Publikasjoner
NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.
2005
Sammendrag
Denne rapporten gjev resultat frå registreringar i eit avkomforsøk med 179 kontrollerte krysningsfamiliar av vanleg gran. Formålet med registreringane var å studere overleving, vekst og kvalitet for å gje grunnlag for utval av halvsyskenfamiliar til produksjon av juletre. Feltet ligg på Råum gard i Søndre Land kommune i Oppland. Krysningane bestod av 179 utvalde mødreklonar kryssa med pollenmiks frå eit utval fedreklonar. Mødreklonane omfatta 174 avlstre frå Austlandet og 5 avlstre frå Vestlandet. Det vart brukt 15 kontrollsortar av austlandsproveniensar og handelsfrø frå frøplantasjar på Austlandet. Vurdering av juletrekvalitetar vart gjort 12 vekstsesongar etter såing. Overlevinga var i gjennomsnitt 57 % for halvsyskenfamiliane og 73 % for kontrollane. Juletreutbyttet av alle planta tre var i gjennomsnitt 16 % for familiane og 20 % for kontrollane. Når ein ser bort frå angrep av grangallelus, auka juletreutbyttet til 28 % for halvsyskenfamiliane og 38 % for kontrollane, medan kontrollane av proveniensar fekk eit høgare juletreutbytte enn frøplantasjekontrollane, høvesvis 43 og 34 %. Dei fem beste familiane gav eit juletreutbytte på 37–43%, eller 52–54% utan omsyn til luseangrepet. Lus, skeiv/krokete stamme og glisne/usymmetriske tre var dei vanlegaste årsakene til vraking av juletre. Dei tre beste mødreklonane i avkomgranskingane bør foredlast vidare i kontrollerte parkrysningar for å auke juletreutbyttet. Dei same halvsyskenfamiliane tilrådast brukt i delar av Oppland og Buskerud (sankeområde Bv).
Sammendrag
Denne rapporten gjev resultat frå to avkomforsøk med vanleg gran etter fri pollinering i frøplantasjar. Formålet med undersøkinga var å studere overleving, vekst og kvalitet for å gje grunnlag for utval av eigna materiale til juletreproduksjon på Vestlandet. Eit felt ligg i Hogganvik i Vindafjord, det andre på Barstad i Ørsta. Fem frøparti med norske og austeuropeiske klonar frå Stange og eitt frøparti frå Eløy, utgjorde saman med proveniensane C1 frå Noreg og Harz 5 frå Tyskland forsøksmaterialet. I Hogganvik var det i tillegg med eit frøparti med ukjent opphav frå eit plantefelt i Stryn. Vurdering av juletrekvalitetar vart gjort ti vekstsesongar etter såing. Høgd vart registrert på alle levande tre. På alle tre med høgd ein meter eller større, vart det òg registrert største trebreidd, tal greiner i øvste krans, tal internodiegreiner på fjorårstoppskotet og spisse greinvinklar, i tillegg til eventuelle skadar og feil. Overlevinga var i gjennomsnitt 91 % i Hogganvik og 93 % på Barstad. Juletreutbyttet av alle overlevande tre var i gjennomsnitt 43 % i Hogganvik og 19 % på Barstad. Dei vanlegaste årsakene til vraking av juletre var glisne tre i Hogganvik, og skeiv stamme, gankvist og mekanisk skade etter hjortebeiting på Barstad. Avkom frå bestandet i Stryn hadde høgt juletreutbytte, men dårlegast overleving, noko som indikerer at frø frå god kulturgran på Vestlandet kan vera like aktuelt til juletre som frøplantasjefrø. Høgare juletreutbytte med materiale frå frøplantasjar, vil krevje kontrollerte parkryssingar av gode klonar.
Forfattere
Jan-Ole SkageSammendrag
En undersøkelse i vanlig gran (Picea abies) ved Skogforsk i Bergen har vist at avkom fra tre utvalgte mødrekloner i Drogseth og Romedal frøplantasjer gir flest juletrær. Det ble undersøkt 179 mødrekloner fra disse frøplantasjene i et avkomforsøk i Oppland. Variasjonen i juletreutbytte var stor mellom beste og dårligste avkom etter disse mødreklonene. Angrep av lus var en dominerende skade og antall trær med grangallelus i hver familier varierte fra ingen til 80 %. Derfor er det viktig at jueltredyrkerne etterspør frø og planter fra familier som blir lite angrepet av lus og som ellers har gode arveegenskaper for dyrking av juletrær. Utvalgt plantemateriale fra Drogseth og Romedal frøplantasjer kan anbefales i sankeområdene Bv og Bø i deler av Oppland, Buskerud, Akershus og Hedmark
Sammendrag
Ein modell som estimerer modning av askosporar utvikla i New Hampshire, USA, vart samanlikna med kasting av askosporar på 3 ulike stader i Noreg. For år med hyppig regn stemde sporekastinga bra med modellen, medan ein i år med lange turre periodar fekk sporekasting som låg etter modellen ut resten av sesongen. Ved å stansa døgngradeakkumuleringen ved 7 turre dagar vart sporekastinga i "turre år" betre tilpassa modellen, utan at det vart større unøyaktighet i "våte år".
Forfattere
Peder GjerdrumSammendrag
Ingen kan unngå å legge merke til de dype spor sangen om Kalevala har satt i vår del av verden, i handel, kultur og dagligliv. Artikkelen presenterer det viktigste skogstoffet, som naturfortelling, mytologi og naturfantasi, holdt opp mot våre norske tradisjoner og fortellinger. Kaleva og finner er to sider av samme sak. Pihlström sier: `I den nationalromantiska konsten och litteraturen får den uplöjda vildmarken bli en symbol för fosterländska känslor`. Også finnene som kom til Norge på 1600-tallet opprettholdt en tett tilknytning til skogen, så tett at de gjerne ble kalt `skogfinner`. I 1686 ble det tatt opp et fullstendig finnemanntall. Til tross for at de bodde øde, ofte langt fra bygdene, opplyses det at `de har gjort sin plikt og tjent i kongens klær, de levde skikkelig i menigheten og søkte kirke og ting`.
Forfattere
Helge Mundal Konrad Furset Lars SørdalSammendrag
Høymole er eit av dei mest brysame ugrasa vi har. Særleg i langvarig eng og beite er høymolen problematisk, den konkurrerer med kulturplantene om lys, næring, vatn og plass. Kvaliteten på eng og beite vert sterkt forringa når det er mykje høymole, på grunn av at planta er grov og lite smakleg. Dette ugraset er det såleis svært viktig å halde i sjakk om ein ynskjer god kvalitet på fòret.
Sammendrag
Oppsummering av kunnskap om soppsjukdomen heggeflekk på surkirsebær. Potensiale for varsling av sjukdomsfåre vert diskutert.
Forfattere
Paul ShimmingsSammendrag
Hvordan innvirker skjøtsel ved beiting gjessenes preferanse for beiteområder
Forfattere
Dag-Arne Eide Arve ArsteinSammendrag
I to forsøk i Nordfjord i 2004 har tradisjonell gjødsling med mineralgjødsel gitt 8-10 % større avling enn ved bruk av flytande gjødsel. Ein kan ikkje trekkje heilt sikre konklusjonar etter berre eitt forsøksår. Kvaliteten på grovfôret var tilnærma lik i begge høve.
Forfattere
J.A. AskSammendrag
Det er ikke registrert sammendrag