Nytt frå utmarksbeite

Her kan du følgje med på kva som skjer, lasta ned nyaste rapportar, kronikkar med meir og finne sida vår på Facebook.

DSC08828.JPG
Sau på beite ved Helin, Vang i Valdres. Foto: Ragnhild Mobæk/NIBIO

Følgj oss på Facebook

NIBIO Utmarksbeite er på Facebook. Her legg vi ut nyhende frå arbeidet vårt, siste rapportar, kronikkar mm. og bilete frå feltarbeid rundt om i landet slik at du kan følgje med på kartlegginga av norsk utmark. Klikk på lenka til venstre og lik gjerne sida vår for å få ferskt stoff om utmarksbeite i feeden din. For deg som ikkje er på Facebook legg vi ut dei viktigaste sakane fortløpande her:

 

Ny rapport om vegetasjon og beite i Vestre Slidre

Gjennom århundre har utmarkshaustinga i Vestre Slidre i Valdres vore høg, med hogst, beiting og riving av buskvekstar. Som følgje av dette ligg store areal i fjellet i dag under den klimatiske skoggrensa. Enno står utmarksbruken sterkt, men utnyttinga er mykje lågare enn tidlegare, slik at småskogen no er på veg oppatt i det gamle beitelandskapet.

Somrane 2021 og 2022 og kartla vi vegetasjon og beite i Vestre Slidre statsallmenning og Grunke sameie, eit areal på tilsaman 210 km2. Store delar av området er eit levande stølslandskap med mjølkekyr, ammekyr og sau.

Husdyra som brukar området i dag trengst om ein skal halde i hevd kvalitetar både i høve til beiteressursen og landskapet. Samstundes det er plass til mange fleire - utrekningar frå kartlegginga viser at ressursgrunnlaget gjev rom for ei dobling av husdyrtalet.

Alt arealet i Vestre Slidre statsallmenning har saman med eit større område i Nord-Aurdal kommune status som Utvald Kulturlandskap i Jordbruket under namnet Stølsvidda UKL.

Vi vonar kartlegginga vår bidreg til at kunnskapen om utmarksressursane her blir betre kjent, og at den nye kunnskapen kan nyttast inn mot skjøtsel og forvaltning av UKL-området.

Rapporten finn du i lenka til venstre. Ved å følgje lenka under kan du lese meir om Stølsvidda UKL.

 

Nye vegetasjonskart og beitekart på Kilden

Vegetasjonskart og beitekart for sau og storfe er no oppdatert med data frå kartlegginga i fjor sommar. Gå til https://kilden.nibio.no/ og finn dei digitale karta under fana Utmarksbeite -> Vegetasjon.
 
Fleire område vart kartlagt i 2022: Malangshalvøya i Balsfjord, åsen over Torpo og Vats i Ål, Rien, Brekken og Vauldalen i Røros, statsalmenninga og Grunke sameie i Vestre Slidre, samt eit lite areal som grensar inn mot Grunke i Vang.
 
I tillegg er eit område som vart kartlagt i 1993 ved Mauken i Målselv no digitalisert og tilgjengeleg på Kilden.
Yngve tegner på fløya, Gjæsingen, Froan, 3. august 2007, ANBb.jpg
Yngve kartlegg Gjæsingen, Froan. Foto: Anders Bryn/NIBIO

 


Yngve Rekdal blir pensjonist

Noregs mest erfarne beitegranskar Yngve Rekdal
går no av med pensjon. Etter førtito år som vegetasjonskartleggar og forkjempar for utmarksressursar har han fortsatt eit stort engasjement for norsk utmark og beitenæring.

Les om korleis engasjementet vart vekt, og om arbeidet som beitegranskar i artikkelen til venstre.

«Ein god kartleggar er ikkje den som søkjer den absolutte sanninga, men ein tvilar som ser at livet har mange sider», meiner Yngve. Vi andre i NIBIO Utmarksbeite skal bruke utsegnet som ei rettesnor og  forvalte arven etter Yngve på best moglege måte.

Tusen takk for innsatsen gjennom eit langt arbeidsliv!

 



Tall og kart over husdyr på beite i 2022 er publisert

Hver vår publiserer NIBIO tall og kart som viser hvor mange sau og lam, storfe og geit som er sluppet og tapt på beite, og hvor de beiter. Tallene og kartene rapporteres inn fra beitelag gjennom tilskuddsordningen Organisert beitebruk (OBB).
 

Beitelagskartene fra fjorårets beitesesong er nå ferdigstilt, og ligger på Kilden under fanen Utmarksbeite -> Beitebruk
(følg link til venstre).
 
