Myrkosten – eit symbol du neppe har sett før

collagemyrkost

Grasmyr i Karlbrenna, Elverum kommune. Foto: Geir Harald Strand.

I økonomisk kartverk finst ein figur du truleg ikkje kjenner. Det varslar verken om indianarar eller kraftige vindar. Den såkalla myrkosten fortel derimot om myras fysiske og biologiske eigenskapar.

Det enkle streksymbolet ser ut som Knerten til Anne-Cath. Vestly – ein pinne med utstikkarar. Med enkle eller doble kvistar som peikar oppover eller nedover i fire himmelretningar, er mange variantar moglege.

Moglegheitene for variasjon gjer symbolet genialt. For myr kan vere så mykje. Ho kan vere djup eller grunn, blaut eller graslagd, og rik eller fattig på planteliv.

 

Myr som ressurs

For mange er myra ein stor svamp av blaut, organisk masse vi møter på tur. For å komme over, løfter vi beina høgt og fort, eller hoppar prøvande frå tue til tue for å teste om underlaget ber oss.

- Ja, slik kan myr vere, fortel geolog og senioringeniør Kjetil Fadnes i NIBIO. Myra er og karbonlager, flaumdempar, rasteplass for trekkfuglar og leveområde for ei mengd ulike artar. I tillegg til at ho i uminnelege tider har vore ein ressurs for jord- og skogbruk.

Med sine mange bruksområde, har torv frå myra vore nytta til alt frå damebind til brensel. Ho er blitt grøfta, rydda og nydyrka, og nytta til skogbruk eller matproduksjon.

Skjermbilde av myrareal med myrkost
Kartlag frå Kilden som viser myrinformasjon frå eit turområde på Rong i Voss kommune. Myrkostar er innteikna i dei ulike myrfelta saman med fargebruk og skravur som viser omdanningsgrad.

Eit språk for markslag

I 1964 vart økonomisk kartverk etablert som følgje av eit stortingsvedtak om å kartleggje alt produktivt areal i Noreg. I den anledning vart myrkosten laga for bruk ved kartlegging av myrareal.

- Målet med datagrunnlaget var, og er framleis, å gi eit bilde av verdiane i landressursane våre, med vekt på produksjonsgrunnlaget for jord- og skogbruk, seier Kjetil Fadnes.

Som reiskap for å kunne gjere denne typen kartlegging, vart det utvikla eit klassifikasjonssystem for markslag -  eit språk for å beskrive ulike typar landareal.

Fagfolka sin jobb er å sanke informasjon om areala, enten ved å oppsøkje dei eller ved å analysere flyfoto, og formidle eit presist bilde av observasjonane. Dei skal kunne beskrive forskjellige markslag, eigenskapar og tilstand.

- Ute i felt gjeld det å vere kortfatta, spesielt når regnet piskar og vinden bles. Da handlar det om å få nedtegna data utan meir blyantbruk enn strengt nødvendig, smiler Fadnes.

- Slik oppstod den enkle strekfiguren som formidlar eigenskapane til nyttbar myr. Ved hjelp av den kan fagfolk skildre om myra er djup eller grunn, lite eller mykje omdanna og om vegetasjonen er nøysam eller ikkje nøysam. (Meir om det i faktaboks.)

Fordi klassifikasjonssystemet omfattar arealressursane med vekt på produktivt areal, er det berre nyttbar myr og torvmark som inngår i datamaterialet. Anna myr er med i det samla kartgrunnlaget, men er ikkje karakterisert på same vis som nyttbar myr.

Kjetil F_ Foto Kjersti Kildahl
Fadnes kjenner klassifikasjonssystemet godt. Han har hatt ansvar for å systematisere og ny-publisera myrdata som vart samla inn gjennom rundt 30 års kartlegging i felt. Foto: Kjersti Kildahl.

Forbod mot nydyrking

I det siste har myra vore under sterkt press. Naturinteresser og landbruksinteresser har stått mot kvarandre, noko den politiske debatten har reflektert. Nyleg vedtok Stortinget eit forbod mot nydyrking av myr.

- I lys av denne situasjonen har historiske data om eigenskapane til myr og torvmark no fått ny verdi. Dei kan inngå direkte i dagsaktuelle problemstillingar knytt til utarbeiding av forskrifta som skal følgje det nye lovverket om forbod mot å nydyrke myr, fortel Fadnes.

Det tok 30 år frå oppstart av kartlegginga til ‘økonomisk drivverdig areal’ i Noreg tok til på 1960-talet og fram til alt var registrert for første gong. I denne perioden blei kartleggingsarbeidet utvida, og justeringar gjort for at systemet til ulike tider skulle vere best mogleg tilpassa aktuelle problemstillingar.

Ved overgang til digitale kartdata tidleg på 2000-talet, vart klassifikasjonssystemet forenkla og eigenskapar knytt til myr og dyrkbar jord vart ikkje med over i den nettbaserte karttenesta Kilden.

