Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2002

Sammendrag

I åra 1995 til 1996 vart det i alt lagt ut 28 forsøksfelt med fire sortar av engrapp (Poa pratensis L.) ved Planteforsk-einingane Kvithamar og Vågønes og i forsøksringar i store delar av landet. Målet med granskinga var å klarleggje dyrkingsområdet og dyrkingspotensialet for denne arten. Som målestokkar var det med tre mykje brukte sortar av engsvingel (Festuca pratensis Huds.), fleirårig raigras (Lolium perenne L.) og hundegras (Dactylis glomerata L.). Forsøksfelta vart anten slått 2-3 gonger (slåtteregime) eller 4-5 gonger (beiteregime). Sortane av engrapp hadde like god, eller betre, dekking om våren i alle forsøksåra i høve til målestokksortane av engsvingel og hundegras. "Tove" fleirårig raigras hadde klart dårlegare dekking enn dei andre sortane, og også mindre avling, med unnatak av første året. Der det vart hausta til slått gav engsvingel og hundegras klart større tørrstoffavling enn engrapp i dei to første åra, seinare var det ingen sikre skilnader. På felt med simulert beiting var produksjonen av engrapp like stor som for engsvingel og hundegras. I middel for alle felt var det ingen avlingsskilnader mellom engrappsortane, unntatt i fjerde året med simulert beiting, då "Balin" var noko dårlegare enn dei andre. Sterk gjødsling påverka ikkje prosent dekking av planter om våren i høve til moderat gjødsling. Avlingsutslaga for sterk gjødsling var statistisk sikre i andre slåtten, med unnatak av fjerde engår. Ved simulert beiting var det stort sett sikker avlingsauke etter sterkaste gjødsling ved dei fire første haustingane. Det var mest ingen sikre skilnader i nokon av fôrkvalitetsparametrane mellom dei fire sortane av engrapp. "Tove" raigras skilde seg ut ved klart lågare fiberinnhald (NDF), høgare innhald av vassløyselege karbohydrat (sukker), høgare meltegrad og høgare fôreiningskonsentrasjon enn dei andre artane. Ved 2-3 slåttar vart ikkje fôrkvaliteten påverka av sterk gjødsling, med unnatak av at innhaldet av råprotein auka med 1,3-2,2 prosenteiningar. Auke frå moderat til sterk gjødsling ved simulert beiting gav lågare sukkerinnhald og høgare oskeinnhald og innhaldet av råprotein auka med 1,1 til 2,2 prosenteiningar i første til tredje hausting.

Sammendrag

An investigation was carried out as to whether green fodder crops and dicotyledonous weeds may contribute to more balanced diets for ruminants, according to Co, Cu, and Mo, than perennial grasses do. Vicia faba was found useful for diets otherwise low in Co or with a high Cu:Mo ratio. To increase the Cu:Mo ratio Lolium multiflorum and Raphanus sativus were the most appropriate species.

Sammendrag

Både helsa og ytinga hjå drøvtyggjarane er avhengig av ei høg nok, men samtidig balansert forsyning av sporelementa kobolt (Co), kopar (Cu) og molybden (Mo). Tidlegare studiar har synt at forsyninga av kobolt frå vanleg grovfôr kan vere mangelfull langs kysten av Noreg, medan det ofte er knapt med Cu og i høve til Mo. Det er også funne at innhaldet er forskjellig i gras og kløver frå same enga. Ein ønskte difor å undersøkje om ein ved å dyrke andre vekstar kunne oppnå ei meir balansert forsyning av dei aktuelle sporelementa i grovfôrrasjonen. Resultat frå tre feltstudiar der  ein undersøkte innhaldet av sporelementa i vanleg grovfôr, ulike grønfôrvekstar og engugras er presentert. Fôrvikke og italiensk raigras såg ut til å kunne bøte på mangelfull Co-forsyning i noko mon. Italiensk raigras vil dessutan kunne auke eit lågt Cu:Mo-forhold i rasjonen. Studiane stadfesta også langt på veg eit høgare opptak av Mo i høve til Cu i belgvekstar samanlikna med gras. Likevel kan verken belgvekstar, andre grønfôrvekstar eller ugras kan rette opp ei svært mangelfull eller skeiv forsyning av desse sporstoffa.

Sammendrag

Fjellkvann (Angelica archangelica ssp. archangelica L.) fra 12 frøparti ble sådd ved Planteforsk Apelsvoll forskingssenter avd. Kise i 2000. Det ble registrert bladavling, rotavling og frøavling. Bladene ble analysert for tørrstoff, P, Mg, Ca, K, Na, S og vitamin C. Konsentrasjonen av eterisk olje i røttene ble bestemt etter destillasjon. Oljen ble analysert og sammensetningen bestemt. Resultatene viser tydelige forskjeller mellom frøpartiene. Rapporten inneholder adresse til frøleverandørene. I del to ble det produsert kvann etter såing og oppaling i bed på friland, for senere utplanting på dyrkingsfelt. Betydningen av størrelsen på småplantene ble undersøkt, og det ble plantet enkeltplanter eller i grupper. Formålet var å produsere kvann på en enkelt måte. Tredje del i undersøkelsen ble gjennomført for å klarlegge hvilke perioder i vekstsesongen det kan være aktuelt å dekke kvannplantene med fiberduk. Formålet kan være vern mot skadeinnsekt og/eller for å påvirke veksten.

