Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2020

Sammendrag

Dyrking av korn til krossensilering kan gjere det mogleg å verte meir sjølvforsynt med kraftfôr for husdyrprodusentar som har god tilgang på areal. Haustetida er nokre veker før korn til fullmodning. Metoden er derfor også aktuell i meir marginale område for korndyrking. Krossensilasje kan også produserast i korndistrikta for å spreie onnearbeidet, betre utnyttinga av utstyr, få tid til å etablere ein ny vekst om hausten eller vere ein metode for å berge ei kornavling etter sein våronn eller ein åker med ujamn modning. Ved krossing vert dei fuktige kornkjernane knust mellom to valsar for så å verte ensilert. Fram til tresking er sjølve dyrkingsteknikken for korn til krossensilering i prinsippet som for korn til fullmodning. Her tek vi føre oss aktuelle artar, haustetidspunkt, metode for krossensilering og fôring med krossensilasje.