Hopp til hovedinnholdet

Oppdatert kart: Noreg har mindre dyrkbar jord enn antatt

nydyrking_kdf_cropped

Nydyrking av dyrkbar jord i skogområde. Foto: Kjetil Fadnes

En ny gjennomgang viser at Noreg har mindre dyrkbar jord enn me tidlegare har rekna med. Dermed kan framtidig oppdyrking av skog og utmark bli meir avgrensa.

Berre 3,7 prosent av Noregs landareal er jordbruksareal. Dette talet inkluderer alt frå fulldyrka jord til innmarksbeite. Omgrepa jordbruksareal og dyrka jord tyder det same. Dyrkbar jord, derimot, er jord som ikkje er dyrka opp enno. Det kan vera skog eller anna utmark som det er mogleg å dyrka opp til fulldyrka jord i framtida.

Gode kart over dyrka og dyrkbar jord er viktig for at forvaltinga skal kunna handheva Jordlova. Lova seier at ein ikkje kan bruka dyrka eller dyrkbar jord slik at den vert ueigna for matproduksjon i framtida. Likevel er det mogleg å få dispensasjon dersom nedbygginga gjev stor samfunnsnytte.

Dagens kart over dyrka og dyrkbar jord vart laga på grunnlag av ei landsdekkande feltkartlegging mellom 1960 og 1990. Kartet over den dyrka jorda har vorte oppdatert årleg heilt sidan den gong, men rutinane for oppdatering av kartet Dyrkbar jord har ikkje vore like gode. No har NIBIO gjort ein grundig gjennomgang og tilpassa kartet betre både til gjeldande lovverk og til andre kartlag.

Landbruksminister Nils Kristen Sandtrøen understrekar viktigheita av dette arbeidet:

–  I regjeringa si jordvernstrategi frå 2023 kjem det tydeleg fram at den dyrkbare jorda er ein viktig ressurs for matberedskap i framtida. I strategien er det ei målsetting om at forvaltinga skal få eit betre kunnskapsgrunnlag for å forvalta desse areala, seier ministeren.

– Kartet må få fram kva som faktisk kan reknast som aktuell dyrkbar jord ut får dagens lovreguleringar, driftstekniske føresetnader og nydyrkingspraksis. Oppdateringa av Dyrkbar jord-kartet som NIBIO har gjort no, er eit viktig steg i riktig retning, legg han til.

Denne myra er kartlagt som dyrkbar i kartet Dyrkbar jord. Etter at nydyrking av myr vart forbode i 2019, er det ikkje lengre aktuelt å dyrka opp dette arealet. I særlege tilhøve er det imidlertid mogleg å få dispensasjon frå dette forbodet. Foto: Kjetil Fadnes
Denne myra er kartlagt som dyrkbar i kartet Dyrkbar jord. Etter at nydyrking av myr vart forbode i 2019, er det ikkje lengre aktuelt å dyrka opp dette arealet. I særlege tilhøve er det imidlertid mogleg å få dispensasjon frå dette forbodet. Foto: Kjetil Fadnes

 

Mindre aktuell dyrkbar jord

Senioringeniør i NIBIO, Kjetil Fadnes, har vore med i revideringa av Dyrkbar jord-kartet.  

– Endra lovgiving og praksis gjer at mykje areal som vart kartlagt som dyrkbar jord ikkje er aktuell for oppdyrking lengre. I det reviderte kartet har me markert slike areal så dette kjem tydeleg fram.  

– Det gjeld fyrst og fremst dyrkbar jord på myr. I 2019 blei nydyrking av myr forbode. I tillegg har me synleggjort om den dyrkbare jorda ligg i nasjonalparkar, naturreservat eller ravineområde der det ikkje utan vidare er lov å nydyrka, forklarer Fadnes.

I det oppdaterte kartet vil desse areala vera samla under omgrepet «dyrkbar jord med særskilde føresegner».

– Den aktuelle reserven av kartlagt dyrkbar jord er dermed mindre enn me har antatt. Totalt vart det kartlagt om lag tolv millionar dekar som kunne dyrkast opp i framtida. Ein tredel av den dyrkbare jorda ligg på myr. Trekk me ut myr saman med dei andre områda som er særskilt markert i det nye kartet, har me att nær åtte millionar dekar. Til samanlikning har me om lag ni millionar dekar som er dyrka opp per i dag, held Fadnes fram.

Når ein skal bedøma kor mykje dyrkbar jord som er tilgjengeleg i Noreg, må ein også sjå på kvalitet. Over halvparten av dei åtte millionar dekara ligg i dei kaldare klimasonene der ein ikkje kan dyrka matkorn, og der avlingsmengda for gras er lågare grunna kort vekstsesong. Nydyrking kjem dessutan ofte i konflikt med andre interesser som skogbruk, naturvern og miljøvern, sjølv om områda ikkje er verna. Nydyrking av skog vil til dømes føra til stor auke i klimagassutslepp.

– Tidlegare har det nok vore vanleg å tenka at ein kan byggja ned matjord og heller dyrka opp att nye areal andre stader. Dyrkbar jord-kartet syner at dette ikkje er ein god strategi for framtida. Reserven vi har av jord som kan dyrkast opp er avgrensa, slår Fadnes fast.

Steinrik jord kan òg dyrkast opp. Moderne maskiner gjer det mogleg å nytta areal med meir stein enn før. Foto: Siri Svendgård-Stokke
Steinrik jord kan òg dyrkast opp. Moderne maskiner gjer det mogleg å nytta areal med meir stein enn før. Foto: Siri Svendgård-Stokke

 

Tidlause kriterium, men endra praksis

Sjølv om kartlegginga av dyrkbar jord vart gjennomført for lenge sidan, gjeld dei fleste kriteria som vart brukt framleis.

