Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2024

Sammendrag

Ei oversikt over utviklinga i landbruket dei siste 10 åra i fylka Vestland og Møre og Romsdal vert presentert. Driftsgranskingane i jord- og skogbruk er ei årleg rekneskapsundersøking blant tilfeldig utvalde gardsbruk frå heile landet. I 2022 var det med totalt 908 bruk, der 188 var frå Vestlandet; 129 frå Vestland fylke og 59 frå Møre og Romsdal. Det er ein auke i jordbruksinntekta for bruka på Vestlandet, det er også ein auke på landsbasis frå 2021 til 2022. Jordbruksinntekta er målt som vederlag til arbeid og eigenkapital. Det er stor variasjon mellom ulike produksjonar. Driftsformene mjølk, storfeslakt og sau hadde ein auke i jordbruksinntekta samanlikna med 2021. Det er nedgang i resultatet for frukt- og bærproduksjonen i 2022.

2023

Sammendrag

Rapporten viser det økonomiske resultatet for gårdsbruk i Trøndelag i 2021, og utviklingen i sentrale økonomiske nøkkeltall fra 2012 til 2021. For skogbruket viser rapporten resultater for et større geografisk område der også Helgeland og kommunene nord for Romsdalsfjorden er med. Resultatene er basert på gårdsbruk som har vært med i driftsgranskningene i disse regionene. I Trøndelag var det 140 gårdsbruk som var med i driftsgranskingene i 2021. Vederlaget til arbeid og egenkapital per årsverk ble på 389 000 kroner i gjennomsnitt for alle bruk i Trøndelag i 2021, noe som var en økning på 99 000 kroner. For landet var vederlaget til arbeid og egenkapital per årsverk 403 100 kroner, en økning på 75 300 kroner fra 2020. Skogbruksgranskingene omfatter 20 bruk og fikk et resultat på 102 kroner per m3 virke omsatt.

Sammendrag

Ei oversikt over utviklinga i landbruket dei siste 10 åra i fylka Vestland og Møre og Romsdal vert presentert. Driftsgranskingane i jord- og skogbruk er ei årleg rekneskapsundersøking blant tilfeldig utvalde gardsbruk frå heile landet. I 2021 var det med totalt 916 bruk, der 184 var frå Vestlandet; 125 frå Vestland fylke og 59 frå Møre og Romsdal. Det er ein stor auke i jordbruksinntekta for bruka på Vestlandet, det er også ein auke på landsbasis frå 2020 til 2021. Jordbruksinntekta er her målt som vederlag til arbeid og eigenkapital.

Sammendrag

Landbruks- og matdepartementet har bedt NIBIO belyse hvordan kostnader varierer mellom bruk med ulikt driftsomfang og mellom bruk med samme driftsomfang. Driftsgranskinger i jord- og skogbruk er et representativt utvalg på omtrent 920 bruk og er datagrunnlag for analysen i utredningen. NIBIO legger fram resultatene i form av figurer og tabeller, samt en kortere drøfting av disse. Metoden som er brukt, er punkt-diagrammer som viser kostnader per dekar/dyr og tabeller med gjennomsnittstall. Fullstendig sammendrag i rapporten.

Sammendrag

Rapporten tar for seg viktige økonomiske utviklingstrekk for gårdsbruk i Nord-Norge. Tallgrunnlaget er basert på 109 driftsregnskap for 2021 fra gårdsbruk i landsdelen som var med i NIBIOs årlige «Driftsgranskinger i jord- og skogbruk». Gjennomsnittsbruket økte lønnsomheten med 20 prosent. Vederlag for alt arbeid og egenkapital per årsverk var i gjennomsnitt kr 405 400.

Sammendrag

Dyrking av konsumeple har lang tradisjon i Hardanger. Etterspørsel etter industrieple (presseple) har auka mykje dei siste åra grunna stor lokal satsing på saft og sider. Merkevara Hardangersider krev at epla er dyrka i Hardanger, og produksjonen av presseple er for låg i år med svak avling. I prosjektet er det laga ei oversikt over areal og volum av eple og prognosar for produksjon fram i tid og samanlikna med prognosert behov. Prognosane for sal av eple til ulike marknader er 4 600 tonn eple til konsum og 4 000 tonn til industri i 2030. Det er ein vesentleg auke frå det som er produsert dei siste åra i regionen. Økonomien i fruktdyrking har vore god dei siste åra samanlikna med mange andre produksjonar i landbruket. Kalkylar laga i prosjektet viser at det er mest lønsamt å dyrke eple til konsum. Økonomien i siderproduksjonen varierer mellom produsentane. Kalkylar viser at det er mest lønsamt å selje sider direkte til forbrukar frå gard, men det er avgrensa volum ein får omsett, og meir arbeidskrevjande med gardssal. Prosess og dialog har vore ein viktig del av prosjektet. Det har vore arrangert 3 møte i samband med prosjektet. Representantar frå dei ulike eplenæringane deltok på møta, og motsetnadene mellom dei ulike eplenæringane kom tydeleg fram. Det var nyttig dialog mellom aktørane, og det var semje om at ein ny avtale mellom sidernæringa og fruktlagera var ønskeleg.