Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2003

Sammendrag

Formålet med forsøksfeltet var å studera effekten av harving og sprøyting på ugras og avling over ein lengre periode. Harvinga vart utført anten 1 gong a)i tidsromet frå kornet spirte til det hadde eitt blad, b)då kornet hadde utvikla 3 - 4 blad, eller 2 gonger, d.v.s ved begge desse tidspunkta. Til sprøytinga vart nytta Ariane S i 1/3, 2/3 og 3/3 dose samtidig med siste harv-ing. I feltet vart det registrert 14 ugrasartar totalt. Gjetartaske, jordrøyk, meldestokk og åker-stemorsblom utgjorde i sum 83 % første året og 92 % siste året. Ugrasmengda før behandling varierte mykje mellom åra, men viste ut gjennom forsøksperioden generell nedgang på be-handla ledd, mest for 2 gongers harving og sprøyting. Ein gongs harving tidleg hadde svakast behandlingseffekt og største herbiciddose sterkast. Det var liten skilnad mellom sprøyting og to gongers harving. Behandlingseffekten varierte mellom åra, mest for harving. Jordrøyk og åkerstemorsblom var sterkare enn meldestokk mot harving. Frømengda i jorda minka med åra, tydelegast etter sprøyting og 2 gongers harving. Det var svak, positiv korrelasjon mellom frømengda i jorda og talet på oppspirt ugras, men stor variasjon mellom åra. Harving seinka utvikling av kornet. Avlingsutslaget varierte mykje frå år til år - i gjennomsnitt gav sprøyting avlingsauke og harving avlingsnedgang. Hektolitervekta vart lite påverka av behandlingane, medan vassprosent og avrensprosent gjennomgåande vart lågast etter sprøyting. Tromling av åkeren på 3 - 4 bladstadiet for kornet, reduserte avlinga.

Sammendrag

Conifers have defenses such as the production of phenolic compounds and resins that can be induced by bark beetles and other invading organisms, but the signaling agents involved are unknown. The anatomical effects of methyl jasmonate (MJ), a potent inducer of certain plant defenses, were compared with wounding of the bark of 1215-year-old trees of five conifer species.Wounding in all species resulted in tissue necrosis and wound periderm development immediately around the wound site. One cm from the wound, swelling of phloem polyphenolic parenchyma cells and phenolic accumulation were observed in Pseudotsuga menziesii (Mirb.) Franco, Picea pungens Engelman, Larix occidentalis Nutt. and Pinus monticola Douglas ex D. Don, but not in Taxus brevifolia Nutt.Traumatic resin ducts were formed in response to wounding in three species of Pinaceae, but not in P. monticola, which formed irregular clusters of cells rather than ducts. Taxus brevifolia did not form resin ducts in response to either wounding or MJ treatment.In the Pinaceae species studied, surface application of 100 mM MJ caused similar anatomical changes to those observed in response to wounding, including phenolic accumulation, cell swelling and traumatic resin duct formation, but it did not induce a wound periderm.Traumatic resin ducts differed in size among the study species, ranging from small in L. occidentalis to very large in P. menziesii. In P. menziesii, P. pungens and L. occidentalis, traumatic resin ducts were more abundant after MJ treatment than after wounding. We conclude that the octadecanoid pathway is likely involved in defense responses in stems of the Pinaceae, but not necessarily in other taxa.

Sammendrag

Magnesiummangel fører til store skadar på ulike bartre-artar. I nokre felt med lawsonsypress (Chamaecyparis lawsoniana) er skadane så omfattande at baret ikkje er salsvare. Også i mange juletrefelt, spesielt i nordmannsedelgran (Abies nordmanniana), må ein bladgjødsla med Mg for å unngå skjemmande mangelsymptom.

Sammendrag

Overflatekalking av eng påverka opptaket og innhaldet av fem av i alt seks undersøkte mikromineral i hausta gras andre og tredje året etter at 125, 250 og 500 kg CaO-ekvivalentar vart tilført per daa. Det vart utslag for kalking sjølv på felt kor pH auka i berre dei øvste 2.5 cm av jorda. I gjennomsnitt gjekk innhaldet av Mn, Co, Zn og Cu i graset ned med høvesvis 40, 30, 20 og 10 % etter kalking. Innhaldet av Fe var ikkje eintydig påverka, medan innhaldet av Mo auka med omtrent 40 %. Utslaget for kalking hadde sterk samanheng med jordeigenskapar utan at desse kunne identifiserast i denne undersøkinga. Det var samtidig lite påverka av kalkmengde. Med tanke på behovet hos drøvtyggjarar, var det på nokre felt, uavhengig av behandling, lite Co og Zn i plantane. Forholdet mellom Cu-innhaldet og Mo-innhaldet var i mange prøvar heller ikkje optimalt i høve til behovet. Avhengig av utgangspunktet, vil kalking både kunne forverre og betre mikromineralstatus i grovfôret.

Sammendrag

Innhaldet av kobolt i jord og planter både på inn- og utmark på utvalde bruk på kysten av Sogn og Fjordane er for det meste lågt. Blodprøver viser noko låge kobolt/vitamin B12 verdiar hos lam om våren, og i nokre besetningar er verdiane også låge etter beiteperioden i utmark. Plante- og blodprøver viser at sink- og kopartilførselen på innmarka er marginal hos ein del brukarar, medan kopartilførselen på utmarka synes å vere tilstrekkeleg. Innlegging av koboltkuler betrar lamma sin kobolttilførsel vist ved høgare blodverdiar av vitamin B12. Det er likevel ingen sikker verknad av koboltkuler på lammevekt eller tilvekst. I nokre besetningar treng ikkje kobolt vere minimumsfaktor, medan i andre besetningar kan mangel på andre mikronæringsstoff eller snyltarar ha skipla til resultata. I tillegg var lamma unge ved dosering slik at opptaket ikkje har vore optimalt. Andre sjukdommar kan og ha påverka resultata. Ut frå analysar av jord, planter og blod kan ein gje råd om gjødsling og fôring på enkeltbruk.

Sammendrag

Dyrking av korn både i allsidig og husdyrlaus økologisk drift vil gi mindre N-avrenning per arealeining enn i konvensjonelle dyrkingssystem med korn og potet. Det synest elles ganske klart at miljøeffektane i økologisk korndyrking er knytt til driftsmåten. I eit allsidig økologisk vekstskifte, der korn vert dyrka saman med eng til slått, har ein små tap av nitrogen både til vatn og luft. I eit husdyrlaust økologisk vekstskifte dominert av korn, erter og grøngjødslingsvekstar er sjansen for tap av næringsstoff både til vatn og luft klart større enn i det allsidige økologiske vekstskifte. Ei følgje av husdyrlause korndyrkingssystem er òg at produksjonen i høve til nitrogenavrenninga er liten og at nitrogentapa per produsert eining vert stor. Alt i alt er det større utryggleik rundt miljøeffektane i husdyrlaus økologisk korndyrking enn i den allsidige dyrkingsmåten. Mykje kan sikkert vinnast gjennom ny kunnskap om økologisk korndyrking med basis i grøngjødsling, men den tryggaste og mest bærekraftige driftsmåten for økologisk korn vil vera i kombinasjon med engdyrking og husdyrhald. Dette talar til fordel for mest mogleg lokal produksjon.