Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

1998

Sammendrag

Formålet med dette notatet er å beskrive driftsgranskingsmaterialet og vurdere det som grunnlag for atferdsanalysar. Med atferd er her meint korleis bønder tilpassar arbeidsinnsatsen på og utanfor bruket som reaksjon på endringar i prisar og tilskottsordningar, dvs endring i landbrukspolitikk. Driftsgranskingsmaterialet er årleg rekneskap for all økonomisk aktivitet for om lag 1000 gardsbruk og brukarfamiliar. Storparten av deltakarane har ein normert arbeidsinnsats i jordbruket på minst eit årsverk i jordbruket. Rekneskapen er mest detaljert for jordbruksaktiviteten. For dei bruka som har eit balansekvantum på meir enn 50 m3, er det og ei detaljert driftsgransking for skogbruket. Annan aktivitet er meir summarisk registrert. I tillegg til eit rekneskap i kroner, er det ein god del opplysningar om produksjonstekniske tilhøve. Det er få og små endringar i prinsipp frå eit år til det neste, men det er ein del endringar som kan skape problem når ein skal sjå på utvikling over lang tid. Materialet bør vere eigna til å analysere endringar i driftsopplegg i jordbruket, og tilpassingar av arbeidsinnsats på bruket og mellom bruket og annan aktivitet. Materialet er ikkje eigna til å analysere rekruttering til jordbruket og avgang på bruk. Eit generelt problem er at på grunn av at jordbruket er svært væravhengig, vil ein normalt registrere betydeleg variasjon i resultat mellom år. Dette vil gjelde både på enkeltbruk, men og for grupper av bruk. Slik variasjon kan vere betydeleg større enn variasjon på grunn av endringar i landbrukspolitikk. Eit anna generelt problem i samanheng med atferdsanalysar er at det kan gå lang tid mellom ei endring i politikk og at bøndene gjennomfører den endringa som er tilpassing til og resultat av endringa i politikk. Problemet er ikkje drøfta i dette notatet.