Hopp til hovedinnholdet

Kva er det som spirer?

iStock-517044090

Snart tittar dei første grøne spirene fram rundt om i landet. Men kva slag er dei? Foto: iStockphoto.com

Sola varmar, småfuglane kvitrar og graset skiftar gradvis farge frå gult til grønt. Snart tittar også dei første markblomane fram rundt om i landet. Men kva slag er dei? Det kan vere vanskeleg å skilje ei plante frå ei anna før blomane kjem. No har NIBIO lansert ei temaside som kan hjelpe deg å forstå kva som spirer.

I starten kan dei små, grøne spirane sjå svært like ut. Dei fleste markblomane er fleirårige plantar som ikkje blømer før sitt andre år. Det første året ser du berre grøne blad og kanskje ein stengel utan blome.

NIBIO-forskarane Ellen Johanne Svalheim og Kristin Daugstad, vil hjelpe deg med å skilje dei ulike artane frå kvarandre før dei blømer.

Frøplanta er ei lita plante med frøblad og dei aller første varige blada. Frøblada er dei første blada som blir danna i spiringsfasen. Desse visnar ofte etter at fleire varige blad har vakse ut. Mellomstadiet beskriv stadiet når det er utvikla fleire varige blad, ofte i ein rosett. I stadiet «større plante» kan plantane også ha utvikla stenglar. Foto: Ove Hetland
Frøplanta er ei lita plante med frøblad og dei aller første varige blada. Frøblada er dei første blada som blir danna i spiringsfasen. Desse visnar ofte etter at fleire varige blad har vakse ut. Mellomstadiet beskriv stadiet når det er utvikla fleire varige blad, ofte i ein rosett. I stadiet «større plante» kan plantane også ha utvikla stenglar. Foto: Ove Hetland

Eit oppslagsverk om ukjente fasar

– Vi er opplærte til at når vi skal lære ei plante å kjenne, så er det blomen på toppen som er viktig. Det grøne nedanfor ser vi ofte ikkje så nøye på. Vi vil folk skal bli kjente med korleis plantene ser ut undervegs, for elles aner ein jo ikkje kva som kjem opp før etter bløming, seier Svalheim.

– Målet vårt er eigentleg å auke suksessfaktoren for dei som skal etablere ei blomstereng. Vi merker at folk er opptatt av dette, og kvart år får vi hundrevis av førespurnader frå folk som ønsker meir informasjon. Alt frå store entreprenørar til hageeigarar og skoleklassar tek kontakt, fortel forskaren.

Og skal du etablere ei blomstereng kan det være nyttig å begynne med eit frø. I 2021 publiserte forskarane Frøboka – ei bok som gjer lesarane kjent med korleis frøa til dei ulike plantane ser ut. Her lærer ein også korleis dei visne plantane ser ut når ein skal sanke frø.

– Utvalet av markblomar er gjort med omhug fordi dei er vanlege over store deler av landet vårt. På sikt er tanken å få med skildringane av spirane til markblomane i same bok, slik at det blir eit oppslagsverk om alle dei meir ukjente vekstfasane, fortel Daugstad.

Avdelingsingeniør i NIBIO, Ove Hetland, tar standardiserte bilete av dei spirande plantane. Foto: Anne Friederike Borchert
Avdelingsingeniør i NIBIO, Ove Hetland, tar standardiserte bilete av dei spirande plantane. Foto: Anne Friederike Borchert

Noko smått under makrolinsa

Forskarane har tatt bilete og skildra markblomane i tre vegetative stadium: frøplante, mellomstadium og større plante. Desse skildringane av 40 markblomar er publisert på ei ny temaside på nettstaden nibio.no. Sida er kalla «Spirer og småplanter av markblomster».

– Vår gode fotograf Ove Hetland, har tatt bilete av markblomane etter kvart som dei veks og utviklar seg frå ei lita frøplante til dei får varige blad, rosettar og etter kvart stenglar, fortel Svalheim.

– Markblomane spirer til ulik tid. Så det var ein veldig stor jobb å heile tida følgje med på alle artane etter kvart som dei utvikla seg. Så snart for eksempel raudknapp hadde fått sitt første varige blad, kom ein forskingsingeniør springande med potta til fotografering, fortel Svalheim.

Plantane i dei ulike stadia blei satt i ein liten kvit fotoboks under eit fastmontert fotoapparat med makrolinse. Slik kunne fotografen ta mest mogleg standardiserte bilet.

