Divisjon for matproduksjon og samfunn

FUTGRAZE - Mot ei framtid for utmarksbeitet

Sau på fjellbeite Foto: Yngve Rekdal/NIBIO
Aktiv SIST OPPDATERT: 12.08.2019
Slutt: des 2020
Start: jan 2018

Towards a Future for Common Grazing – rules, norms and cooperation in outlying grazing areas

Mot ei framtid for utmarksbeitet – om reglar, normer og samarbeid i utmarkas beiteområder

Start- og sluttdato 01.01.2018 - 31.12.2020
Prosjektleder Bjørn Egil Flø
Divisjon Divisjon for matproduksjon og samfunn
Avdeling Økonomi og samfunn
Finansieringskilde Hovedfinansiør er Matfondet, Forskningsmidlene for jordbruk og matindustri (FFL/JA) (https://www.landbruksdirektoratet.no/no/fou-midler/jordbruks-og-matforskning). Følgende deltakende aktører bidrar med 1/4 av prosjektets budsjett; Småbrukerlaget, Bondelaget, Norsk Sau og Geit, Statskog representert ved Fjellstyresambandet, TYR og Animalia.

MÅL:

Prosjektets hovudspørsmål er: Korleis tilpassar dei formelle og uformelle institusjonane - knytt til felles beiting i utmarka – seg dei miljømessige, politiske og økonomiske endringane over tid? Samt korleis påverkar desse endringane dei ulike brukarane sine generelle strategiar for samarbeid? Og meir spesifikt; korleis påverkar desse endringane samarbeidet mellom beitebrukarane innanfor dei ulike beiteområda?

Prosjektet vil undersøke

  • noverande ordningar for forvalting, styring og drift i norske beiteområder
  • korleis beiting og samarbeid mellom beitebrukarar er påverka av endringar i arealbruk samt strukturelle endringar som har medført betydeleg reduksjon i talet på beitebrukarar i enkelte områder og auka asymmetri i flokkstorleik i andre
  • korleis beitelag som er ulikt organisert løyser ulike utfordringar, anten det er interessemotsetnadar mellom beitebrukarane eller mellom beitebrukarar og andre brukarar av utmarka.

Prosjektet vil identifisere «beste praksis» og skissere gode måtar å forvalte, styre og drifte beiteområda våre på og foreslå konkrete ordningar for handtering av ulike interessemotsetnadar.

SAMANDRAG:

I takt med omfattande strukturendringar i jordbruket, auka arealpress og kommersialisering av utmarka, har forvaltinga av beiteområda blitt meir komplisert. I enkelte beiteområder har kompleksiteten ført til eit konfliktnivå som har vekst seg så stort at fleire bønder no ikkje held ut den sosiale slitasjen det inneber å halde fram i næringa. Bønder fortel om ei gradvis svekking av samarbeidet, både mellom beitebrukarar og mellom beitebrukarar og andre brukarar av utmarka. Hyttebygging, kraft- og industriutvikling, kommersialisering av jakt og andre fritidsaktivitetar har alt medført eit betydeleg auka press på utmarksareala. I enkelte områder har det ført til ei utvikling som gradvis også har redusert talet på beitedyr, mindre utnytting av beiteressursane og dermed også auka gjengroing og redusert beitekvalitet med påfølgjande tap av biologisk mangfald som resultat. I andre områder igjen fortel bøndene om eit beitetrykk som er altfor høgt i høve til ressursgrunnlaget. Her har enkeltbrukarar vekst seg store og slepp i dag flokkar tilsvarande mange gongar den gjennomsnittlege storleiken i området, med det resultat at mindre flokkar vert skyvde ut i randsonene og vert gåande i områder der beiteressursane er meir marginale. Nye beitebrukarar med nye typar beitedyr og ny beitepraksis har også kome til og somme stadar medfører også det betydelege utfordringar.

Men det er store variasjonar i ulike beitelag sine evner til å handtere utfordringane. For samstundes, i andre områder, har beitelaga greidd å handtere kompleksiteten trass tildels store utfordringar, somtid større enn i områder der samarbeidet har stranda.

Gjennom å studere ulike beiteområder med ulik organisering og ulike typar eigarskap vil prosjektet identifisere «beste praksis» og krystallisere alternative måtar å organisere, drifte og forvalte beiteområder på, med føremål om å medverke til å redusere konfliktnivået mellom beitebrukarane så vel som mellom beite og anna bruk av utmarka for å sikre betre utnytting av beiteressursane i den norske utmarka.

Bjørn Egil Flø presenterer prosjektet i videoen over. Video/redigering: Jon Schärer/NIBIO

I juni 2019 arrangerte FUTGRAZE en workshop for alle partnerene og prosjektmedarbeiderne i samarbeid med sin britiske partner CCRI - Countryside and Community Research Institute ved University of Gloucestershire (www.ccri.ac.uk)  og prosjektet "Our Common Cause" - OCC.

Workshopen som fant sted i Lake District og Yorkshire Dale National Parks studerte utfordringene de britiske beitebrukerne står overfor og så disse i forhold til de utfordringene våre norske beitebrukere opplever. 

Alle partnerene, nasjonale som internasjonale og alle prosjektmedarbeiderne var inviterte til å delta. Tilsammen var mer enn 20 personer med på fem lærerike dager.

Fra NIBIO deltok Bjørn Egil Flø, Valborg Kvakkestad og Yngve Rekdal.  

Les mer om workshopen i lenken til venstre.