Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2009

Sammendrag

Enga må slåast ung og ofte dersom  grovfôret skal ha høg potensiell næringsverdi.  Ein slik intensiv haustepraksis vil ein forvente gir lågare avlingar og ei mindre varig eng i høve til ein praksis med sjeldnare og/eller seinare slåttar. Desse spørsmåla har ein sett nærare på i prosjektet "Mer og bedre grovfôr som basis for norsk kjøtt- og mjølkeproduksjon ". Ein fann moderate avlingstap med tidlege og hyppige slåttar.

Sammendrag

There is hardly any commercial growing of agricultural crops for energy purposes in Norway. Cereal straw is to some extent used as solid biofuel. There is no reason to believe that production of energy crops will increase significantly in Norway in the near future, partly due to political reasons. In Denmark, Finland and Sweden cultivation of energy crops has been commercial for several years. The objective of this presentation is to give a review of the significance and types of possible energy crops in Norway, focusing on crops for biodiesel and solid biofuel.

Sammendrag

Kronikken imøtegår kritikk som har komme i pressa i februar/mars 2009 på relevans og kvalitet på Bioforsk si forsking på økologisk og konvensjonelt landbruk.

Sammendrag

Kva utfordringar har vi med omsyn til rett grovfôr til hest? Kva er gjort av forskning i Norge? Relativt lite er gjort og vi har heller ikkje lukkast med å skaffe finansiering til forskingsprosjekt innan dette temaet. Men i og med at det no er oppretta eit felles svensk-norsk forskingsprogam innan hest vil det truleg verte enklare å få støtte til prosjekt.

Sammendrag

Det har tradisjonelt vore sterkast fokus på kvaliteten i førsteslåtten. For dei som ønskjer grovfôr med høg potensiell næringsverdi, har oppskrifta vore å hauste denne tidleg. Ein skal samtidig planlegge utfrå at tidleg førsteslått gjer at ein stor andel av årsavlinga må takast i seinare slåttar. Det er ikkje gitt at alt grovfôret ein haustar i sesongen må halde høg eller like høg kvalitet, men nokre husdyrprodusentar kan ha dette som mål. Det vil da vere viktig å gjere ei totaltilpassing når det gjeld tal haustingar og haustetider. Vi presenterer her resultat som viser at det er viktig å hauste også andre- og tredjeslåttar tidleg dersom ein vil ha høg kvalitet i heile årsavlinga.

Sammendrag

Det er mange faktorar som påverkar kvaliteten på rundballesurfôr. Husdyrgjødsel brukt på eng i vekstsesongen er berre ein av fleire. Fare for sporar i mjølka er svært ofte brukt som argument for ikkje å ville bruke husdyrgjødsel på denne måten. Ei utvalsgransking av Statistisk Sentralbyrå i 2000 viste at om lag 93 % av husdyrgjødsla som vart nytta på eng og beite vart spreidd med breispreiar på overflata. Dei siste ti åra har stripespreiing og nedfelling fått eit visst omfang, men breispreiing er framleis den dominerande metoden. Særleg i innlandsstrøk med lite nedbør om sommaren har ein hatt mistanke til at breispreiing av husdyrgjødsel kan gi sporeproblem i mjølk. Som ein del av eit brukarstyrt forskingsrådsprosjekt, med Agromiljø AS som prosjekteigar, har Sør-Gudbrandsdal Forsøksring hatt storskalafelt med spreiing av husdyrgjødsel på grasmark hos Håvard Sagheim på Tretten i 2007 og 2008. Føremålet er å sjå om spreiemåten for husdyrgjødsla påverkar fôrkvaliteten i rundballar i område med lite nedbør. I tillegg til den mest vanlege metoden med breispreiing, vart det brukt nedfellar frå Agromiljø AS. Og på ein del av jordet vart det berre nytta mineralgjødsel.