Hopp til hovedinnholdet

Jordbruksinntekta i 2018: Katastrofeår for korn, godt år for frukt og bær

Telemarksfrukt i Sauherad_Foto Fylkesmannen i Telemark_cropped

Telemarksfrukt i Sauherad. Foto: Fylkesmannen i Telemark.

For andre år på rad vart det i 2018 inntektsnedgang i jordbruket, etter tre år med vekst før det. Samla inntekt gjekk ned med 11 prosent samanlikna med 2017.

Størst inntekt fekk dei som dyrkar frukt og bær, i snitt 430 100 kroner – opp 23 prosent frå året før.

Tørken i store delar av Sør-Noreg førte generelt til reduserte avlingar og driftsresultat for mange bønder. Kostnadsauke og prisnedgang på kjøt svekka og resultatet.

- Dette er andre år på rad med inntektsnedgang i jordbruket. Innan og mellom ulike produksjonar er det likevel store forskjellar i inntekta, seier seniorrådgjevar og driftsgranskar Torbjørn Haukås i NIBIO.

Haukås er ansvarleg for dei årlege driftsgranskingane som analyserer tal frå nesten tusen gardsbruk rundt i landet for å følgje den økonomiske utviklinga i næringa.

- Sau og frukt og bær auka inntektene, mjølk gjekk litt ned medan korn hadde eit katastrofeår i 2018. Den gjennomsnittlege kornbonden gjekk med tap, og fekk ei negativ inntekt på 84 000 kroner. Den same gruppa hadde i 2017 ei inntekt på nær 247 000 kroner per årsverk. 

Torbjørn H_ved KK_14 47 18.jpg
Etter mange år som driftsgranskar, vil Torbjørn Haukås til neste år overlate hovudansvaret til kollega og driftsgranskar Heidi Knutsen. Foto Kjersti Kildahl.

Kostnadane meir opp enn inntektene

Jordbruksinntektene gjekk ned med 35 800 kroner, til 287 500 kroner per årsverk i 2018. Det gir ein nedgang på 11 prosent samanlikna med året før.  

- Samla sett vart det ein auke i produksjonsinntekter på 4 prosent som følgje av volum og tilskotsauke, samstundes som kostnadane auka med 8 prosent.

For mange vart inntektene redusert som følgje av låge avlingar. I tillegg auka kostnadene, spesielt til fôr, noko dei med husdyr opplevde sterkt.

- Utgifter til kjøp av fôr auka med 12 prosent, noko som skuldast låge grasavlingar på grunn av tørken, seier Haukås

Kostnader til maskinleige, leasing og energi auka også mykje siste året.

 

Dei store hardast råka

Det er blant dei større gardsbruk ein finn bruka med størst negativ utvikling i 2018. Gruppa bruk med 300 – 500 dekar fekk ein inntektsnedgang på 14 prosent, medan dei med større areal enn 500 dekar fekk nedgang på 19 prosent samanlikna med 2017.

- Dei store bruka er tradisjonelt meir følsame for prisendingar fordi dei hentar ein større del av inntektene sine i marknaden enn dei mindre, forklarer Haukås.

- Når ein arealkrevjande produksjon som korn sviktar på grunn av tørke, og marknadsprisen på svinekjøt samtidig går ned, forklarer det inntektstapet for mange av dei store bruka. Mange bønder på Austlandet har dessutan korn og svin i kombinasjon. Da seier det seg sjølv at resultatet for desse vart dårleg i 2018.

Korn fekk lågast jordbruksinntekt av alle dei presenterte driftsformene (produksjonane), og fekk ei inntekt på minus 84 000 kroner per årsverk.

P1030010.JPG
Tørkestressa kornåker i Vestby, Akershus, i juli 2018. Foto: John Olav Oldertrøen.

Spesialistane klarte seg betre

Dei mindre arealkrevjande bruka har produksjonar som klarte seg betre enn dei større, arealbaserte. Frukt- og bærprodusentane er ofte å finne i gruppa med areal under 100 dekar

- Frukt og grøntprodusentane hadde fine vekstforhold i 2018. Mange av dei har høve til vatning, og fekk derfor store avlingar av god kvalitet, kommenterer Haukås.

Grønsakprodusentar utan vatning vart hardt råka av tørken. Produksjonar som er uavhengige av vêr, vind og areal, som kylling og veksthusgrønsaker, hadde framgang i 2018.


Store erstatningar

Den langvarige tørken påverka avlingane for mange bønder i Sør-Noreg  Svært reduserte grasavlingar medførte auka kostnader til fôrkjøp, og for enkelte bønder med husdyrproduksjonar -– tidleg nedslakting av dyr.

