Bergen

NIBIO Bergen har kontorer i 8. etasje i Høyteknologisenteret på Marineholmen, i utkanten av Bergen sentrum.  Plassert ved Florida bybanestopp er Marineholmen lett å komme til både frå Bergen sentrum og frå Flesland.

Ved NIBIO Bergen er det totalt ca. 20 medarbeidarar frå alle fem fagdivisjonane i NIBIO. Det er to hovudarbeidsområde for medarbeidarane ved kontoret i Bergen; landbruksøkonomi og biomangfald i skog. 

Arbeidsområder

Driftsgranskingar i jord- og skogbruk er ein årleg, nasjonal rekneskapsgransking som viser status og utvikling for økonomien i landbruket. Analyser av granskingsmaterialet gjev grunnlag for rådgjeving, forsking og undervisning. Det samfunnsvitskapelege miljøet arbeider også med fleire prosjekt innan hagebruksøkonomi, landbruksbasert reiseliv, verdiskapingsanalysar, mm. Fleire av prosjekta er knytt til Sør- og Vestlandet, men det vert også arbeidd med nasjonale- og internasjonale prosjekt. 

Fagmiljøet på biologisk mangfald i skog har blant anna prosjektleiinga for den nasjonale storsatsinga Miljøregistrering i Skog - MiS.  Forskinga er særleg retta mot kor biologisk mangfald er fordelt i tid og rom, for at ein skal kunne ta omsyn til dette under hogst.  

Elles har NIBIO Bergen høg kompetanse på landbruksentomologi og genetikk.

Nettverk og samarbeid

Kontoret er lokalisert tett på viktige samarbeidspartnarar som Biologisk Institutt ved Universitetet i Bergen, Norsk institutt for naturforskning (NINA) og Fylkesmannen i Vestland. Dei lokale bondeorganisasjonane på Vestlandet og f.eks. Vestskog, er viktige næringsaktørar som vi samarbeider med.

DSC_0360 (2).jpg
Foto: Kjersti Kildahl
NIBIO Bergen

Post- og besøksadresse: NIBIO Bergen, Thormøhlensgate 55, 5006 Bergen

Telefon: 406 04 100

Fagavdelinger i Bergen

Skoggenetikk og biomangfold Skadedyr og ugras i skog, jord og hagebruk Økosystemer i Barentsregionen Økonomi og samfunn Landbruksøkonomisk analyse Driftsøkonomisk analyse