Fem kartverktøy for klima- og naturvenleg arealplanlegging
Noreg er kjent for vakker natur, fjord og fjell, skog og vidde. Gode kartverktøy er viktige for ei god forvalting som tar omsyn til klima og natur. Tustervatnet, Hemnes kommune, Nordland. Foto: Morten Günther
Kommunar og fylke har etterlyst brukarvenlege kartløysingar som syner konsekvensane av arealbruk og utbygging for klima og natur. For å møte dette behovet har NIBIO og fleire samarbeidspartnarar utvikla fem verktøy som gjer det enklare å vite kva vi har – og kva vi kan miste.
To viktige stortingsmeldingar vart vedtekne i 2025: Naturmeldinga og Klimameldinga. Begge understrekar tydinga av detaljerte kartdata for å nå nasjonale mål for klima og natur. Kommunar og fylke skal òg halde god oversikt over endringar i arealbruk ved å innføra såkalla arealrekneskap. Krava til klima- og naturomsyn i arealplanlegginga vert stadig strengare.
Samtidig har mange kommunar strevd med å få oversikt over konsekvensane av nedbygging. Ein av årsakene er at viktige datasett har vore spreidde og lite tilgjengelege. Dette er bakteppet for at NIBIO i samarbeid med fleire andre statlege aktørar har utvikla nye, landsdekkjande verktøy for arealanalyse, grønt‑ og gråstruktur, klimagassutslepp og naturskog.
Nasjonalt grunnkart for arealanalyse – felles faktagrunnlag for heile landet
Nasjonalt grunnkart for arealanalyse er ei samanstilling av dei viktigaste offentlege datasetta for arealinformasjon i Noreg. Kartet inneheld òg ei inndeling i økosystem. Grunnkartet byggjer på data frå det offentlege kartgrunnlaget (DOK), og kombinerer desse i eitt felles datasett. Den første årsversjonen for 2025 er no lansert som WMS‑teneste på Geonorge, og gjev eit heilskapleg oversyn over areal i både by og land.
Kartet er utvikla i eit samarbeid mellom NIBIO, Kartverket, Miljødirektoratet og SSB, og med omfattande brukarmedverknad. Kartet gir kommunar, fylke og statlege etatar eit felles kunnskapsgrunnlag for arealanalyse og arealrekneskap. Kunnskapen kan koplast til arealplanar og brukast til å vurdere konsekvensar av ny utbygging for både natur og klima.

FKB‑Grønnstruktur – detaljert oversikt over grøntområde i tettbygde strok
FKB‑Grønnstruktur er eit nytt, nasjonalt kart som viser grøne areal innanfor tettbygde område. Vegetasjonen blir delt inn i feltsjikt, busksjikt og tresjikt etter høgd. Kartet blir laga ved å kombinere høgoppløyste satellittbilete, nasjonal detaljert høgdemodell og detaljerte FKB‑data for veg, bygningar og vatn. FKB står for Felles kartdatabase som er ei samling datasett med nokre av dei mest detaljerte kartdataa i Noreg.
Tenesta gir kommunar og andre aktørar eit standardisert, landsdekkjande grunnlag for å ta hand om grønstruktur i byer og tettstader. Grønstruktur er òg knytt til handtering av overvatn, blå‑grøn faktor og klima‑ og naturtiltak i byutvikling. FKB‑Grønnstruktur er tilgjengeleg via Geonorge som WMS og for nedlasting. Kartet bidrar til både klimatilpassing og betre naturforvaltning i byer og tettstader over heile landet.

Kart over grå areal – bygg meir der det allereie er bygd
Kartet over grå areal er ei landsdekkjande teneste som viser kvar i Noreg vi finn areal som alt er utbygde eller sterkt påverka av menneskeleg aktivitet – frå bustadfelt og næringsområde til vegar, parkeringsplassar og andre tette flater. Kartet gir i tillegg informasjon om kor stor del av eit område som er grått, kor stor del som har vegetasjon, og kor mykje som er dekt av bygningar.
Kartet er utvikla av NIBIO, Kartverket og SSB på oppdrag frå Miljødirektoratet, og byggjer på Nasjonalt grunnkart for arealanalyse, FKB‑Grønnstruktur og bygningsdata frå SSB. Målet er å gjere det enklare å planleggje ny utbygging i allereie utbygde område, slik at ein kan redusere presset på natur‑ og landbruksareal. Kartet kan òg brukast i naturrekneskap og klimaarbeid på kommunalt og nasjonalt nivå.