- Den dramatiske situasjonen utløyste store erstatningsutbetalingar i 2018, noko som slo ulikt ut for produsentane, seier Torbjørn Haukås.

Han fortel at mange var lite tilfredse med profilen på utbetalingane. Uavhengig av kva ein måtte meine om det, er det heva over tvil at inntektsnedgangen ville vore langt større om ikkje tap av produksjonar og inntekt og ekstraordinære kostnader i stor grad vart kompensert.

- Likevel kan ikkje våre gjennomsnittstal få fram mangfaldet av skjebnar som opplevde tørkesommaren tett på, føyer han til.

For tørkeskadane vart det gitt avlingserstatning. Til husdyr- og grasprodusentane vart det gitt ekstra tilskot for husdyr, areal og kulturlandskap.

78381913_2678760012351257_2756279108835999744_n.jpg
Vederlag til arbeid og kapital for ulike driftsformer, målt i 2018-kroner.

‘Seinskadar’ av tørkeåret

Tørken kan og påverke seinare års resultat på grunn av behov for ekstra kjøp av fôr året etter. I tillegg påverkar tidleg nedslakting av buskap framtidig produksjonsgrunnlag, og kan medføre auka kostnader knytt til kjøp av nye dyr. Haukås utdjupar det slik:

- Avlingssvikt og fôrmangel gjer at mange brukte opp mykje av lagera sine i fjor utan å få nytt tilfang. Dei måtte derfor berge seg gjennom vinteren på innkjøpt fôr, som kraftfôr, halm eller gras.  

- Dessutan hadde mange på Sør-Vestlandet lite fôr frå året før på grunn av svært våte forhold på hausten i 2017.

Slakting av dyr tidlegare enn planlagt har for enkelte gitt ein inntektsoppgang mot slutten av året som dei vanlegvis ikkje har. Han legg til at slike positive utslag på kort sikt truleg har ein auka kostnad ved seg på litt lengre sitt, året etter, på grunn av behov for nye innkjøp som ein utan tørkeåret ikkje ville fått.

Figur-Gardbrukarfamiliens-samla-inntekter-fordelt-på-ulike-kjelder.jpg
Gardbrukarfamiliens samla inntekt i 2018 fordelt på ulike kjelder.
Om driftsgranskingane

Dei årlege driftsgranskingane blir utført av NIBIO og er ein del av statsoppdraget. Granskingane omfattar rekneskapstal frå 916 bruk fordelte over heile landet. Føremålet med driftsgranskingane er mellom anna å vise økonomiske utvikling i landbruket generelt, og på gardsbruk med ulike produksjonar spesielt. Kun gardsbruk der ein vesentleg del av inntekta kjem frå jord- og skogbruk er med.

NOKRE NØKKELTAL

Gjennomsnittlig jordbruksinntekt pr årsverk:

2018:     287 500
2015:     326 800

Dei to driftsformene med høgast og nesthøgast inntekt i 2018 samanlikna med inntekta for same produksjonar i 2015:

Frukt og bærproduksjon

2018:     430 100
2015:     254 200

Geitemjølk

2018:     418 700
2015:     386 200

Dei to driftsformene med lågast og nestlågast inntekt i 2018 samanlikna med inntekta for same produksjonar i 2015:

Kornproduksjon

2018:     -84 000
2015:     365 600

Sauehald

2018:     195 700
2015:     201 600

Discovery epler.jpg
Discovery epler. Foto: Fylkesmannen i Telemark.
Geit på Herdalssetra i Nordal_Møre og Romsdal Foto_Oskar Puschmann NIBIO.jpg
Kje på Herdalssetra i Nordal, Møre og Romsdal. Foto Oskar Puschmann.
Kyr i beite.jpg
Bynært landbruk. Foto: Fylkesmannen i Telemark.
Klasetomater i veksthus i Wiik_Klepp kommune_Foto Tonje Fjermestad Aase.jpg
Klasetomater i veksthus i Wiik_Klepp kommune. Foto: Tonje Fjermestad Aase.
Eiga skogundersøking

For 120 gardsbruk med skog er det utført ei eiga undersøking.

Gjennomsnittleg driftsoverskot per skogbrukseigedom var kr 81 900, ein auke på kr 44 800 frå 2017. Auka avverking og høgare prisar på virke er årsaker til auken.

Det gjennomsnittlege skogarealet på desse bruka er 1 500 dekar.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.