Tallmaterialet for alle beitelag fra 2022-1981 finner du på nettsiden vår (Beitestatistikk - tallgrunnlag, link til venstre). 
 
I tillegg er beitestatistikken for sau i utmark tilgjengelig på en egen nettside med grafer over utviklingen fylkes- og kommunevis fra 1981 og fram til i dag (link til venstre).
 
Om lag 74 % av sauebøndene er med i Organisert beitebruk. Tilslutningsprosenten er lavere for storfebønder (37 %) og geitebønder (38 %). Les mer om ordningen på Landbruksdirektoratets sider (nederste link).

 

POP om utmarksbeitet i Lordalen

Nå er kartleggingene fra Lordalen i Lesja tilgjengelig som en NIBIO POP. Dette er rapporten kortfattet presentert på fire sider.

Lordalen i Lesja kommune er et godt utnyttet beiteområde. Selv med dominans av skrinne vegetasjonstyper, kan området gi et tilfredsstillende resultat dersom dyretallet tilpasses beitegrunnlaget og dyra spres over hele arealet.

Les mer i POPen, som ligger i linken til venstre.

 

 

 

Sau i beitevoll_Langsåvollen(2)_Meråker_18062019_MAS.JPG
Beitevoller langs veier var mye brukt av sauen i Meråker. Slike areal blir viktige å ta vare på. Foto: Magnus Stenbrenden/NIBIO

 

Radiobjeller gir viktig dokumentasjon om områdebruk

Data fra radiobjeller gir en unik mulighet til å følge med på og forstå beitemønsteret til husdyr i utmarka. Fra Meråker beitelag har vi fått tilgang til data fra 25 sauebesetninger i åra 2015-2021.

I 2019 kartla vi to utmarksområder i Meråker kommune -
Feren og Torsbjørka. Når vi kobler sammen radiobjelledata med vegetasjonskartene ser vi hvilke areal som er viktige for sauen, og når  i sesongen de blir brukt mest. Å dokumentere områdebruken kan være til hjelp for beitenæringa, for eksempel ved planlegging av hyttebygging og/eller tilrettelegging for turgåere.
 
I Bondebladet i dag forteller Michael Angeloff om studiet vårt av radiobjelledata fra Meråker.
 
Link til rapporten fra kartlegginga i Meråker ligger til venstre.

Tusen takk til beitebrukere i Meråker kommune for tilgang til radiobjelleposisjoner!

 

Søk jobb hos oss!

Her er en sjelden sjanse for deg som er interessert i bærekraftig bruk av utmark - vi har en ledig stilling! Dette jobber vi med:

  • Utredninger og rådgiving innen beiteressurser og beitebruk
  • Vegetasjonskartlegging gjennom feltarbeid
  • Rapportering av prosjekter
  • Brukerkontakt og formidling
  • Deltakelse på interne (NIBIO) eller eksterne prosjekter relatert til utmarksbruk

Faggruppa vår består av sju hyggelige og erfarne beitegranskere som jobber godt sammen både i felt og med framstilling og formidling av resultater fra feltarbeidet.

Søk innen 12. februar, se flere detaljer i stillingsannonsen til venstre.

Video Os kommune.jpg
Foto: Stillbilete frå video laga av Heliks for Os kommune

 

Korleis ta vare på kvalitetane til historiske landskap i fjellet?

Kulturlandskapet vårt er ei viktig råvare for reiselivet. Mange tenkjer at landskapet «berre er slik». Men det er det ikkje. Det opne, grasrike landskapet vi ser i mange fjellområde i dag er eit resultat av ein samverknad mellom menneske, beitedyr og planteliv.

Korleis kan vi ta vare på landskaps- og beitekvalitetane for komande generasjonar? Høyr Yngve Rekdal forklare kva som må til i videoen til venstre.

Videoen er spelt inn i Vangrøftdalen, eit område med særleg store beiteressursar, og er laga av Os kommune.

Grefsen.jpg
Noe grønt igjen her? Klipp fra kilden.nibio.no

 

Urban vegetasjonskartlegging

For førti år siden ble Oslo vegetasjonskartlagt, på oppdrag av Oslo Helseråd. De gamle papirkartene med detaljert oversikt over fordelingen av 40 vegetasjonstyper holdt på å gå tapt i en ryddeaksjon, men ble reddet i siste liten.

I fjor sommer kartla Katrine Brynildsrud, masterstudent ved UiO, områdene rundt Holmenkollen, Grefsen og Grorud på nytt. Hun har sammenliknet de gamle kartene med nye registreringer, og undersøkt hva som har skjedd med naturen i byutviklingssonen gjennom 40 år.

