Hopp til hovedinnholdet

Jordbruksåret 2019: Inntekta tok seg opp igjen etter tørken i 2018

2015_Mæløya seter_Einunndalen_Folldal_Innlandet_6758_Foto Kari Stensgaard

På veg heim for å bli mjølka – geitene som høyrer til på Mæløya seter i Einunndalen, Folldal. Foto: Kari Stensgaard

Bondens inntekt auka med fire prosent frå 2018 til 2019. Det gav ei gjennomsnittleg inntekt på 300 200 kroner per årsverk, opp med 12 500 kroner frå året før. Likevel er det store forskjellar innan og mellom produksjonsformer.

Det store bildet er at jordbruksåret 2019 tok seg opp igjen etter tørkeåret 2018, men at enkelte produksjonar framleis er påverka negativt av tørken.

Høgast inntekt fekk produsentar av geitemjølk, med i snitt 399 700 kroner per årsverk. Det er likevel ein nedgang på sju prosent samanlikna med året før. Inntektsnivået elles var høgast på flatbygdene på Austlandet og i Trøndelag med høvesvis 353 900 og 352 000 kroner i gjennomsnitt.

– Den gjennomsnittlege kornbonden betra inntekta si frå minus 84 000 i 2018 til 334 400 kroner i 2019. Det beste kornresultatet sidan toppåret 2015, seier seniorrådgjevar og driftsgranskar Heidi Knutsen.

Knutsen er ansvarleg for dei årlege driftsgranskingane som analyserer tal frå nesten tusen gardsbruk rundt i landet for å følgje den økonomiske utviklinga i næringa.

Figur_Utvikling i jordbruksinntekta 2009_2019.JPG
Inntektsutviklinga dei siste ti åra illustrerer godt at 2015 var eit svært godt år. Sidan har trenden vore negativ – om ein ser 2018 og 2019 under eitt.

Effektar av tørkeåret eitt år seinare

Trass i at kornprodusentane fekk eit godt år i 2019, opplevde dei fleste husdyrproduksjonane inntektsnedgang.

Mjølkeprodusentane fekk redusert jordbruksinntekta for tredje år på rad, og oppnådde kr 294 500 per årsverk, ein nedgang på 8 prosent frå 2018.

Lågast jordbruks­inntekt fekk storfekjøtproduksjon med 163 400 kroner per årsverk og sauehald med 164 200 kroner.

Ho presiserer at det er store forskjellar innan og mellom ulike produksjonsformer.

Den generelle inntektsnedgangen for husdyrproduksjon kan delvis forklarast ved redusert kjøtproduksjon og lågare kjøtprisar. På grunn av fôrmangel i 2018 sende mange bønder dyra til tidleg nedslakting, noko som medførte redusert produksjonsgrunnlag i 2019.

– Avlingsskadeerstatning vart i hovudsak utbetalt i 2018, men for mange av husdyrprodusentane kom effekten av tørken også til uttrykk i 2019.  Til dømes konsekvensen av færre dyr, eller auka kostnader knytt til kjøp av nye dyr, forklarer Knutsen. Behov for auka kjøp av fôr er og ein del av bildet.

–  Mjølkeprodusentane fekk på si side kvotane sette ned igjen i 2019 etter at dei vart sette opp i 2018 for å sikre industrien tilgang på mjølk som følgje av den dårlege grovfôrsesongen. Dessutan gjekk mjølkeprisane ned i 2019.

Figur_Vederlag til arb og kap_ulike driftsformer_2009_2019.JPG
Figuren stadfester at kornprodusentane vart hardt ramma av tørken i 2018. Dei grovfôrbaserte produksjonane er meir stabile, og er over tid ikkje utsette for dei same svingingane knytt til vêret. Figuren viser og nedgang, stor eller liten, i alle produksjonar etter toppåret i 2015.

Planteproduksjon auka mest

Produksjonsinntektene auka med tre prosent, medan kostnadene auka i gjennomsnitt med to prosent i 2019.

– Generelt var det ein auke i inntekter frå plante­produksjon, medan inntektene frå husdyrhaldet var om lag uendra frå 2018, seier Heidi Knutsen.