Sammendrag

Det vert gjort greie for kvitkløveren sine eigenskapar som beitevekst og opplegget for beitestudiar ved Mære landbruksskole og Øksnevad vidaregåande skule sommaren 2001. Ein ønskte med desse studiane å undersøkje opptaket av kvitkløver i høve til gras. Vidare vert det diskutert moglege årsaker til at dyra i somme situasjonar kan ha eit beitemønster som gjer at opptaket av kvitkløver vert lågare enn det internasjonale erfaringar tilseier.

Sammendrag

Nitrogenopptak på ugjødsla ruter i eng var avhengig av innhaldet av mineralsk N i jorda om våren, men ikkje av glødetapet. I middel auka opptaket av N i avling med 0,4-0,5 kg pr. kg auke i mineralsk N i jorda. Korreksjon av tilrådd gjødslilng i gjødslingsplanar (utarbeidd av forsøksringar) ved bruk av N-opptak på ugjødsla ruter gav ingen effektar på avling og kvalitet, men ein sparte i middel 0,6-0,8 kg N/daa ved to haustingar. Flat avlingskurve gav få sikre avlingsutslag i enkeltforsøk i eit vidt område rundt normale nivå. Miljøeffekten av redusert gjødsling blir stor når tilført N-mengd er mykje større enn bortføring av N i avlinga. Ei god vurdering av avlingsnivået i eng er derfor viktig for å få ei betre tilpassa gjødsling.

Sammendrag

Mjølkeproduksjon på beite er ei krevjande driftsform. For å lykkast vert det kravd god planlegging på førehand og nøye oppfølging og styring undervegs i beitesesongen. Planteforsk har utarbeidd enkle hjelpemiddel til planlegging og styring av beitinga. Dei viktigaste elementa i desse hjelpemidla vert presenterte. Det gjeld i første rekke eit reknearkbasert dataprogram for berekning av arealbehovet gjennom beitesesongen og enkle styringsreglar basert på grashøgde før og etter avbeiting. I dataprogrammet, som er under utvikling byggjer ein planlegginga på venta dagleg beitetilvekst i ulike periodar av beitesesongen, ønska beiteopptak og utnyttingsgrad av beita, samt endringar i næringsverdi av beitegrøda i dei same periodane. Det vert tilrådd å nytte Planteforsk sin grashøgdemålar saman med eit særskilt noteringshefte ved måling av grashøgda. Desse produkta er i sal hjå Planteforsk Kvithamar og TINE Norske Meierier.

Sammendrag

I åra 1995 til 1996 vart det i alt lagt ut 47 forsøksfelt med sortar av fleirårig raigras (Lolium perenne L.) ved Planteforsk-einingane Kvithamar og Vågønes og i forsøksringar i store delar av landet, med unnatak av Troms og Finnmark. Målet var å klarleggje dyrkingsområdet og dyrkingspotensialet for denne arten. Som målestokkar var det med tre mykje brukte sortar av engrapp (Poa pratensis L.), engsvingel (Festuca pratensis Huds.) og hundegras (Dactylis glomerata L.). Forsøksfelta vart anten slått 2-3 gonger (slåtteregime) eller 4-5 gonger (beiteregime). På felt til slått hadde sortane av fleirårig raigras klart dårlegare dekking om våren enn sortane av hundegras, engsvingel og engrapp i alle tre engår, men delen av sådd gras i første slått var like stor for raigras som for dei andre artane, med unnatak av det siste året. På felt med simulert beiting var også dekkinga av raigras dårlegare enn for dei andre artane, men skilnadene var langt mindre enn der det vart tatt to-tre slåttar. Hundegras og engsvingel gav større tørrstoffavling enn raigras på "slåttefelta". Der det vart hausta 4-5 gonger var avlinga av hundegras størst. Stor mengd N-gjødsel samanlikna med moderat gav dårlegare dekking av planter om våren både der det vart hausta til slått og til beiting. Avlingsutslaga for sterkare gjødsling var statistisk sikre i andre og tredje slått, med unntak for fjerde engår. Meiravlinga var relativt sett størst i tredje slått. Ved simulert beiting var det sikker avlingsauke etter sterkaste gjødsling ved dei fleste haustingane i første til tredje engår. Sortane av engsvingel, engrapp og hundegras hadde klart lågare innhald av vassløyselege karbohydrat og høgare innhald av NDF ved alle haustingar samanlikna med raigras. Sterk N- gjødsling reduserte innhaldet av vassløyselege karbohydrat med 1-2,5 prosenteiningar i høve til moderat gjødsling. Innhaldet av råprotein auka sikkert etter sterkaste gjødsling i første slåtten, medan meltegrad, fôreiningskonsentrasjon og innhald av fiber og oske var mindre påverka av gjødslinga.