Kartbasert klimagasskalkulator – reknar ut utslepp frå arealbruksendringar
Den nye kartbaserte klimagasskalkulatoren gjer det mogleg for kommunar og andre aktørar å berekne utslepps‑ og opptakseffektar frå både dagens arealbruk og planlagde arealbruksendringar. Brukaren kan teikne inn eit område direkte i kartet, eller laste opp kommuneplan og reguleringsplan, og få berekna utslepp av CO₂, metan og lystgass uttrykt i tonn CO₂‑ekvivalentar per hektar, for periodar på 5, 20 og 70 år fram i tid.
Kalkulatoren er utvikla av NIBIO i samarbeid med Miljødirektoratet. Den følgjer metodikk frå FNs klimapanel og den nasjonale klimagass-rekneskapen. Verktøyet er meint brukt i arealplanlegging i kommunar og fylke. Den skal òg inngå i rettleiinga til statlege planretningslinjer og Miljødirektoratet si handbok for konsekvensutgreiing av klima og miljø. Slik blir det enklare å synleggjere klimakonsekvensar av utbyggingsplanar og ta vare på karbonrike naturareal som skog og myr.
Lenke til klimagasskalkulatoren

Naturskogkart – første landsdekkjande oversikt over naturskognære område
Naturskogkartet er det første kartet som gir ei landsdekkjande oversikt over skog som ikkje har vore flatehogd sidan før 1940. Dette gir eit bilete av område som såleis har fått mykje preg av naturskog. På oppdrag frå Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet har NIBIO, saman med NMBU, NINA og Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo, laga tre kart: eitt som viser skog etablert før 1940, eitt som viser sannsynet for at skogen er lite påverka, og eitt som graderer kor naturskognær skogen er.
Kartet er laga ved hjelp av satellittbilete, laserskanning og metodar for maskinlæring, kombinert med data frå Landsskogtakseringa, som er ei utvalskartlegging av norsk skog. Resultatet er eit detaljert kart som kan brukast i vurderingar av naturmangfald, tilstand i skog og behov for vern. Dette er ein førsteversjon som vil bli utvikla vidare, men kartet kan allereie no hjelpe kommunar og andre styresmakter med å unngå nedbygging av dei mest verdifulle naturskogsområda.

Eit felles løft for betre arealkunnskap
Felles for dei fem verktøya er at dei gir kommunar, fylke og styresmakter betre oversikt over kva vi har av arealressursar, korleis vi brukar dei, og kva konsekvensar nye inngrep kan få for både klima og natur. Nasjonalt grunnkart for arealanalyse, FKB‑Grønnstruktur, kart over grå areal, klimagasskalkulatoren og naturskogkartet er alle førsteversjonar som skal vidareutviklast i dialog med brukarane, men dei gir allereie no eit langt betre utgangspunkt for å nå dei nye klima‑ og naturmåla som Stortinget har vedteke.
KONTAKTPERSON
Ingvild Nystuen
Avdelingsleder
-
Divisjon for kart og statistikk
(+47) 902 49 768 ingvild.nystuen@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg O43
Andre nyttige kart og verktøy frå NIBIO
Jordsmonnkart
NIBIO har ansvar for det nasjonale programmet for jordkartleggjing. Karta syner jordkvalitet, dyrkingspotensial og ei rekkje andre viktige tema. Karta dekker om lag 60 % av fulldyrka og overflatedyrka jordbruksareal og er eit viktig kunnskapsgrunnlag for både forvalting og næring. Kvart år vert om lag 100 000 nye dekar kartlagt.
Vegetasjonskart
Desse karta syner vegetasjonstypar og beitekvalitet i utmark i utvalde område. Der det finst slike kart, er dei eit viktig kunnskapsgrunnlag ved vurderingar av til dømes hytteutbygging og energiutbygging opp mot verdiane i utmarka.
Klimakart
Ei rekkje kommunar har tinga såkalla klimakart frå NIBIO. Dette er ei «pakke» med temakart for innleiande planarbeid. Karta syner grad av utslepp av klimagassar frå noverande arealbruk og nedbygging, kvar det er fare for oppsamling av vatn ved mykje nedbør, viktige område for artsmangfald, viktige område for temperaturregulering i tettbygde strok m.m.
Nokre bruksområde for dei nye verktøya
- Arbeid med kommuneplan og reguleringsplan
- Regional planlegging
- Prioritering av område, planvask
- Naturrestaurering
- By- og tettstadsutvikling
- Temaplanar
- Rapportering, arealrekneskap
- Konsekvensutgreiing
KONTAKTPERSON
Ingvild Nystuen
Avdelingsleder
-
Divisjon for kart og statistikk
(+47) 902 49 768 ingvild.nystuen@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg O43
Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.