Hopp til hovedinnholdet

Beitegranskaren og kampen om utmarka

Yngve siste kartleggingsdag_Kvanndalen_Voss_01092022_MIA_cropped

«Ein god kartleggjar er ikkje den som søkjer den absolutte sanninga, men ein tvilar som ser at livet har mange sider», seier Yngve Rekdal. Her avbilda i 2022 i Kvanndalen i Voss på den aller siste kartleggingsdagen hans. Foto: Michael Angeloff, NIBIO

Etter førtito år som vegetasjonskartleggar og forkjempar for norske utmarksressursar, går Yngve Rekdal no av med pensjon. Men engasjementet for norsk utmark og beitenæring tar han med seg vidare.

Yngve Rekdal har blitt ein frontfigur for beiteressursane i norsk utmark. «Beitegranskaren», som han kallar seg sjølv, har vigd mykje av livet sitt til å kartleggje vegetasjonen i norske beiteområde og formidle kunnskapen til alle som vil høyre.

Det er ikkje utan årsak at Rekdal har fått ein slik status. Heile 350 veker, til saman sju år, har han nytta til feltarbeid i norsk utmark. Han har gått over 25 000 kilometer i all slags terreng. Det svarar til Noreg på langs ti gongar. Resultatet er at han, saman med ei handfull kollegaar, har kartlagt omlag ein tiandedel av Noreg sitt landareal. Få kjenner difor naturen i norske beiteområde like godt som han.

– I jobbsamanheng har eg vore mest i fjellområde i Innlandet, Sør-Trøndelag og austre delar av Møre og Romsdal, fortel Rekdal.

– Men det har også blitt mange turar til Vestlandet og Nord-Noreg. I alt har Rekdal vore på kartlegging, heldt foredrag eller markdagar i om lag 160 av Noreg sine 356 kommunar.

Rekdal legg ikkje skjul på at vegetasjonskartlegging er ein krevjande erfaringsdisiplin. Fellessynfaringar er viktig for samkjøring og sørgjer for at kartleggjarane tolkar vegetasjonen så likt som mogeleg. Her frå Butjønnbekken i Oppdal i 2013. Yngve Rekdal står fremst i biletet. Foto: Michael Angeloff, NIBIO
Rekdal legg ikkje skjul på at vegetasjonskartlegging er ein krevjande erfaringsdisiplin. Fellessynfaringar er viktig for samkjøring og sørgjer for at kartleggjarane tolkar vegetasjonen så likt som mogeleg. Her frå Butjønnbekken i Oppdal i 2013. Yngve Rekdal står fremst i biletet. Foto: Michael Angeloff, NIBIO

Vegetasjonskartlegging, kva er det?

Vegetasjonskartlegging handlar om å finne dei ulike vegetasjonstypane i terrenget og så trekkje grensene mellom dei. Det er lettare sagt enn gjort da det er mange diffuse overgangar og norsk natur er mangfaldig. Kvar vegetasjonstype har ei karakteristisk samling av planteartar som er tilpassa  veksetilhøva på veksestaden. Til dømes finst «lavhei» med lav og nøysame lyngartar på næringsfattige og tørre rabbar i fjellet. «Høgstaudeeng» med gras og urter finst der tilgangen på vatn og næring er god. For beitekartlegging blir det nytta 45 ulike vegetasjonstypar.

Ein beitekartleggjar skal helst kartleggja 2-3 km2 kvar dag. Då har han ikkje tid til å registrere utbreiinga av kvart enkelt planteslag.

– Når vi er i felt må vi sjå på dei store linene, og ikkje henge oss for mykje opp i detaljar, utdjupar Rekdal.

HMS blei praktisert annleis på 1980-talet enn i dag, men heldigvis har ingen av vegetasjonskartleggjarane skadd seg alvorleg på dei 42 åra Yngve Rekdal har vore med. Her i Hemsedal i 1988. Yngve Rekdal står lengst til venstre. Foto: Michael Angeloff, NIBIO
HMS blei praktisert annleis på 1980-talet enn i dag, men heldigvis har ingen av vegetasjonskartleggjarane skadd seg alvorleg på dei 42 åra Yngve Rekdal har vore med. Her i Hemsedal i 1988. Yngve Rekdal står lengst til venstre. Foto: Michael Angeloff, NIBIO

Kvart år reiser seks til åtte fagpersonar ut til utmarksområde der beitenæringa eller andre har bestilt kartlegging. Dei leiger vanlegvis ei hytte i området. Ved kvar oppstart i eit nytt område er det ein dag med felles synfaring, slik at alle er samkøyrde. Deretter jobbar dei ein og ein.

