Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2007

Sammendrag

Fôring med raudkløver-grassurfôr samanlikna med kvitkløver-grassurfôr gav høgare innhald av gunstige FS, spesielt av n-3 linolensyre, i mjølk. Kraftfôrtilskot reduserte innhaldet av gunstige FS.

Sammendrag

Kvitkløver egnar seg godt i slåtteng også under norske tilhøve. Avlingsnivået var på høgde med raudkløvereng. Samla over to forsøksår gav kvitkløvergrassurfôr eit høgare dagleg opptak av tørrstoff og råprotein enn raudkløvergrassufôr, men effekten av kløverart på dei fleste produksjonsparametrane var liten. Raudkløvergrassurfôr gav mjølk med gunstigare feittsyresamansetjing og mjølk med mye høgare innhald av isoflavon ("kløverplanteøstrogen"), uansett kraftfôrnivå, enn kvitkløvergrassurfôr. Særleg var innhaldet av equol høgt. Av planteøstrogena, er det equol ein trur verkar preventivt t.d. mot bryst- og prostatakreft.

Sammendrag

Eng av raigras (Lolium perenne L.) og kvitkløver (Trifolium repens L.) er samanlikna med timotei (Phleum pratense L.)/engsvingel (Festuca pratensis L.)/raudkløver (Trifolium pratense L.) på Særheim, Jæren, og eng av engrapp (Poa pratensis L.) og kvitkløver er samanlikna med timotei/engsvingel/raudkløver på Løken i Valdres ved ulike haustesystem og ved to nivå av N-gjødsling (12 og 24 kg N/daa og sesong). På Særheim heldt dei sådde artane seg godt og det vart lite ugras i enga. Det var små forskjellar i avling mellom engtypane på Særheim, men raigrasenga gav litt meir enn timoteienga ved intensive haustesystem. Raigrasenga hadde høgare jamt over fôrverdi enn timoteienga og kom totalt sett best ut i intensive system med høg fôrkvalitet. På Løken gav timoteienga størst avling første engåret, medan engrappenga gav vel så mykje som timotei ved intensive haustesystem andre- og tredje engåret. Timoteienga på Løken vart sterkt tynna ut ved intensive haustesystem. Her vart enga etter ei tid dominert av raudkløver og løvetann, medan graset greidde seg bra i eit toslåttssystem. Engrapp etablerer seg seint og gav tynn eng med mykje ugras første året, men bestanden tetta seg bra til og det var lite ugras andre- og tredje året. Mjøldogg er eit problem i engrapp. Det var små forskjellar i kvalitet mellom engtypane. Forsøka stadfester at timotei toler hyppig hausting dårlegare enn raigras og engrapp. For å halde god bestand av timotei ser det ut til anten første- eller andreslåtten bør haustast ved stor avling og moderat energiverdi. Ved tidleg førsteslått utgjer førsteslåtten ein moderat del av årsavlinga, og ein bør da leggje større vekt på kvaliteten av andre- og tredjeslåtten.