Hopp til hovedinnholdet

Ny kunnskap om dyrkbar myr

Dyrka myr i Vestvågøy. Jorda er omgravd og lagt tilbake for å få helling, slik at overflatevatn renn ned på sidene av arealet._Foto Åge A. Nyborg

Dyrka myr i Vestvågøy. Jorda er omgravd og lagt tilbake for å få helling, slik at overflatevatn renn ned på sidene av arealet. Foto: Åge A. Nyborg.

Ein kartbasert metode gir betre kunnskap om dyrkbart areal i Noreg, og kor mykje av dette som er myr. Analysane gir informasjon om regional variasjon, men og om tilhøva lokalt på kvar eigedom.

Ulike datakjelder er kopla saman for å vise ressursgrunnlaget til landets gardsbruk - det vil seie summen av dyrka og dyrkbar mark.

 

Mykje data - ny teknologi

Basert på det nye datasettet kan ein vise dyrkbart areal og ulike jordtypar fordelt på fylke, kommunar eller den enkelte landbrukseigedom. Geir Harald Strand i NIBIO har leia arbeidet. Han forklarer:

- Samansetninga av dyrkbar mark er nyttig kunnskap no når klimakonsekvensane av å nydyrke blir diskutert. For enkelte kan myr vere det einaste arealet tilgjengeleg for nydyrking, for andre har innslaget av myr mindre betydning.

- Det er store skilnader mellom ulike  delar av landet , men det kan og vere variasjon mellom gardsbruk lokalt, seier Strand.

Gjennom det nyskapte kartet har forvaltning og grunneigarar fått eit verktøy som kan vere nyttig ved vurderingar knytt til nydyrking.

- Til grunn for nyutviklinga ligg mellom anna kartkjelder med registreringar tilbake på 1960-talet. No er  dei gamle karta henta fram igjen, og ved hjelp av dagens teknologi kopla til ulike nyare dataregister  som aktualiserer informasjonen, forklarer leiaren for prosjektet.

Til dømes er informasjon om eigedomstilhøve og naturvernområde tatt omsyn til. Det er og sjekka om jorda er i drift som eige- eller leigeareal.

- Slik tilrettelegging av datagrunnlaget gir oss meir presis kunnskap om areala. Kartet får dermed større informasjonsverdi, seier Strand.

Dyrka grunn myr i Sømna_Foto Siri Svendgård-Stokke
Dyrka grunn myr i Sømna. Foto: Siri Svendgård-Stokke.

Rapporten "Arealstatistikk: Dyrkbar myr"

Rapporten "Arealstatistikk: Dyrkbar myr" samanfattar ein serie beskrivande, arealstatistiske analysar av innslag og fordeling av myr i det dyrkbare arealet i Noreg. Rapporten dokumenterer eit nasjonalt datasett som og kan nyttast til å belyse andre arealstatistiske problemstillingar.

Tala i rapporten viser at det er registrert 12,8 millionar dekar dyrkbar jord i Noreg. Av dette utgjer myr vel ein tredel, med 37 prosent. Til samanlikning utgjer dyrka areal rundt ni millionar dekar.

Ved å avgrense det dyrkbare arealet til kva vi antar er enkelt tilgjengeleg som dyrkbart, blir arealet redusert til rundt tre millionar dekar. Geir Harald Strand held fram:

- Vi ser at myr som del av det dyrkbare arealet er geografisk skeivfordelt. I enkelte område er størstedelen av det dyrkbare arealet myr, til dømes i VestAgder og Hordaland.

- I desse fylka er meir enn halvparten av det dyrkbare arealet myr. I dei same to fylka er det og lite dyrkbart areal totalt sett, seier han.

Også innan fylke og innan kommunar er det store skilnader på kva som utgjer dyrkbart areal. Kysten av Sørlandet, sentrale delar av Vestlandet, område i Møre og Trøndelag og delar av Nordland peikar seg ut som regionar med særleg høg del myr.

 

Modell med rom for alternativ

Strand poengterer at datagrunnlaget for rapporten ikkje gir eit fullstendig bilde av ressursgrunnlaget som er tilgjengeleg på den enkelte landbrukseigedom. Avstanden til dei dyrkbare teigane er til dømes ikkje tatt omsyn til. Rapporten gir likevel konkrete svar på nokre av spørsmåla knytt til kva som kan dyrkast opp.

Strand er nøye med å presisere at enkelte føresetnader for resultata kan det vere ulike syn på:

- Alternative føresetnader kan gi andre resultat enn dei som er lagt fram her. Fordelen ved å ha eit dokumentert, nasjonalt datasett i botnen, er at det er relativt enkelt å gjere nye berekningar med andre føresetnader.

- Resultata blir transparente og enkle å samanlikne. Slikt gir grunnlag for eit faktabasert ordskifte, legg han til.

Datasettet inneheld 22 millionar polygon, eit uttrykk for kor mange delområde som er handsama. Ny teknologi gjer det mogleg å få ny kunnskap ved å kople saman store datamengder.

Målet med arbeidet har vore å utarbeide eit materiale som kan nyttast i dokumentasjon, planlegging og avgrensa analysar når ein skal vurdere nydyrking på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå.

2-13.jpg
Faktaboks

I rapporten er Tilgjengeleg dyrkbart areal definert ved at arealet:

  • er registrert som dyrkbar jord i digitalt markslagskart
  • ikkje er verna
  • ligg på landbrukseigedom med normale (avklarte) eigartilhøve
  • ligg på landbrukseigedom som er drifta av eigaren sjølv, ikkje er i drift som leigejord
  • er klassifisert som lettdreven (Ajord)

Med denne avgrensinga blir det tilgjengelege dyrkbare arealet 3 033 470 dekar. Det utgjer 23,7 % av alt dyrkbart areal.

Det tilgjengelege dyrkbare arealet fordeler seg på 27 890 landbrukseigendomar i 413, av 421, kommunar.

På eigedomsnivå er det 1 756 landbrukseigendomar i drift som har tilgjengeleg dyrkbart areal der alt dyrkbart areal er myr. Einingane er ofte relativt små. Dei 1 756 eigedomane har i gjennomsnitt 20 dekar dyrkbart areal kvar.

Figur 6.3 fra rapporten Dyrka myr_Kvadratisk.jpg
Kommunevis antall landbrukseiendommer i drift hvor noe av det tilgjengelige, dyrkbare arealet er myr. Størrelse viser antall slike eiendommer per kommune. Farge viser gjennomsnitt andel myrareal av dyrkbart areal på disse eiendommene. Mørkere farge er høyere andel myr.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.

Publikasjoner

Abstract

I denne rapporten er det gitt en vurdering av samfunnsøkonomiske konsekvenser og effekter på klimagassutslipp som følge av innskrenkninger i adgangen til nydyrking av myr. Restriksjoner mot nydyrking av myr vil i liten grad begrense mulighetene for matproduksjon i Norge, men kan føre til reduserte muligheter for nydyrking i områder med små arealer med alternativ dyrkbar jord. Et generelt forbud mot nydyrking av myr antas å føre til en reduksjon i klimagassutslipp mellom 200 000 og 600 000 tonn CO2-ekvivalenter i 2050, avhengig av hvor store arealer myr som ville blitt nydyrket uten et forbud. Et forbud som bare omfatter djup myr antas å føre til en utslippsreduksjon på mellom 150 000 og 450 000 tonn CO2-ekvivalenter i 2050. Nydyrking av myr ved omgraving forventes å gi lavere utslipp enn tradisjonell dyrking, men effektene på kort og lang sikt er foreløpig svært usikre.