Les om hvilken natur som er forsvunnet, og hva den har blitt erstattet av, i den ferske artikkelen fra forskersonen.no som ligger i linken til venstre.

 

Kronikk om utmarksbeitet i Valdres

Utmarka i fjellet mellom Gudbrandsdalen, Valdres og Hallingdal har vore av dei hardast utnytta fjellareala våre. I Valdres har vi beitekartlagt kring 850 km2 utmarksareal. Mykje av dette er stølsområde.

Nedgang i tradisjonell bruk og for få beitedyr gjer at desse gamle haustingslandskapa no er i ferd med å gro att, med den følgje at beitekvaliteten blir redusert, det beiteskapte biologiske mangfaldet forsvinn, og landskapsopplevinga blir endra.

Vi har skrive ein kronikk om kva som skjer i fjella i Valdres, men problemstillinga er like relevant for andre område av landet vårt der utmarksbruken endrar seg.

 

Rike utmarksressursar i Vang i Valdres

Vi har kartlagt eit 205 km2 stort område i Vang i Valdres: Nørdre Syndin, Helin, Smådalen og Skakadalen. Delar av området er svært frodig med store areal høgstaudeeng i fjellet, og mykje engbjørkeskog under skoggrensa.

Området er i bruk av sau, storfe, geit og tamrein. Beitetrykket er lågt i dag, og med det høge innslaget av svært god beitevegetasjon er det rom for ei firedobling av tal sau, og ei tredobling for storfe.

Tidlegare har området vore hardt hausta, og skogen som før vart fjerna er no på veg oppatt. Skal dette landskapet takast vare på må det haustast, og i dette arbeidet spelar beitedyra den viktigaste rolla.

Les meir i rapporten som kan lastast ned frå linken til venstre. Funn frå kartlegginga blir presentert for kommunestyret og dei lokale beitelaga den 17. november.

 

Beitegranskingar i Vestland fylke

I fjor sommar var vi på synfaring i beiteområdane til Holmedal beitelag i Askvoll kommune, og Stord beitelag i Stord kommune, på oppdrag av Statsforvaltaren.

Rishei og fukthei var dominerande vegetasjonstype i begge områdane, og det beste beitet fantes i grasrike risheier og kultiverte storbregneenger.

I Holmedal beitelag fekk vi òg tilgang til data frå radiobjeller, slik at vi kunne sjå nærare på områdebruken til sauene som beiter her. Det viste seg at dei fleste sauene sprang raskt opp i høgda etter beiteslepp, og heldt seg der fram til sanking. Terrengbruken varierte både mellom individ og flokkar, og buskapane blanda seg lite.

Rapport frå granskinga finn du i venstremargen.

 

Podkast om beitekvalitet

Vil du høre om hvordan du kan vurdere kvalitet på utmarksbeitet ditt? Senter for arktisk landbruk ved NIBIO Tromsø har lagd en liten podkastserie på fire episoder. Her tar de opp ulike problemstillinger rundt grasdyrking og utmarksbeite.

Hør podkast om beitekvalitet med Finn-Arne Haugen i NIBIO Utmarksbeite ved å klikke på linken øverst til venstre.

Tre andre podkaster om grasdyrking i arktiske områder kan du også lytte til - ta dem med på øret og lær om arktisk landbruk når som helst.

 

NIBIO-sak om vurdering av beitekvalitet

Kvaliteten på fôret til husdyra er viktig – sommer som vinter. Men hvordan kan bonden vurdere fôrkvaliteten på utmarksbeitet? Finn-Arne Haugen forklarer i denne NIBIO-saken om hvordan vi kan dele inn vegetasjon i tre klasser for beitekvalitet.

 

Lesja-rapport

Nå er rapporten for Lordalen i Lesja ferdig fullført. Denne bygger på feltarbeid utført i perioden 2019–2021 med et samlet areal på 205 km². Av dette ligger 38 km² (19 %) av arealet under skoggrensa og 167 km² (81 %) over.

Vegetasjonen i Lordalen er for det meste på den litt fattige sida, men dette er et godt utnyttet beiteområde hvor det slippes både sau og storfe. For sauen er særlig grassnøleiene, som går høyt til fjells, viktige innslag i beitet. Rapporten i sin helhet kan leses og lastes ned fra linken til venstre.

Vi kommer til Lesja for å presentere arbeidet som er gjort 1. desember. Siden 2018 har vi i alt kartlagt 355 km² i Lesja og det er utarbeidet to rapporter. Den andre rapporten er kalt «Vegetasjon og beite i området Asbjørnsdalen–Grøndalen–Tverrfjellet» og den finner du i den nederste linken til venstre.