– Samkjøringa betyr mykje for kvaliteten, understrekar Rekdal.

– Det at vi bur saman og kan diskutere ulike problemstillingar kvar kveld, gjer òg at vurderingane vi gjer blir så like som mogeleg.

Ute i felt blir grensene mellom vegetasjonstypane teikna inn på flybilete med tusj. Flyfotoa er montert på eit brett med eit stereoskop, nokre spesielle briller som gjer det mogeleg å sjå terrenget i tre dimensjonar.

– For å halde god fart og få presise avgrensingar er vi heilt avhengig av å sjå terrenget i 3D, seier Rekdal.

Resten av året held kartleggjarane til på kontora sine. Då bearbeider dei registreringane frå sommaren til vegetasjonskart og beitekart, skriv rapportar og formidlar resultata til dei som treng kunnskapen. Grunnlaget for å gjera om vegetasjonskartet til beitekart ligg i at dei ulike vegetasjonstypane har ulik fôrverdi. Vegetasjonstypane blir slege saman til tre kvalitetsklassar «Mindre godt», «Godt» og «Svært godt» beite for høvesvis sau og storfe.

Kjell Yngve Magnus Hans Petter_Skoesætra_Nord-Fron_03082017_MIA.jpg
Kvart år reiser seks til åtte fagpersonar ut til utmarksområde der beitenæringa eller andre har bestilt kartlegging. Dei leiger vanlegvis ei hytte i området. Skoesætra i Nord-Fron 2017. Foto: Michael Angeloff, NIBIO

Eit livslangt engasjement

Vegetasjonskartlegginga har vore grunnlaget for heile Rekdals yrkeskarriere. Han skjøna tidleg at beiteressursane måtte synleggjerast for å bli teke omsyn til i arealkonfliktar. For å få mest mogeleg ut av beiteressursen i utmark treng òg beitenæringa å vita kvar dei beste beita er. Her var Rekdal forut for si tid.

Då Rekdals karriere starta ved Jordregisterinstituttet på Ås i januar 1981, var det nemleg først og fremst miljøforvaltninga som var interessert i vegetasjonen i utmarka.

– Utmarksressursar hadde ikkje status i landbrukssamanheng den gongen, fortel Rekdal. Det var ei opptrappingstid i landbruket og det skulle dyrkast, gjødslast og byggjast nye fjøs.

Rekdal har prioritert kontakten med beitenæringa høgt og det har også blitt verdsett i næringa. Her saman med Beinhelleren sankelag i Vaksdal. Yngve Rekdal står til høgre i biletet. Foto: Michael Angeloff, NIBIO
Rekdal har prioritert kontakten med beitenæringa høgt og det har også blitt verdsett i næringa. Her saman med Beinhelleren sankelag i Vaksdal. Yngve Rekdal står til høgre i biletet. Foto: Michael Angeloff, NIBIO

Frå miljøaktivist til utmarksforkjempar

Rekdals engasjement for utmark og beitebruk starta likevel allereie på 1970-talet. Den gongen var han aktiv i motstandsrørsla mot utbygging av elva Grøvu, ei sidegrein til elva Driva som renn frå Dovrefjell til Oppdal og vidare vestover igjennom Sunndalen, der Yngve vaks opp. På denne tida tok Rekdal saman med fleire unge aktivistar over drifta av ei gammal seter i Grøvudalen som vart sjølve symbolet på motstandsarbeidet. Samtidig var seterdrifta med på å bevisstgjera Rekdal om verdien av utmarksbeite.

Meir inspirasjon skulle han få gjennom studiar ved distriktshøgskulen i Bø, der Olav Hesjedal forelas om vegetasjonsøkologi.

– For meg blei desse åra ei slags utmarksoppvaking, fortel Rekdal.

