Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2009

Sammendrag

Det er mange faktorar som påverkar kvaliteten på rundballesurfôr. Husdyrgjødsel brukt på eng i vekstsesongen er berre ein av fleire. Fare for sporar i mjølka er svært ofte brukt som argument for ikkje å ville bruke husdyrgjødsel på denne måten. Ei utvalsgransking av Statistisk Sentralbyrå i 2000 viste at om lag 93 % av husdyrgjødsla som vart nytta på eng og beite vart spreidd med breispreiar på overflata. Dei siste ti åra har stripespreiing og nedfelling fått eit visst omfang, men breispreiing er framleis den dominerande metoden. Særleg i innlandsstrøk med lite nedbør om sommaren har ein hatt mistanke til at breispreiing av husdyrgjødsel kan gi sporeproblem i mjølk. Som ein del av eit brukarstyrt forskingsrådsprosjekt, med Agromiljø AS som prosjekteigar, har Sør-Gudbrandsdal Forsøksring hatt storskalafelt med spreiing av husdyrgjødsel på grasmark hos Håvard Sagheim på Tretten i 2007 og 2008. Føremålet er å sjå om spreiemåten for husdyrgjødsla påverkar fôrkvaliteten i rundballar i område med lite nedbør. I tillegg til den mest vanlege metoden med breispreiing, vart det brukt nedfellar frå Agromiljø AS. Og på ein del av jordet vart det berre nytta mineralgjødsel. 

Sammendrag

I dette innlegget er det gitt eit oversyn over aktuelle energivekstar i Norden. Dyrkinga av vekstar til produksjon av biodiesel og bioetanol og energivekstar til biobrensel vert truleg ikkje særleg omfattande i Norge i nær framtid. Andre generasjon biodrivstoff vil utnytte ein større del av den samla biomasseproduksjonen til bioenergi, og dersom slik produksjon kjem i gang kan det bli aktuelt å bruke t.d. gras som råstoff.

Sammendrag

Aktuelle sortar av raisvingel og strandsvingel er prøvde i forsøk langs kysten frå Vestfold til Trøndelag. Raisvingelsortane "Hykor" og "Felina" hadde klart høgare totalavling og betre dekking i tredje engår enn målestokksorten "Tove" fleirårig raigras. Også strandsvingelsortane "Terros" og "Retu" hadde tilfredsstillande dekking og produksjon etter tre år.

Sammendrag

Bladfall og daude skot har dei siste tiåra vorte eit omfattande problem i villbestand av kristtorn (Ilex aquifolium) langs sørvest kysten av Noreg. Fleire soppar vert ofte isolert i samband med skadane, men spesielt ein Fusarium-art, som ved DNA analyse synte seg å vera mest lik F. acuminatum, dominerar. Ved eit tilfelle vart den same Fusarium-arten funnen på daude skot på ei nordmannsedelgran (Abies nordmanniana). Soppangrepa på kristtorn er truleg eit resultat av aukande gjengroing på grunn av mindre beiting no enn tidlegare.

Sammendrag

Når førsteslåtten blir hausta tidleg, utgjer gjenveksten etter førsteslått ein stor del av den samla avlinga. Kvaliteten i gjenveksten er påverka av mellom anna botanisk samansetjing i enga, gjødsling, vêrforhold, sjukdomsangrep og morfologisk utvikling hos engplantane. Feltdata frå prosjektet "Meir og betre grovfôr" viser at varmesum er ei brukbar rettesnor for kvalitet i gjenvekst.

Sammendrag

As an attempt to settle the matter of the uncertain etiology of CSNN, an international research group with representatives from Austria, Denmark, Germany, Norway, and USA was established after the 8th International Christmas Tree Research & Extension Conference in Denmark in 2007.