Samla tilskot gjekk ned med fem prosent i 2019, mykje på grunn av store 2018-utbetalingar av avlingsskadeerstatning som er inkludert i tilskota.

Variable kostnader viste liten endring frå 2018 til 2019. Dei faste kostnadene auka med 5 prosent.

– Fôrkostnadene som utgjer den største variable posten, gjekk ned med to prosent frå 2018 til 2019, men var likevel høgare enn i 2017.

– Av andre kostnader var det særleg avskrivingar og leige som auka mykje. Kostnader til maskinleige og leasing har auka kvart år dei siste ti åra, og utgjorde i gjennomsnitt kr 121 200 for driftsgranskingsbruka i 2019.

DSCF9455.JPG
Geitebonde Trine Lilleslåtten i Skurdalen har det travelt, spesielt om sommaren. Da er dyra på inngjerda utmarksbeite og mjølking skjer i sommarfjøset på Skurdalsstølen i Hol. Gjennom utsal på garden opplever ho auka etterspurnad etter eigen geitost og geitemjølksprodukt generelt. Ho kunne seld langt meir enn i dag om kapasiteten hadde vore større.
Foto: Kjersti Kildahl

Liten, men viktig produksjon av geitemjølk

Trass i sju prosent i inntektsnedgang frå 2018 til 2019, vart produksjon av geitemjølk den som kasta mest av seg i 2019. Kanskje seier det meir om andre produksjonar enn om geitemjølk. For eksempel at geitebruk i snitt kom betre ut av tørkeåret fordi mange av dei store ligg nord og vest i landet. Dei vart ikkje like hardt ramma av tørken som bøndene lenger sør og aust i landet.

– Sjølv om det er få bruk med geitemjølk i Noreg, kan andre forhold ved denne produksjonen ha verdi som ikkje kjem til uttrykk i driftsgranskingane.

– Geitehald kan som enkelte andre produksjonar vere i ei nøkkelrolle fordi bruka er viktige for kulturlandskapet, levande bygder og lokalt næringsliv, seier Heidi Knutsen.

Driftsgranskingane 2019: Utfyllande stoff og tabellar
OM DRIFTSGRANSKINGANE

Dei årlege driftsgranskingane blir utført av NIBIO og er ein del av statsoppdraget. Granskingane omfattar rekneskapstal frå 930 bruk fordelte over heile landet. Føremålet med driftsgranskingane er mellom anna å vise økonomiske utvikling i landbruket generelt, og på gardsbruk med ulike produksjonar spesielt. Kun gardsbruk der ein vesentleg del av inntekta kjem frå jord- og skogbruk er med.

Dalsete_Foto Kjersti Kildahl.jpg
Norsk kvit sau på fjellbeite ved bygda Strandebarm i Hardanger. Foto: Kjersti Kildahl
Nokre nøkkeltal

Gjennomsnittlig jordbruksinntekt per årsverk:

2019:     300 200

2018:     287 500


Dei to driftsformene med høgast og nesthøgast inntekt i 2019 samanlikna med inntekta for same produksjonar i 2018:


Geitemjølk

2019:     399 700

2018:     418 700
 

Korn og svin

2019:     371 100

2018:     272 500


Dei to driftsformene med lågast og nestlågast inntekt i 2019 samanlikna med inntekta for same produksjonar i 2018:
 

Ammekyr

2019:     163 400

2018:     218 800
 

Sau

2019:     164 200

2018:     195 700             

Mjølkekyr på ferie_Stuaset_Foto Kjersti Kildahl_cropped.jpg
Mjølkekyr og ungdyr av Norsk rødt fe (NRF), ved stølen Stuaset i Voss. Sjølv om stølen er nedlagd, held dei seg gjerne på setervollen. Foto: Kjersti Kildahl
Om skogbruk

For 121 gardsbruk med skog er det utført ei eiga undersøking. Det gjennomsnittlege skogarealet på desse bruka er 1 450 dekar.

Gjennomsnittleg driftsoverskot per skogbrukseigedom var 94 400 kroner, ein auke på 12 500 kroner frå 2018. Auka avverking og høgare prisar på virke er årsaker til auken.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.