– Jorda må ha nok humus og finstoff til å gje normal plantevekst. Det må vera stor nok jorddjupne for grøfting og ikkje for mykje stein og blokk. Areala skal dessutan liggja i eit klima der ein kan dyrka korn eller gras, og dei må vera store nok til at det er råd å driva dei, forklarar Fadnes.

– Kriteria er like for heile landet. Det kan henda at ein kornbonde i leirområda på Austlandet vil vegra seg meir for å dyrka opp ei steinrik morenejord enn ein bonde på Jæren, men slike omsyn kan ein ikkje ta med i eit landsdekkande kart.

Sjølv om kriteria er dei same, har det skjedd mykje når det kjem til lovverk og praksis. I tillegg til forbodet mot nydyrking av myr, er det til dømes ikkje lengre vanleg med bakkeplanering i ravineområda. Miljøomsyn har vorte viktigare i arealplanlegginga. I tillegg har ei rivande utvikling innan økonomi, mekanikk og teknologi påverka kva for område det er aktuelt å dyrka opp.  

–  Det oppdaterte kartet over dyrkbar jord vil framleis visa noko areal som det av ulike årsaker ikkje er aktuelt å dyrka opp. Difor er det viktig at dei tilsette i landbruksforvaltinga nyttar fagkunnskapen sin i dei ulike arealvurderingane, seier Fadnes.

–  I tillegg finst det areal utanom kartet som kan dyrkast opp. Våre analysar syner at 40 % av nydyrkinga dei siste åra har skjedd på areal som ikkje er kartlagt som dyrkbar jord. Det ser ut til at eitt av dei viktigaste kriteria for nydyrkingsareal i dag, er at det ligg inntil anna jordbruksareal, forklarar han.

Det er fleire årsaker til at det skjer såpass mykje nydyrking «utanfor kartet». Ein del areal har vorte dyrka opp gjennom jordflytting og mottak av overskotsmassar. Slik oppdyrking var ikkje med i vurderinga under kartlegginga av dyrkbar jord. Ein kan heller ikkje sjå bort ifrå at det vert dyrka opp jord som ikkje fyller kriteria for dyrkbar jord, til dømes at steininnhaldet er høgare.

– I tillegg til dette tyder tala på at meir areal skulle ha vore kartlagt som dyrkbar jord, men me veit ikkje kor mykje. Den einaste måten å få oversikt over det på, er å gjera ei utvalskartlegging ute i felt, seier Fadnes.

Medan det gamle kartet var eit såkalla rasterkart med rutersom representerteti gonger ti meter, er det nye kartet eit vektorkartmed jamne linjer. Kartet er og sydd saman med karta over jordbruksareal slik at grensene stemmer overeins. Det er tatt inn bygningsdata slik at nedbygd dyrkbar jord har vorte fjerna. ©Geovekst, Kilden.nibio.no
Medan det gamle kartet var eit såkalla rasterkart med rutersom representerteti gonger ti meter, er det nye kartet eit vektorkartmed jamne linjer. Kartet er og sydd saman med karta over jordbruksareal slik at grensene stemmer overeins. Det er tatt inn bygningsdata slik at nedbygd dyrkbar jord har vorte fjerna. ©Geovekst, Kilden.nibio.no

 

Tekniske forbetringar og vegen vidare

I tillegg til dei meir faglege endringane, har fagfolka i NIBIO rydda opp i nokre tekniske problem. Dette er gode nyheiter for dei som har irritert seg over unøyaktigheit i kartet. Medan det gamle kartet var eit såkalla rasterkart med ruter som representerte ti gonger ti meter, er det nye kartet eit vektorkart med jamne linjer. Kartet er og sydd saman med karta over jordbruksareal slik at grensene stemmer overeins. Det er tatt inn bygningsdata slik at nedbygd dyrkbar jord har vorte fjerna. Kartet er betre, men det er håp om enno fleire forbetringar.

– Eg vonar at det vert mogleg å arbeida vidare med dette kartet for å gjera det enno betre.

– Dersom moglegheitene byr seg, kunne det vore nyttig å gjera stikkprøver i felt for å sjå nærare på kvaliteten i kartet. Me kunne og samanlikna kartet med andre datasett. I mellomtida vonar me at dei oppdateringane me har gjort til no, vil gjera arbeidet med å identifisera kvar det er dyrkbar jord enklare, avsluttar Fadnes.

Dyrka jord, dyrkbar jord, jordbruksareal – kva er kva?

Dyrka jord og jordbruksareal tyder det same. Dyrka jord vert inndelt i fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite. Fulldyrka jord er jord som det går an å pløya. Jorda kan ein nytta til åkervekstar eller eng. Overflatedyrka jord går det an å hausta med maskiner, men det går ikkje an å pløya jorda. Overflatedyrka jord er best eigna til gras. Innmarksbeite vert nytta til beite. Ein kan ikkje hausta det maskinelt. Eit innmarksbeite skal ha gras og urter med god fôrverdi som dyra sjølv haustar ved beiting. Innmarksbeite skal ha eit tydeleg kulturpreg.

Dyrkbar jord er jord som ikkje er dyrka opp no, men som kan verte dyrka opp til fulldyrka jord i framtida. Dyrkbar jord kan vera registrert på arealtypane overflatedyrka jord, innmarksbeite, skog, open fastmark og myr.

Senioringeniør i NIBIO, Kjetil Fadnes, har vore med i revideringa av Dyrkbar jord-kartet.  Foto: Kjersti Kildahl
Senioringeniør i NIBIO, Kjetil Fadnes, har vore med i revideringa av Dyrkbar jord-kartet. Foto: Kjersti Kildahl

 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.