- Dette vart gjort fordi det ville bli enklare å halde kartlaga ajour med færre eigenskapar å halde styr på, og fordi myra sine eigenskapar ikkje endrar seg utan vidare, forklarer Fadnes, og legg til:

- Når desse myreigenskapane no er aktuelle i samband med nydyrkingsforskifta, er karta henta fram og gjort tilgjengelege i Kilden.

KONTAKTPERSON
Temaside om nyttbar myr og torvmark
Myrkost_utsnitt_flybilde.JPG
Skjermbilde frå Kilden som viser grasmyra i Karlbrenna – toppfoto i saka. Myrkosten midt i bildet fortel at myra er djup (to strekar ned på venstre side), med meir enn 1 m torvlag. Ho er lite omdanna både i øvre og nedre torvlag (strekane opp og ned på høgre side).
Fakta om myr

- Det er om lag 28 300 km2 myr i Noreg, noko som utgjer 9 % av landarealet.

- Trøndelag er den store myrregionen: 

18 % av gamle Sør-Trøndelag og 17 % av gamle Nord-Trøndelag er myr.

- Minst myr er det i dei fire fylka rundt Oslofjorden: Her er det kun 1 % myr.

- I Finnmark dekker myrene 12 %, i Troms 5 % og i Hordaland 3 % av landarealet.

- Ingen planteslekter er viktigare for karbonbalansen på jorda enn torvmosene. Dei dekker 3 % av verdas areal, men lagrar to-tre gonger meir karbon enn alle verdas regnskogar.  

- 550 milliardar tonn karbon er lagra i torv.

- Torvmosen kan halda på 25 - 40 gonger si eiga tørrvekt med vatn – mykje meir enn dei naturlege svampane.

- I norske våtmarker lever 47 av Europas 50 torvmosar.

 

Det er registrert 12,8 millionar dekar dyrkbar jord i Noreg. Av dette utgjer myr vel ein tredel, med 37 prosent. Til samanlikning utgjer dyrka areal rundt ni millionar dekar.

Definisjonar og fordeling av nyttbar myr

Djupn

Grunn myr: Mindre enn 100 cm torvlag

Djup myr: Meir enn 100 cm torvlag

 

Vegetasjon

Nøysam vegetasjon: Artar som veks på svært næringsfattige myrar og myrar som berre får tilført vatn frå nedbør.

Karakteristiske artar for nøysam vegetasjon: Molte, kvitlyng, torvull, rusttorvmose, fleire lavartar.

Ikkje nøysam vegetasjon: Artar som veks på myrar som og får tilført vatn som har vore i kontakt med mineraljord

Artar som berre veks i ikkje nøysam vegetasjon: Gråstorr, slåttestorr, duskull, bukkeblad, myrhatt, myrklegg, myrfiol, blåtopp, skogstjerne, jåblom, gulsildre, vierartar.

Omdanningsgrad

Omdanningsgraden i øvre torvlag er fastsett 20-40 cm under overflata, og i nedre lag 70-100 cm under overflata. Ved ein prøve tatt opp med jordbor og pressa i handa kan ein seie noko om graden av humifisering (= nedbryting av plantemateriale).

 

Fordeling av nyttbar myr i prosent av total nyttbar myr:

Grunn myr          35,91 %
Djup myr          64,09 %

Nøysam          75,01 %
Ikkje nøysam          24.99 %

Omdanning øvre lag:

Lite          21,90 %
Middels          61,81 %
Sterkt          16,29 %

Omdanning nedre lag:

Lite          7,96 %
Middels          46,45 %
Sterkt          9,68 %

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.

Publikasjoner

Sammendrag

NIBIO ved divisjon Kart og statistikk har tilrettelagt data for regionale og lokale analyser av myrandelen på dyrkbart areal. Rapporten viser hvilke regioner som har særskilt høy andel myr på dyrkbart areal. Det går også frem av analysene at det er enkelteiendommer i alle deler av landet, hvor en svært høy andel av det dyrkbare arealet er myr. Databasen utgjør en databeredskap som vil være nyttig i forvaltning og planlegging, med utgangspunkt i et eventuelt forbud mot myrdyrking med tilhørende dispensasjonskriterier.

Sammendrag

AR5 er et heldekende, nasjonalt kartdatasett som beskriver arealressursene ut fra produksjonsgrunnlaget for jord- og skogbruk. Datasettet skal primært dekke behov innen arealplanlegging, landbruksforvaltning, landbruksnæringer og lovforvaltning. Datasettet bygger på AR5 klassifikasjonssystem. Klassifikasjonen gir en inndeling av landarealet i polygoner som er beskrevet med et sett av verdier for egenskapene arealtype, skogbonitet, treslag og grunnforhold. Hovedinndelinga er arealtype basert på kriterier for vegetasjon og kulturpåvirkning. Første versjon av datasettet ble avledet fra digitalt markslagskart (DMK), og dekket bare områdene som var omfattet av Økonomisk kartverk. For marginale områder er det definert en enkel utgave av AR5 der kun egenskapen arealtype er påkrevd å registrere. AR5 inngår i Felles KartdataBase (FKB) og forvaltes innen de samme organisatoriske ordningene som andre detaljerte kartdata. Datasettet skal holdes løpende à jour basert på opplysninger fra saksbehandling, synfaring eller flybilder.