Blåklokke, prestekrage og ryllik kan være nesten umogleg å sjå forskjell på når dei først stikk seg opp av bakken. Men etter kort tid vil mange av dei bli ganske ulike og lettare å skilje ifrå kvarandre, også for eit meir utrent øye. Og jo meir du ser etter, jo større forskjell vil du legge merke til. Foto: Ove Hetland
Blåklokke, prestekrage og ryllik kan være nesten umogleg å sjå forskjell på når dei først stikk seg opp av bakken. Men etter kort tid vil dei bli ganske ulike og lettare å skilje ifrå kvarandre, også for eit meir utrent øye. Og jo meir du ser etter, jo større forskjell vil du legge merke til. Foto: Ove Hetland

Den vesle skilnaden som gjer ein forskjell

Den første vårblomen du ser er gjerne hestehoven som stikk seg opp mellom snøslaps, grus og vissent gras. Denne kjenner de fleste av oss att. Men mange av dei andre plantane er ikkje like enkle når dei første spirane kjem, heller ikkje for ein erfaren forskar.

– På frøbladstadiet vil eg slite sjølv med å sjå forskjell på alle spirane. I prosjektet veit vi jo heldigvis kva frø vi har sådd i dei ulike pottene. Men ute i enga vil det være svært vanskeleg å vite med sikkerheit før plantene får varige blad og kjem i mellomstadiet, seier Daugstad.

– Du må hugse, desse bileta vi har tatt er veldig forstørra. Vi har sett på ein målestokk på fem millimeter på kvart bilete.

Men allereie på mellomstadiet blir forskjellen meir tydeleg, også for dei som er uerfarne. Forskarane håper bileta og skildringa på den nye nettsida, ska hjelpe alle dei med blomsterengprosjekt til å lykkast.

– Mange er usikre på kva det er som spirer. Er det ugraset som kjem opp, eller er det faktisk det ein har sådd? Jo før ein veit svaret på det, jo raskare kan ein begynne å luke unna uønska spreiing av andre planter i enga, seier Svalheim. 

– Det er eigentleg veldig fascinerande å lære seg å sjå forskjell på planter på heilt andre stadium enn du er vant til å sjå dei, avsluttar forskaren.

11.jpg

 

Spirer og småplanter av markblomster NIBIO Landvik: Norsk kompetansesenter for blomstereng og naturfrø
Frøbestilling - eit viktig bidrag

Dei pollinerande insekta våre slit og mange er trua av utrydding. Mange av dei norske artane er avhengige av markblomane i kulturlandskapet. No er også kulturlandskapet under press, og vi må gjere noko for å hjelpe biene og blomane litt på veg. 

Dersom alle sår nokre få frø av lokale frøblandingar – anten dei er kjøpte eller sanka sjølv – vil vi kunne bidra til betre levekår for insekta rundt oss.

Ved bestilling av frø frå NIBIO Landvik, kontakt elise.pedersen@nibio.no

FRØBOKA - HANDBOK FOR INNSAMLING AV LOKALE FRØ TIL INSEKTVENNLIG BLOMSTERENG

Frøboka er utarbeidet av NIBIO, gjennom et samarbeid mellom ni forskere og ingeniører ved ulike avdelinger og divisjoner. Avdeling kulturlandskap og biomangfold har ledet arbeidet.

Forlag: Fagbokforlaget

Utgivelsesår: 2021

Redaktør: Ellen Johanne Svalheim

Medforfattere: Trygve S. Aamlid, Annette Bär, Bolette Bele, Kristin Daugstad, Bjørn Arild Hatteland, Marie Vestergaard Henriksen, Ove Hetland og Kristine R. Sundsdal

Antall sider: 206

Boka er utgitt med støtte fra Sparebankstiftelsen, Landbruksdirektoratet og Landbruks- og matdepartementet, LMD.

NIBIO-forskar Ellen Johanne Svalheim vil bidra til at alle blir litt meir kjent med dei viktige markblomane som veks naturlig rundt oss. Foto: Anette Tjomsland Spilling
NIBIO-forskar Ellen Johanne Svalheim vil bidra til at alle blir litt meir kjent med dei viktige markblomane som veks naturlig rundt oss. Foto: Anette Tjomsland Spilling
NIBIO-forskar Kristin Daugstad ein solskinsdag i Uvdal kyrkjebygd. Foto: Ellen Svalheim
NIBIO-forskar Kristin Daugstad ein solskinsdag i Ål. Foto: Ellen Svalheim

 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.