 

Beitelagskart oppdatert med tall fra 2021

Tall over husdyr sluppet på utmarksbeite i fjor ligger nå klare i Kilden. Gå til http://kilden.nibio.no. åpne punktet Utmarksbeite i lista til venstre og Beitebruk under det igjen for å finne kartlagene. Der kan du se beitelagene i din kommune, og hvilke dyreslag som bruker utmarka nær deg.

Tallgrunnlaget til beitebrukskartene i Kilden er hentet fra Organisert beitebruk (OBB), som er en tilskuddsordning som bønder kan bruke for å samarbeide om tilsyn, sanking og andre tiltak.

 

Rikelege ressursar for meir husdyr i utmark

Klimaendringar og krigen i Ukraina med prisauke på kunstgjødsel og andre innsatsfaktorar har skapt uro for verdas matsituasjon og for norsk sjølvforsyning. Samstundes ligg det i norsk natur ein stor og nesten gratis fôrressurs for husdyr – utmarka. Les eit rykande ferskt debattinnlegg av Yngve Rekdal, publisert i Nationen.

 

Tal husdyr sleppt og tapt i 2021 klare

No er tal frå Organisert beitebruk samla og publisert. I lenka til venstre finn du tal husdyr sleppt og sanka på utmarksbeite i fjor. NIBIO har òg ei eiga nettsida for tal sau på utmarksbeite, der du kan sjå grafar over utviklinga mange år tilbake i tid.

I 2021 fekk 1,9 millionar sauer, 258 000 storfe, 58 000 geiter og 8 000 hestar produksjonstilskot for å beite meir enn 5 veker i utmark. Verdien av fôret husdyra våre haustar i utmarka tilsvarar om lag 1 milliard kroner.

 

God plass til beitedyr

Norge har begrenset med matjord, men store arealer med lite brukt utmarksbeite av god kvalitet. Om ressursen ikke brukes, vil kvaliteten reduseres. Det får direkte følger for matvareberedskapen. I en ny rapport presenterer NIBIO for første gang en samlet oversikt over utmarksbeiteressursene i hele landet og i hvert fylke. Les mer i linken til venstre.

 

Store verdier fra utmarka

Vi har utredet status og muligheter for verdiskaping i utmark. Hvert år høster beitedyra fôr verdt 1 milliard kroner i utmarka. NRK har plukket opp saken, les den i linken til venste. Beitegransker og forskingsleder Geir-Harald Strand (bildet) har vært redaktør for rapporten.

 

Ufred mellom hyttefolk og beitebrukere i fjellet 

Husdyr i hytteområder kan skape konflikter. Ofte legges de mest attraktive hyttetomtene i solvendte, frodige lisider, som også er det beste matfatet til beitedyra. Aftenposten har lagd en lesverdig artikkel om problemstillingen ved å intervjue hytteeiere og beitebruker på Kvamsfjellet i Gudbrandsdalen. I denne saken måtte kommunen forøvrig til slutt invitere til et "fredsmøte" for å dempe konflikten. Les artikkelen fra A-magasinet i linken til venstre, der også Yngve Rekdal fra faggruppa vår er intervjuet.

 

Om arbeidet bak  Beitestatistikk for sau i utmark

No har tal frå 40 år tilbake i tid vorte samla, digitalisert og gjort tilgjengeleg for alle på den nye nettsida Beitestatistikk for sau i utmark. Prosjektleiar og beitekartleggjar Michael Angeloff (biletet) fortel om arbeidet med beitestatistikken i ein nyheitssak frå nibio.no i lenka til venstre. Her er òg eit møte med to brukarar av talmaterialet, som ser nytten i ei nettside som gjer det enklare å synleggjere at utmarksareala er i bruk og på kva måte. Kring 75 prosent av all sau sleppt i norsk utmark er organisert i beitelag, og med det inkludert i beitestatistikken. 



Ny nettside med beitestatistikk

Vi har lansert ei heilt ny nettside med statistikk over beitebruk! Nettsida viser dyretal og tap på utmarksbeite for sau organisert i beitelag under tilskotsordninga Organisert beitebruk. Ei slik synleggjering av talmateriale frå beitelaga vil vera nyttig både for den som driv næring og dei som forvaltar stønadsordningar og lovverk kring utmarksbruk. Finn tal for kommunen din, fylket ditt eller heile landet i lenka til venstre. Velkommen til nettsida! Og les gjerne pressemeldinga vi har sendt ut:

 

Pressemelding om Beitestatistikk for sau i utmark.docx

2.828 MB docx

 

Grønne fjellsider i Lofoten gror igjen

Krattskogen tar over gamle beitemarker i Lofoten. Det kan få store konsekvenser for turistdestinasjonen i nord. Finn-Arne Haugen i NIBIO Utmarksbeite har kartlagt vegetasjon over store areal i Lofoten, og ser at kulturlandskapet i regionen står i fare for å gro igjen. Les mer om hva som er i ferd med å skje med Lofotlandskapet ved å følge linken til venstre (sak fra NRK). 

