall i pH-nivået rundt påsketider, som målt til pH 4,9-5,0 11. april. Dei følgande to vekene steig pH-nivået igjen sakte, og nådde pH 5,1-5,4 25. april. Konduktiviteten avspegla svingningane i innhald av basekation, som var på eit ekstremt lågt nivå, og mengda H+ (ved låg pH). Alkaliniteten var generelt svært låg, i stabile periodar i området 0-10 mekv./l, og negativ i periodar med surstøt. I denne seinvinterperioden viste stasjonane i Bjordal litt mindre grad av forsuring enn målt ved Svinevika. pH-nivåa rangerte frå 5,5 to 6,3. Ein pH-nedgang 7. mars, konstatert som eit klart fall til pH 5,5 i nedre del av Bjordalselva, følgde starten på snøsmeltinga i låglandet. Gjennom sursjokket ved påsketider fall pH ned til 5,5 i nedre (søre) Bjordal og til 5,1 i øvre (nordre) Bjordal. Dei 7 seriane vassprøver som var henta frå fjellvatna avslørte ein allmenn nedgang frå juni til oktober 1996, frå ein spesielt tørr sommer til regnfullt haustvér. Snøen frå byrjinga av november var utsett for sterkt regn, og eit klart pH-fall vart målt i fire vatn 17. november. Ein kaldare vinterperiode i desember syntest å stabilisere forsuringsnivået, men der var ingen pH-auke. Deretter, i midten av januar 1997 forverra kraftig regn på nytt vasskjemien, og ein vidare pH-nedgang var målt i to av tre vatn. Den tredje innsjøen låg noko høgre oppe i fjellet der snøsmeltinga hadde mindre omfang.