– Eg fekk innblikk i det store samspelet mellom berggrunn, jord, klima, vegetasjon og dyreliv.

Neste stoppestad blei landbrukshøgskulen på Ås og hovudoppgåve om utmarksbeite. No var kursen for Rekdals yrkeskarriere staka ut. Kombinasjonen hans av kunnskap om vegetasjon, utmark og husdyrhald, saman med eit sterkt personleg engasjement, gjorde han skreddarsydd for jobben som vegetasjonskartleggjar ved Jordregisterinstituttet.

Kvart år haustar norsk småfe og storfe fôr for ein milliard kroner på utmarksbeite. Det utgjer berre om lag halvparten av dei norske beiteressursane i utmarka. Yngve Rekdal er oppteken av at nordmenn èt stadig mindre av dei dyreslaga som kan omsetje vekstar i utmarka til menneskeføde til fordel for kvitt kjøt som er ala opp på kraftfôr. Foto: Michael Angeloff, NIBIO
Kvart år haustar norsk småfe og storfe fôr for ein milliard kroner på utmarksbeite. Det utgjer berre om lag halvparten av dei norske beiteressursane i utmarka. Yngve Rekdal er oppteken av at nordmenn èt stadig mindre av dei dyreslaga som kan omsetje vekstar i utmarka til menneskeføde til fordel for kvitt kjøt som er ala opp på kraftfôr. Foto: Michael Angeloff, NIBIO

Beitenæringa vaknar

Etter ti år med prosjekt mest relatert til naturforvaltning, skjedde det ei endring. Først på 1990-talet begynte landbruket å vise interesse for vegetasjonskartlegginga.

– Næringa begynte å vakne og forstå at dei ikkje lenger var åleine om å ha interesser i utmarka, fortel Rekdal. 

– Stadig hyppigare rovdyrkonfliktar og auka påtrykk frå utbyggjarar, spesielt i samband med hytteutbygging, var bakteppet. Konfliktane bidrog til at beitelag og landbrukskontor forstod at beiteinteressene måtte synleggjerast.

– Også Erling Skurdal i Norsk Sau og Geit skjønte dette tidleg. Han har betydd mykje for å knytte beitenæringa saman med vegetasjonskartleggjarane på Ås, understrekar Rekdal.

1990-talet vart bruka mykje til å vidareutvikle kartleggingsmetodar og dokumentere samanhengar mellom vegetasjonstypar og beitekvalitet. Dette skjedde i godt samarbeid med Institutt for husdyrfag ved Norges landbrukshøgskole. 

Det var til dels lange avstandar og mange høgdemeter å forsere under vegetasjonskartleggingai Bardu 1990. Forsvaret, som var delaktig i prosjektet, ga god hjelp i transport opp til nokre avfjelltoppane. Yngve Rekdal (t.v) og Michael Angeloff stig ut av helikopteret.
Det var til dels lange avstandar og mange høgdemeter å forsera under vegetasjonskartlegginga i Bardu I 1990. Forsvaret hjelpte til med helikoptertransport opp til nokre av fjelltoppane. Yngve Rekdal (t.v) og Michael Angeloff stig ut av helikopteret. Foto: NIBIO

Vegetasjonskartlegginga får vind i segla

– Ut på 2000-talet vart det for alvor påtrykk frå næring og forvaltning for å få kartlagt beiteområde i utmark, og det sjølv om oppdragsgjevarane har måtta finansiere mykje av kostnaden sjølv. Etter det har vi ikkje mangla oppdrag, fortel Rekdal.

– Utmarksgruppa fekk på den tida ein avdelingsleiar, Geir-Harald Strand, som såg behovet for også å ha kunnskap om beiteressursen på nasjonalt og regionalt nivå. Han utforma eit prøveflateprosjekt der det i løpet av 10 år vart besøkt 1081 flater over heile landet. Dette gav grunnlag for statistikk over utmarksbeitet for landet samla og for kvart fylke.   

Dei siste åra har merksemda rundt beiteressursane i utmark fått eit nytt alvor. Utmarksbeitet blir sett i samanheng med mattryggleik. Dette har gjeve innpass i politikken.