 

Rapport fra kartlegging i Vang i Valdres

En ny utmarksbeiterapport fra Nibio er nå publisert; «Vegetasjon og beite på Slettefjellet, Fleinsendin, Rauddalen og Rysndalen». Dette er i Vang kommune og det meste av området utgjøres av Slettefjellet mellom Valdresdalføret i sør og Rauddalen i nordøst. Det kartlagte arealet er 111 km2 hvorav 59 % (66 km2) ligger over skoggrensa.

Beitene her må samlet sett betegnes som gode. Det slippes både sau, geiter og storfe i området som også benyttes av tamrein. Det er og flere støler i drift her, både med geiter og mjølkekyr.

Beitene er best utnyttet i fjellet, mens det i de frodige bjørkeliene er betydelig ledige beiteressurser. Ønsker du å lese mer om denne kartleggingen finner du rapporten i linken til venstre.

 

Rapport frå kartlegging i Øystre Slidre

Eit 70 km2 stort område rundt Skaget i Øystre Slidre vart vegetasjonskartlagt i fjor sommar. Området er mangfaldig både i terreng og vegetasjonstypar, og best arealutnytting vil ein få ved bruk av både sau og storfe.

Storfe vil finne mykje godt beite i dei produktive grasmyrene i dei lågtliggjande areala. Slake lisider med rishei og høgstaudeeng er potensielt gode beite for begge dyreslag, men tilgroing med tett busksjikt og høge urter gjer at gras og andre beiteplanter skuggast ut.


I dei øvste høgdelaga er det skrint beite for storfe. Her er det meir å hente for sauen. Nordsida av Skaget skil seg spesielt ut, her ligg store areal med grassnøleie med fine beiteutformingar som er svært godt seinsommar- og haustbeite for sau.

Kartområdet er ein del av Skaget-Bitihorn beitelag, og er du interessert i fleire detaljar om utmarksbeitet kan rapporten lastast ned frå lenka til venstre.

 

Tal frå organisert beitebruk i 2020 er klare

Tal for husdyr sleppt og tapt på utmarksbeite i fjor ligg no klare i Kilden. Gå til http://kilden.nibio.no, åpne punktet Utmarksbeite i lista til venstre og Beitebruk under det att for å finne kartlaga. Der kan du sjå beitelaga i kommunen din, og hvilke dyreslag som brukar utmarka nær deg.

Snart lanserar NIBIO ei egen nettside som viser tal dyr sleppt, sanka og tapt i beitelag landet over i ei årrekke. Følgj med!

Talgrunnlaget til beitebrukskartene i Kilden er henta fra Organisert beitebruk (OBB), som er ei tilskuddsordning for å stimulere til samarbeide om bruk av utmarksbeite.

 

Les kartleggingsrapporten frå Røros

I fjor kartla vi vegetasjon og beite i Hitterdalen i Røros, og rapporten er no klar. I 2020 bruka husdyr kring 17% av beiteressursen i kartleggingsområdet.

Utmarka i området ber preg av tidlegare tiders langt hardare hausting og beiting. Før i tida var det truleg drive utmarksslått i det meste av engbjørkeskog og på mykje av grasmyrene under skoggrensa. I dag ser ein dette kulturpreget sterkast i engbjørkeskogen.

Ved rett skjøtsel og høgt beitetrykk vil alt areal av engbjørkeskog i kartområdet kunne bli open og grasrik og tilby svært godt beite. Last ned rapporten frå lenka til venstre om du ønsker å lese meir om utmarksbeitene i området.

 

Se video av hvordan vi kartlegger utmarka 

Vegetasjonskartlegging gir en oversikt over beiteressursene våre. Så langt har NIBIO kartlagt rundt 10% av utmarka i Norge. Kartlegginga foregår i felt. Feltutstyret er enkelt, men funksjonelt. To flyfoto monteres sammen på et brett, og sett gjennom et stereoskop får en fram landskapet i 3D. Så tegnes fordelingen av vegetasjonstyper inn på fotoet, som digitaliseres etter endt feltsesong.

Følg linken til venstre og se Finn-Arne Haugen forklare mer om metodikken i denne artikkelen og videoen på Forskning.no