Hopp til hovedinnholdet

Bondens andre næringsinntekter – ein liten, men viktig del

IMG_4134

Gardsmat kan vere eit døme på anna næringsinntekt. Her tilbyr Bjørg Astrid Seljestad produkt frå garden sin på Nå i Hardanger gjennom ein lokalmatbutikk på Voss. Foto: Kjersti Kildahl.

Nokre gardbrukarar driv næringsverksemd utanfor gardsdrifta. Lønsemda er jamt over høgare i slik verksemd enn i sjølve jordbruket, viser det seg.

24 prosent av dei 920 bøndene som var med i NIBIO sine driftsgranskingar i 2016, hadde omsetning i anna næring.

Driftsøkonom Ole Kristian Stornes har sett nærare på tala frå denne gruppa og samanlikna lønsemd og timebruk med den vanlege jordbruksinntekta.

- Vi ser at den delen av innteninga til brukarfamilien som kjem frå anna næring, er forholdsvis liten. Likevel kan ho ha avgjerande betydning for samla inntekt, og dermed levestandarden til dei det gjeld, seier Stornes.

Bidraget frå anna næring er minst i Agder/Rogaland, Vestlandet og i Trøndelag. I gjennomsnitt for åra 2013-2016 var det Austlandet som hadde bruk med høgast driftsoverskot frå anna næring.

 

Inntekta avgjer levestandard

Bakgrunnen for at ein i driftsgranskingane registrerer bondens inntekter inndelt i ulike inntektskjelder, er å vise korleis bondefamilen skaffar seg inntekt frå ulike kjelder uavhengig av næringsgrunnlaget på bruket.  Det gir oversikt over korleis den samla inntekta er sett saman.

Torbjørn Haukås som er ansvarleg for dei årlege driftsgranskingane, forklarer:

- Vi samlar data om bondens økonomi og inntektsgrunnlag som er sentrale for næringa og politikarane. Spesielt sett i lys av målet om sysselsetting og busetting i heile landet som er ein av berebjelkane i norsk landbrukspolitikk er dette ein viktig del av kunnskapsgrunnlaget.

Haukås seier at ein del av det målet kviler på at også små gardsbruk skal gi grunnlag for eit levebrød.

- Derfor er det viktig å gjere reie for all næringsaktivitet på gardens ressursar, og dei inntektene som kjem frå kjelder utanfor bruket.

Det er ei kjend sak at jordbruksinntekta ofte må supplerast med andre inntekter for å gi ein levestandard tilsvarande andre grupper i samfunnet.

- Da er det og interessant å vite kor mykje av inntekta som kjem frå sjølve jordbruket, og kor mykje bondefamilien må hente frå andre kjelder for å skaffe inntekta som gir ønska levestandard, seier Haukås.  

Han seier at dei fleste henter seg andre inntekter dersom dei har for lite grunnlag på bruket. Resultatet er at norske bønder har ein levestandard på nivå med andre yrkesgrupper .

 

Frå lefser til lønnsarbeid

Kjeldene til inntekt utanfor bruket er mange og varierte. Det er og tilleggsnæringane for inntekt på sjølve bruket.

Andre næringsinntekter spenner frå utleige av driftsbygningar og anna tenesteyting, til husflid, rekneskaps-føring og anleggsarbeid. Den siste gruppa er den klart største.

- Når det gjeld tilleggsnæring utanom jordbruk og skogbruk på gardens ressursar, er snøbrøyting eit typisk døme på at gardens driftsmateriell kjem til nytte i alternativ bruk, seier Torbjørn Haukås.

- Sal av foredla produkt frå garden, som pølser eller eplemost, vil oftast og vere tilleggsnæring.

Haukås seier ‘oftast,’ fordi det finst døme på at produksjonen skjer med  innkjøpte råvarer, og da vil inntekta vere ‘anna næringsinntekt,’ altså ikkje ‘tilleggsnæring.’

Viss ein og etablerer eigen gardsbutikk og sel desse produkta, gjerne i tillegg til andre innkjøpte varer, eller produkt frå nabogardane, ja, da er dette blitt ei kjelde for ‘anna næringsinntekt.’

Slik differensiering blir for dei mest interesserte feinschmeckerane, og dei som treng å skilje den eine kjelda frå den andre – til dømes næringa og dei som skal forhandle eller ta politiske avgjerder.

 

Lønnsemd aleine styrer ikkje val av ekstra inntekt

Den finst eit mangfald av ulike inntektskjelder som supplerer bondefamiliens samla inntekt. Lønnsinntekt er den vanlegaste ekstra kjelda fordi mange gardbrukarar har fast arbeid utanfor bruket.

-Lønnsinn tekt er den store ‘andre inntektskjelda.’ Det kjem tydeleg fram i det vi kallar bondefamiliens inntektssamansetning, seier driftsøkonom Haukås.

Talmaterialet i driftsgranskingane dokumenter at inntektene til den norske bonden er både svært samansette og varierte. Sjå figur i margen til venstre.  

Eit interessant aspekt som kjem fram i arbeidet til Ole Kristian Stornes er at lønnsemd tilsynelatande ikkje er avgjerande for val av ekstra inntektskjelde å investere timane sine i.

- Det økonomiske motivet vil sjølvsagt variere frå person til person, kommenterer Haukås. Interesser og personlege preferanser spelar inn.

Husflid, vareproduksjon og foredling ligg under lønnsevna som jordbruket gir, medan dei fleste andre driftsgreiner ligg over.

Ei av oversiktene til Stornes viser at spennet i lønnsevne per time i andre næringar går frå 133 kr/t i vareproduksjon og foredling, til 336 kr/t i byggeverksemd. Sjå figuren nedanfor.

Lønnsevne per time.JPG
Bondens inntekt

Bondens inntekt er sett saman av inntekter på bruket og inntekter utanfor bruket.

  • Inntektene på bruket er basert på gardens ressursar, og er sett saman av jord- og skogbruksinntekt pluss tilleggsnæring.
  • Inntektene utanfor bruket er lønnsinntekt og andre næringsinntekter.

Inntektskomposisjon for
gjennomsnittsbruket i 2016

Inntekts-komposisjon for snittbruket 2016.JPG

Figuren viser bondefamiliens inntekt del for del. Kjelde: Driftsgranskingane for 2016.

Snørydding_Foto Eikmaskin AS.jpg
- Når det gjeld tilleggsnæring, er snøbrøyting eit typisk døme på at gardens driftsmateriell kjem til nytte i alternativ bruk, seier Torbjørn Haukås. Foto: Eik Maskin AS.
IMG_3181.jpg
Gardsmat kan vere tilleggsnæring eller anna næringsinntekt avhengig av om produkta er laga på gardens ressursar, eller innkjøpt utanfor bruket. Foto: Kjersti Kildahl.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.

Publikasjoner

To document

Abstract

Noen gårdbrukere driver næringsvirksomhet utenfor gårdsdrifta som ikke er basert på brukets jordbruksressurser. Lønnsomheten er jevnt over høyere i slik annen næringsvirksomhet enn i selve jordbruket.