– For nokre få år sidan var det ingen politikarar som snakka om beiteressursar i utmark. No har mange parti teke dette inn i partiprogramma sine, noterer den framleis engasjerte fagmannen.

Befaring i tåke YNR Ole N LES PKB HPK2_Veslnøsen_Oppdal_12082013_MIA.jpg
Synfaring i tåke. Oppdal 2013. Foto: Michael Angeloff, NIBIO

Ein dyktig formidlar

Men Yngve Rekdal har ikkje berre mykje kunnskap. Han er òg ein framifrå formidlar. Heilt frå starten av har han vore oppteke av å byggje tillit mellom beitekartlegginga og næringa og forvaltninga som skal bruke kunnskapen.

– Eg har alltid sett på god kommunikasjon som det viktigaste for å byggje tillit. Ein må vere ute blant dei som har nytten av arbeidet, ein må lytte og bli kjent med dei, seier Yngve med ettertrykk.

– Ein må bli ein av gjengen. Det tar mykje tid, men eg har prioritert det høgt, ikkje minst fordi det her òg er mykje kunnskap å hente. Mykje av opplæringa mi har eg fått i samtalar med kunnskapsrike beitebrukarar, understrekar han.

Rekdal har halde foredrag for alt frå beitelag til kommunal forvaltning, kommunestyre, statsforvaltarar og ulike andre fagsamlingar over heile landet. Mange forelesingar for studentar ved universitetet på Ås har det òg blitt. Rekdals formidlingsevne går også att i samtalar med samarbeidspartnarane hans. Dei fortel om ei eiga evne til å lytte, forstå og sympatisere med næringa.

– Eg har alltid lagt vekt på å bli godt kjent i områda eg har kartlagt, fortel han vidare.

– Eg har lært meg lokale stadnamn og teke bilete slik at eg har kunna diskutere og forklare som ein kjentmann. Å kjenne historia til landskapet har òg vore viktig for meg, så det har etterkvart blitt ei stor samling med lokal litteratur, legg Rekdal til.

Den feltbaserte kartlegginga som Rekdal og kollegaane driv har lenge vore spådd erstatta av tolking av fly- og satellittbilete. Og her kjem vi inn på eit viktig poeng for Rekdal.

– Satellittbilete kan aldri erstatte kartlegginga som blir gjort i felt, understrekar han.

– Norsk natur er så mangfaldig at det er umogeleg å få fram den variasjonen berre ved fjernmåling. 

– Det aller viktigaste er likevel at satellittbilete ikkje gjev lokalkunnskap og tillit hos dei som tingar kartlegging, seier Rekdal, som er bekymra for ei utvikling der stadig meir skjer på PC og feltkunnskap blir mindre vektlagt.

Sauer på utmarksbeite i Andøy, Nordland. Foto: Morten Günther
Sauer på utmarksbeite i Andøy, Nordland. Foto: Morten Günther

Truslar mot utmarksressursane

Sjølv om Rekdal har skrive nærare hundre rapportar og tallause innlegg i fagtidsskrift og aviser, har han framleis mykje ugjort. Førtito år i utmarka har gjeve mykje data og kunnskap som han enda ikkje har fått behandla. Han vonar no å få tid til å skrive for å gje eit enda betre kunnskapsgrunnlag om utmarksbeite for forvaltning og næring.

– Det grøne skiftet kjem til å bli arealkrevjande og kampen om utmarka kjem til å hardne til, haldar Rekdal fram.

Bodskapen hans er klinkande klar.

– Vi må forvalte dei mest produktive utmarksareala i eit langtidsperspektiv, ikkje for kortsiktig kapitalgevinst. Det er desse areala som produserer mest plantemateriale for skogbruk og beitebruk, det er her ein oftast har størst biologisk mangfald, og det er her ein bind mest CO2 frå atmosfæren, understrekar han.

– Noreg har meir enn nok «skrapareal» så det er plass til mange arealinteresser i norsk utmark, men vi må sortere areal etter kva dei er best eigna til.

– Vi kan ikkje forvalte areala slik som vi har gjort. Vi kan ikkje byggje ned det mest produktive arealet.

– Eit paradoks i dagens debatt om vern av areal, er at ein av dei største truslane mot utmarksbeitet er at det no er for lite bruk. Landet gror att og den grasrikdomen som er arven etter tidlegare tiders hardare utmarkshausting forvitrar, avsluttar den erfarne beitekartleggaren.

2-12-15.jpg

 

Mer om vegetasjonskartlegging
Beitekartleggar Yngve Rekdal. Foto: Lars Sandved Dalen
Beitekartleggar Yngve Rekdal. Foto: Lars Sandved Dalen

 

 

Fire om Yngve Rekdal

707D5F1C.jpg

Erling Skurdal, «småfebondens beste venn i Nortura», og tidligare leiar for Norsk Sau og Geit, har mykje godt å seie om Yngve Rekdal:

«Yngve Rekdal er mannen som fekk beitegraset i utmarka på sakskartet att. Eg har arbeidd i lag med Yngve i over 30 år, i fleire store beiteprosjekt, på markdagar, fagseminar, undervisning på skular, store og små møte i ulike fora rundt om i landet - frå departementsnivå til kommunar og beitelag i utkant-Norge.

Han har bygd opp ein omfattande kunnskap i løpet av desse åra, som har vorte nytta og kome mange til gode. Det unike med Yngve er at han har stor tiltru hos både teoretikare og praktikare. Kan hende det har noko med veremåten hans å gjera – mild og behageleg, men likevel med poengterte synspunkt som gjennom åra har vorte stadig klårare. Yngve er svært produktiv, og har stor arbeidskapasitet. Beitenæringa skuldar han stor takk.»

Bjørn_Olav_Søndrol_Vang_23.jpg

Bjørn Olav Søndrol er ein av dei mange sauebøndene som har blitt inspirert av Yngve Rekdal. Han driv med sau i Vang kommune, 608 meter over havet:

«Yngve er vel ein av grunnane til at eg begynte med gard, fortel han. I 2014 vart Rekdal leid inn til å halde foredrag i Vang. Tematikken var om å få folk til å flytte tilbake. Me budde på Lillehammer då og hadde begynt å tenkje. Så høyra me han fortelje om fantastiske utmarksbeite, viktigheita av det og inspirerte oss såpass at me bestemte oss ganske kjapt etterpå for å overta gard i området her. Det er like interessant kvar gong og morosamt å høyre på ein som har så mykje kunnskap og klarer å formidle så godt. Det er lett å bli inspirert av det.»

Gro Aalbu befaring Unndalen_Oppdal_2013_Lars Dalen_cropped.jpg

Gro Aalbu er fagleiar for landbruksavdelinga i Oppdal kommune. På spørsmål om kva Yngve Rekdal betyr for beitenæringa i kommunen hennar, svarer ho:

«Han betyr så mykje. Han har betydd mykje for landbrukskontoret og kompetansen vår. Han har også betydd mykje for forståinga kommunestyret har for verdiane i utmarka. Men minst like viktig er respekten og innstillinga hans til sauebøndene. Han fortel så folk skjønner det, både politikarar og næringa sjølve. Han har gjort ein stor jobb med kartlegging her i kommunen, og vi har fått beitekart for rein, sau og storfe. Nye utfordringar oppstår og det gjer at denne informasjonen kjem til nytte på stadig fleire område.»

DAL-20130703-114633_cropped.jpg

Finn Arne Haugen er vegetasjonkartleggjar og leiar for avdelinga i NIBIO der Yngve Rekdal er tilsett.

«Yngve Rekdal har igjennom ein lang karriere ved instituttet vore sentral i å utvikle fagområdet utmarksbeite og styrkje instituttet som det leiande kunnskapsmiljøet på dette området. I landbruksmiljøet går han i dag for å vere det mest kunnskapsrike fagperson i landet innan beitebruk i utmark. Yngve er ein aktiv og svært etterspurd formidlar og skal ha ein stor del av æra for den auka merksemda vi no ser omkring utmarka som ressurs for auka matforsyning. Vi i avdelinga kjem til å sakne Yngves unike kunnskap og engasjement, men er samtidig svært takksamt for det solide grunnlaget han har gitt oss for vidare arbeid innan fagområdet.»

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.